Hopp til innhold

På to år hadde SiO-direktør lønnsauke på 400.000

I fjor tente ho meir enn alle ministerane i Noreg.

SiO

MILLIONLØN: Alle studenter i Oslo og Akershus er med på å finansiere SiO, inkludert millionløna til administrerande direktør.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Det er meir lønnsomt å styre norsk studentvelferd enn å styre landet.

I fjor kunne administrerande direktør i Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO), Lisbeth Dyrberg, skilte med ei inntekt på 1,9 millioner kroner. Av desse kronene utgjer lønna frå SiO 1,7 millionar. Sidan 2013 har lønna auka med 400.000 kroner, melder studentavisa Universitas.

Studentane som studerer i Oslo og Akershus er hovudinntektskjelda for SiO. Dette er dei gjennom semesteravgifta og ulike tenester SiO tilbyr studentar, som til dømes treningssentre og kantiner.

Semesteravgifta har tidlegare vore på 550 kroner, men vart auka til 600 kroner i haust. På SiO sine nettsider står det: «Målet vårt er ikkje å ha eit økonomisk overskot, men å ha ein sunn økonomi som gjer at vi kan gi studentane eit best mogleg tilbod.»

Vellukka fusjon med OAS

NRK prøvde å få ein kommentar frå Lisbeth Dyrhaug, men sidan det er SiO sitt hovudstyre som fastsetter direktøren si løn, vart vi vidaresendt til Tone Vesterhus, styreleiar i SiO.

– SiO skal ha konkurransedyktige betingingar, men ikkje vere lønnsleiande og det er dette som ligg til grunn for vår vurdering av lønn til administrerande direktør. SiO er eit av Noregs 500 største selskap og omsetter for over ein milliard, og det medfører mykje ansvar og store krav.

– Er det ein spesiell grunn til at lønninga har auka slik den har gjort, frå 1,3 millioner til 1,7 millioner, på to år?

– Ein grunn til dette var at på dette tidspunktet hadde SiO gjennomført ein vellukka fusjon med OAS (Oslo- og Akershushøgskolenes Studentsamskipnad, journ. anm.), der porteføljen og følgeleg ansvaret hadde blitt betydeleg større.

Tener meir enn statsministeren

SiO hadde 580 tilsette i 2015. Snittlønna for kvinner var på 420 245 kroner, medan den for menn var på 460 539. Det vil seie at Dyrberg fekk meir enn tre gongar så høg årslønn som gjennomsnittsarbeidaren i same konsern.

Ho tener også meir enn samtlege av ministerane i Regjeringa, inkludert statsministeren Erna Solberg:

Laster innhold, vennligst vent..

– Kan skape avstand

Tor Grenness, professor emeritus ved Institutt for kommunikasjon og kultur, er ekspert på leiarlønningar. Han uttaler seg kritisk til Universitas om den høge lønninga:

– Det er vanlegvis relativt små skilnader mellom topp og botn når det gjeld leiarlønn og dei tilsette si lønn. Store skilnader i løn gjer at arbeidsgjevar og arbeidstakar kan slite med å få til noko saman.

Han understreker at den høge lønninga hennar kan skape avstand mellom leiar og tilsette. Grenness meiner ein då kan miste fellesskapet i konsernet.

– Alle er likeverdige, dette likeverdet kan forstyrrast dersom det er store skilnader mellom sjefen og dei tilsette si løn.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger