Hopp til innhold

Stoppa operasjon – flytta pasient

Då hjartekirurgane sto klare til å operere på Ullevål, vart operasjonane stoppa av avdelingsleiinga ved OUS. Hjartepasientane skulle bli flytta til Rikshospitalet. Men der måtte dei vente.

Otto Smiseth, klinikksjef ved hjarte- lunge og karklinikken på OUS

TOK TID: Otto Smiseth, klinikksjef ved hjarte-, lunge- og karklinikken på OUS seier flytting av pasientar var i beste hensikt.

Foto: Ketil Kern / NRK

Det har skjedd i tre tilfelle nyleg. Operasjonsklare hjartepasientar er blitt flytta den korte vegen mellom Oslo-sjukehusa sjølv om Ullevål-legane var klare for å operere.

To av dei døydde kort tid etter operasjonen på Rikshospitalet.

Vart flytta i narkose

Ein mann som var klargjort for operasjon på Ullevål var komen så langt at han låg i narkose. Då fekk kirurgen beskjed om å avbryte.

Ullevål Sjukehus

FLYTTA: Det var her på Ullevål sjukehus hjartepasientane skulle operere, men dei blei flytta til Rikshospitalet.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Mannen vart vekt opp frå narkose. Det var avgjort av avdelingsleiinga – som er felles for Ullevål og Rikshospitalet – at pasienten skulle bli flytta til Rikshospitalet.

LES OGSÅ: Varsler om ti dødsfall ved OUS

Men det gjekk ei heil veke før han kunne bli operert der. Kort tid etter operasjonen døydde mannen.

I eit anna tilfelle var eit team på Ullevål klar til å operere ei eldre kvinne. Også ho vart sendt vidare, men måtte vente i halvanna døgn på operasjon på Rikshospitalet. Dette trass i at ho trong straks hjelp – og Ullevål kunne ta operasjonane umiddelbart.

Også kvinna døydde kort tid etter operasjonen på Rikshospitalet.

Også i eit tredje tilfelle har Ullevål hatt kapasitet til å operere ein hjartepasient som er blitt flytta over til Rikshospitalet for å vente på operasjon.

LES OGSÅ: OUS må tilbakebetale 37 millioner

I ei uromelding NRK har sett, skriv Ullevål-legar at pasientane har blitt gradvis verre i ventetida og at det kan vere grunn til å tru at dette har medverka til behandlingsresultatet.

– Usemje mellom fagfolk

Klinikksjef Otto Smiseth ved hjarte-, lunge- og karklinikken på OUS er sjef for legar på både Rikshospitalet og Ullevål. Han uttaler seg ikkje om enkeltpasientane fordi dei pårørande ikkje har ønskt at sjukehuset skal uttale seg om sakene.

Pasientene ble gradvis verre i ventetiden. Det er grunn til å tro at dette kan ha medvirket til behandlingsresultatet.

Frå uromelding på OUS

Men han seier den generelle vurderinga som låg til grunn for flytting av pasientar, var at dei skal kome dit dei kunne få best behandling.

– Det tok noko lengre tid. Tidsfaktoren er sjølvsagt av betydning. Men det vart vurdert slik at fordelane ved å vere på den staden med høgast kompetanse var tungtvegande, seier Smiseth.

– Her var det usemje mellom fagfolk. Det vil det ofte vere, og særleg når ein er i endringsprosessar, held han fram.

Ingen tør å snakke

Medisinsk personell ved Ullevål som NRK har vore i kontakt med reagerer svært sterkt på det som skjedde i slutten av oktober og byrjinga av november, men ingen tør snakke offentleg av frykt for konsekvensane.

I den store fusjonsprosessen der sjukehusa har blitt til Oslo universitetssykehus (OUS), er fordeling av pasientar og arbeidsoppgåver eit av dei store konfliktområda. Ullevål-legane fryktar for rasering av sitt eige fagmiljø.

Like før dei tre hendingane kom det nemleg nye retningsliner for Thoraxkirurgisk avdeling i OUS. Det set grenser for kva kirurgane på Ullevål skal gjere.

Gorm Are Grammeltvedt

MÅ LÆRE: Avdelingsdirektør Gorm Are Grammeltvedt meiner OUS må bruke denne type hending til å lære for framtidig pasientbehandling.

Foto: Thomassen, Christian / NTB scanpix

Det mest komplekse og risikable skal til Rikshospitalet, der også leiinga sit. Det betyr at Ullevål-legar ikkje lenger skal utføre operasjonar dei har gjort mange gonger før.

Dei tre operasjonane som vart flytta var etter det NRK får vite slike operasjonar.

– Det er ein del av det som er hovudmålet med heile omstillingsprosessen i Oslo, å samle det kompliserte på færre hender for å skape endå tryggare kirurgi, seier klinikksjef Otto Smiseth til NRK.

Ikkje kritikk

OUS har sjølv meldt frå til politiet om saka med mannen som vart vekt frå narkose. Den er også undersøkt av Helsetilsynets utrykkingsgruppe.

Der konkluderer dei med at det ikkje er grunn til tilsynsmessig oppfølging. Men det som skjedde bør vere til lærdom for OUS, meiner tilsynet.

– Vår tilbakemelding er at OUS må bruke denne type hending til å lære for framtidig pasientbehandling, seier avdelingsdirektør Gorm Are Grammeltvedt.

– Det er for å unngå å påføre pasientane belastninga med å endre operasjonsstad og å få utsett operasjonen så kort tid før planlagt operasjon, seier han.

To ulike oppfatningar

På papiret er Ullevål og Rikshospitalet eitt. Men spør du på Rikshospitalet, er oppfatninga at det var riktig å sende hjartepasientane dit.

Snakkar du med nokon på Ullevål meiner dei sakene med flytting av pasientar viser at pasienttryggleiken er svekka.

Men den som er avhengig av livsbergande kirurgi, treng neppe ein krangel om kven som skal gjere kva.

AKTUELT NÅ