Hopp til innhold

Stortinget snur om busskort-skatt

Før stortingsvalet lova sju av åtte parti at dei ville gje skattefritak på busskort betalt av arbeidsgjevar. No har dei ombestemt seg.

Pendlere til Fornebu

Dersom arbeidsgiveren sponser månedskortet, må du fortsatt skatte av denne frynsegoden.

Foto: NRK

Før stortingsvalet i 2009 spurte initiativet Kollektivkampanjen alle dei politiske partia om kva dei ville gjere for kollektivtrafikken i denne stortingsperioden.

Alle partia unntatt Frp svara at dei ville gje skattefritak for kollektivkort betalt av arbeidsgjevar.

I dag blir du fordelsbeskatta ev dette frynsegodet. Derimot et gratis parkeringsplass på jobben skattefritt.

Kollektivkampanjen 2009

Dette svara partia på Kollektivkampanjen sine spørsmål før valet i 2009. Kollektivkampanjen er eit initiativ frå Fagforbundet, Yrkestrafikkforbundet, Transportarbeiderforbundet, Jernbaneforbundet, Naturvernforbundet og Natur og Ungdom.

Foto: Skjermdump fra Kollektivkampanjen.no

«Reality check» i Frp

No er det berre Venstre som held fast på standpunktet dei oppga i 2009. Frp har snudd, og er no for eit skattefritak. Før jul la dei to partia fram eit forslag i Stortinget om å fjerne skatten på månadskort betalt av arbeidsgjevar.

Christian Tybring-Gjedde

Christian Tybring-Gjedde (Frp) meiner det må positive tiltak til for å få folk til å velgje å reise kollektivt.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix
Gunvor Eldegard, Ap

Skattelette for arbeidsreiser treffer ikkje dei som treng det mest, sier Gunvor Eldegard (Ap). Ap har skifta meining sidan 2009.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX
Geir-Ketil Hansen

SV vil ikkje stemme for ein skattefordel på bussreiser, dersom ein ikkje samtidig skattelegg gratis parkering. – Det er viktigare for oss å bygge ut eit betre kollektivsystem, seier skattetalsmann i SV, Geir-Ketil Hansen.

Foto: Stortinget
Silje Lundberg

Natur og Ungdom-leiar Silje Lundberg er skuffa over politikarane, og mistenkjer at dei legg miljøtiltaka på hylla fordi det kostar pengar.

Foto: Jo Straube
Ketil Solvik-Olsen

Ketil Solvik-Olsen (Frp) trur det vil vere bra for busstilbodet om det blir skattefritak for busskort betalt av arbeidsgjevar.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

– For fire år sidan var diskusjonen annleis. Folketalet veks fort i byane, og det er begrensa kor mange bilar byane tåler, seier skattepolitisk talsmann i Frp, Christian Tybring-Gjedde.

– Har det vore ein «reality check» i Frp?

– Det kan du godt kalle det. Oslo veks fort, og skal folk komme seg på jobb, må fleire gå, sykle og reise kollektivt. Vi vil ha positive incitament for å få til det, seier Tybring-Gjedde.

Dette vart også foreslått i Stortinget i 2003. Den gongen var det Sp som kom med forslaget.

Treff ikkje dei fattigaste

Men trass i fagre løfte før valet, var det no berre Venstre som støtta Frp sitt forslag.

Arbeiderpartiet kunne danna eit fleirtal for forslaget, men dei har ombestemt seg sidan 2009.

– Skattelette for arbeidsreiser høyres tilforlateleg ut, men det treffer ikkje dei som treng det mest. Studentar og minstepensjonistar får ikkje nokon skattefordel, og lågtløna hjelpepleiarar vil neppe få noko busskort betalt av arbeidsgjevaren, seier Gunvor Eldegard (Ap) som var saksordførar for denne saka i Stortinget.

Ho spør seg óg om forslaget fører til at fleire vil reise kollektivt, eller om ein berre vil gje ein skattefordel til dei som allereie reiser med buss og tog.

– Når vi no har jobba litt med det, er det dette vi har kome fram til, seier Eldegard.

Vil ha skatt på parkering

SV vil ikkje stemme for ein skattefordel på bussreiser, dersom ein ikkje samtidig skattelegg gratis parkering.

– Det er ein viktig samanheng. I tillegg er det eit viktig prinsipp å betale skatt av dei godene ein får. Blir det for mange unntak, vil det undergrave skattesystemet, seier skattetalsmann i SV, Geir-Ketil Hansen.

Han trur at SV óg må diskutere om skattefritak er ei rett prioritering, slik Ap har gjort.

– Det viktigaste for oss er å bygge ut eit betre kollektivsystem. Kanskje burde vi heller bruke pengane der. Dette skal vi nok diskutere på landsmøtet, seier Hansen.

– For tungvint å velge miljøet

Natur og Ungdom (NU), som er ein av organisasjonane bak Kollektivkampanjen, er skuffa over stortingspolitikarane.

– Skattefritak er god miljøpolitikk som vil få fleire til å la bilen stå. Ved å ikkje gjere det, seier ein at det skal vere dyrt og tungvint å vere miljøvennleg, meiner NU-leiar Silje Lundberg.

Ho trur dette har blitt eit pengespørsmål for politikarane.

– Det har ein kostnad, men i det lange løp tjener vi på å få betre framkomelegheit, meiner Lundberg.

– Bra for busselskapa

Det trur også ein annan finanspolitiker frå Frp, Ketil Solvik-Olsen. Han peikar på at skattefritaket vil koste staten 1,8 milliardar, men at buss- og togselskapa samtidig vil tjene 2,1 milliardar.

– Folk må jo kjøpe månadskort for å få skattelette. For desse pengane kan busselskapa utvide tilbudet sitt og lage fleire ruter som også studentar og eldre kan bruke, seier Solvik-Olsen.

– Er det ikkje vel lettvint av Frp å berre gå inn for dei populære tiltaka, i staden for å sette grenser for bilbruken?

– Vi trur dette er eit langt betre verkemiddel, som gjer at vi kanskje kan unngå skattlegging av parkering og innsnevring av vegane. Regjeringa trur på pisk, men vi vil vise at gulrot kan fungere betre.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger