Hopp til innhold

Stortinget godkjente deler av det som ble til Nav-skandalen

I juni 2017 stramma Stortinget inn reglane for eksport av arbeidsavklaringspengar (AAP). Same månad sa Trygderetten ja til å ta med Nav-ytelser til utlandet.

Stortingssalen

STRAMMA INN: I 2017 stramma Høgre, Arbeidarpartiet og Framstegspartiet inn på reglane for å ta med seg arbeidsavklaringspengar til utlandet.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB Scanpix

Det var Høgre, Arbeidarpartiet og Framstegspartiet som sørgde for fleirtal i ei sak om å stramme inn moglegheita for å ta med arbeidsavklaringspengar til utlandet, skriv Klassekampen.

Før kunne Nav-kontora sjølv bestemme om folk fekk ta med ytingane ut av Noreg.

Etter vedtaket vart det innført ein maksgrense på fire veker i utlandet per år. Dessutan måtte alle få godkjent reisa på førehand av Nav.

Ifølgje Klassekampen gav Stortinget «godkjentstempel» til delar av det som no vert omtalt som Nav-skandalen.

– Politisk styrt

Trygderetten byrja i juni same år å praktisere at EØS-reglane stod over norsk folketrygdlov. Det var likevel vedtaket i Stortinget om innstramming som vart følgd av Nav og tingrettane i tida etterpå.

– Det viser jo berre kor politisk styrt dette har vore. Det er ikkje snakk om etatar som har opptredd fritt, seier professor Mads Andenæs ved Det juridiske fakultetet på Universitetet i Oslo.

Mads Andenæs

Jusprofessor Mads Andenæs

Foto: NRK

Andenæs meiner politikarane har sett bort frå den kunnskapen dei har om EØS-forordninga.

–Stortinget kan ikkje diktere

Hans Petter Graver, jurist og ekspert på forvaltningsrett, peikar likevel på at forvaltninga og tingrettane vanlegvis følgjer Stortingets tolking av ei lov.

Jussprofessor Hans Petter Graver

Jusprofessor Hans Petter Graver

Foto: Ingrid Tangstad Hatlevoll/NRK

EØS-reglane gjer det heile meir komplisert.

– Stortinget kan ikkje diktere korleis EØS-reglane skal vere. Etter norsk lov kan Stortinget seie at ei lov skal gjelde uavhengig av kva som følgjer av EØS-avtalen, men då må dei si det uttrykkeleg, og det har dei ikkje gjort her, seier Graver.

Nav-skandalen - arbeidsminister Anniken Hauglie

Arbeidsminister Anniken Hauglie er i hardt vêr etter at skandalen rundt Navs behandling av trygdemottakere blir opp rulla.

Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum

AKTUELT NÅ