Støre går til åtak på KrFs veto på bioteknologi

Tradisjonen tru dundra Ap-leiar Jonas Gahr Støre laus mot politikken til regjeringa i sin landsmøtetale. Også det ferske regjeringspartiet KrF fekk gjennomgå.

Ap-lederen anklager statsministeren for å ha gitt KrF vetorett i alle spørsmål om bioteknologi.

I dag starta Arbeidarpartiets landsmøte i Oslo Kongressenter.

Partileiar Jonas Gahr Støre gjekk i sin opningstale til frontalåtak mot høgresida på punkt etter punkt - arbeidsliv, skattepolitikk og å skape arbeidsplassar.

Han var så vidt innom metoo-debatten, før han rosa eige parti for å få likestillingspolitikken til å gå framover.

– Kor går høgreregjeringa? Den går bakover, sa Støre og retta blikket mot KrFs gjennomslag på abortlov og bioteknologi.

Han meiner gjennomslaga deira på nei til eggdonasjon og nei til tidleg ultralyd dreiar seg om å nekte kvinner informasjon over eigen kropp.

Jonas Gahr Støre

Partileiar Jonas Gahr Støre.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Nektast informasjon, nektast fridom, fordi dei kan komme til å ta val Høgre og KrF ikkje likar! Dette skjer i 2019, sa Støre, og retta seg mot statsminister Erna Solberg:

– Erna, om du absolutt skal tilbake til 60-tallet, sett på ei Beatles-plate. Eg tilrår «Yesterday», sa Ap-leiar Jonas Gahr Støre til latter frå eige parti.

Ap som «garantist» for å bestemme sjølv

Han heldt fram med å slå fast at Arbeidarpartiet er «garantisten for at kvinner skal få bestemme sjølv», til jubel og sterk applaus frå landsmøtesalen.

Overfor NRK seier Støre at han held Solberg ansvarleg for å ville endre abortlova.

– Det er ei svær sak å setje i spel. Det blei det mobilisert imot, og det var det viktig å seie frå om.

Samtidig går han mot fleire Ap-lags forslag om å utvide grensa for sjølvbestemt abort til veke 18. Eit lag tek også til orde for regulert surrogati.

– Eg er ikkje for å innføre surrogati og meiner at dagens abortlov er godt balansert, seier han.

– Du går til åtak på KrF-politikk på abort og bioteknologi – og kritiserer at Høgre har sleppt dei til. Stenger du døra for KrF framover?

– Eg angrip ikkje KrFs gjennomslag, eg meiner det er feil at dei i realiteten får eit veto på bioteknologilova på område som ville gi kvinner større fridom og helsevesenet større høve til å hjelpe.

Ser eit annleis KrF

– Held du framleis døra open for KrF?

– KrF har teke sitt val, og det får dei ta ansvar for. Men eg meiner framleis at visjonen Knut Arild Hareide trakk opp i fjor haust hadde mange spennande fellestrekk med det Ap ønskjer å arbeida for.

– Ser du eit anna KrF no enn under Knut Arild Hareide?

– Ja, det er eit KrF som er med å sikre fleirtal for Frp-politikk på ei lang rekke områder. Det er eit KrF eg ikkje kjente under Hareide, seier Støre.

KrF håper på innestemme om tvillingabort

Alle regjeringspartia reagerer på Støres tale, ifølgje NTB.

KrFs helsetalsmann, Geir J. Bekkevold, avviser at partiet er mot alle endringar i bioteknologilova, sjølv om dei er mot eggdonasjon.

– Når staten skal bidra til assistert befruktning, bør vi legge til rette for at barns beste blir teke vare på ved at barnet får høve til å bli kjent med å vekse opp med begge foreldre.

Han fryktar også at at det å innføre eggdonasjon vil opne døra for surrogati.

– Aps raseri mot KrF er ikkje overraskande, men eg skulle ønskje ein kunne bruke innstemme når ein kjem til så sensitive spørsmål som tvillingabort, seier Bekkevold om KrF gjennomslag for å endre abortlova når det kjem til fosterreduksjon.

Skuldar regjeringa for ulikskap

Støre hevda vidare i sin tale at regjeringas politikk fører til auka skilnadar.

– Det blir ikkje rydda opp i arbeidslivet. Erna Solberg kallar verkemidla for å avgrense innleie for sitt største nederlag, det viser godt skilnaden på hennar og min politikk, seier partileiaren til NRK.

I talen lanserte Støre «sterkare fellesskap» som slagord for kommunevalkampen.

Han starta i det personlege hjørnet med å fortelje om at familien ikkje strekk til for mora hans som sit på sjukeheim med demens. Det offentlege må til for å gjere ho trygg, seier Støre.

– Det er for mykje for oss. Det er eit anna fellesskap, eit større som trår til. Velferdstaten verkar.

Fellesskap og velferd gir også ein plass å høyre til, meiner Støre. Han slo eit slag for billegare skulefritidsordning, og gjekk til åtak på privatisering som ein «giftig blanding» med ein stram kommuneøkonomi.

Ap-leiaren raljerte også med korleis regjeringa har skjøtta justisvervet.

– Sånn styrer ein ikkje eit land!

Han meiner at Solberg utviser ein mangel på styring av justissektoren, med hyppig utskifting av justisministre og det Støre meiner er ein dårleg gjennomført politireform.

– Det er verkeleg å svikte som fellesskap.

– Til krig mot Stoltenberg

Bent Høie, helseminister og nestleiar i Høgre, uttalarat Støre høyrast ut som at han går til val mot Jens Stoltenberg når han vil ha ned bruken av midlertidige stillingar og kritiserer skattelette.

– Delen i midlertidig jobb var høgare då Støre sjølv sat i regjering. Han kritiserer skattelette som Arbeidarpartiet sjølv var med på å vedta, seier Høie.

Frp-leiar og finansminister Siv Jensen avviser at justissektoren er dårleg styrt og påpeikar at soningskøen er fjerna, at det er 2.800 fleire årsverk i politiet, og oppklaringsprosenten på seksuallovbrot har auka.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger