Hopp til innhold

Sprengd kapasitet på norske tog

Toget har blitt eit så populært framkomstmiddel at kapasiteten til NSB er på brestepunktet. Veksten er større og raskare enn venta, seier ein uroa konserndirektør.

Toget har blitt eit så populært framkomstmiddel at kapasiteten til NSB er på bristepunktet. I austlandsområdet åleine har NSB selt 1,2 millionar fleire togreiser i første kvartal i år, samanlikna med same periode i fjor.

NSB har selt 1,2 millionar fleire togreiser hittil i år, samanlikna med same periode i fjor. Konserndirektøren frir til politikarane og ber om hjelp til å gje togpassasjerane romslegare kår.

Geir Isaksen i NSB

Konserndirektøren i NSB, Geir Isaksen, er den første til å innrømma at kapasiteten på toga inn mot Oslo er sprengd.

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRK

– Det kjem til å bli frykteleg fullt her, seier NSB-sjefen i det morgontoget mot Oslo rullar inn på perrongen i Kolbotn.

Som svært mange andre reiser konserndirektør Geir Isaksen på skinner når han skal inn til hovudstaden. Stadig fleire nordmenn vel nemleg å ta toget for å koma seg frå A til Å.

I austlandsområdet åleine har NSB selt 1,2 millionar fleire togreiser i første kvartal i år, samanlikna med same periode i fjor.

Det svarar til ein auke på heile åtte prosent. I landet elles er auken på 1,5 prosent.

– Som sild i tønne

Togpassasjerar i morgonrushet

Bernt Torsteinsen er vand til å sitja tett på medpassasjerane når han tek toget.

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRK

– Ein står jo som sild i tønne, det opplever de jo sjølve her og no. I dag er det ikkje eingong så fullt som det plar vera, seier Bernt Torsteinsen om bord på toget frå Kolbotn på spørsmål om korleis det er å vera togpassasjer.

Fleire av dei reisande som NRK snakkar med fortel om tronge kår og etterlyser fleire vogner med meir plass.

NSB ser på auken som positiv, men likevel så stor at konsernet snart går tom for moglegheiter til å auka kapasiteten på eiga hand. Kort fortalt er det snart ikkje plass til fleire tog på norske skinner.

– Me skal ikkje vera uroa over at me får mange kundar, men når me ser kor fullt det er i toga, så er ikkje dette eit tilstrekkeleg godt tilbod.

NSB er uroa over kraftig vekst

– Eg er uroa for at veksten er større og raskare enn det me har lagt til grunn, seier konserndirektøren som utfordrar norske politikarar til å bidra for å utvida kapasiteten.

Posisjonen og opposisjonen er samde: Det er bra med fleire togreisande, men noko må gjerast med kapasiteten.

Anne Marit Bjørnflaten (Ap) og Knut Arild Hareide (KrF)

Anne Marit Bjørnflaten (Ap) og Knut Arild Hareide (KrF).

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRK

Kristeleg Folkeparti lovar pengar til hurtigtiltak. Arbeidarpartiet lovar å vurdera det.

– Det er ekstremt positivt at veldig mange vel å bruka dei miljøvenlege toga. Men me er nøydde til å gjera kortsiktige tiltak for å unngå den situasjonen me har i dag, seier KrF-leiar Knut Arild Hareide.

Av konkrete tiltak peikar han på fleire snuplassar og lengre tog, og full utbygging av Intercity innan 2026.

Lovar betring med ny ruteplan

– Klart me må sjå på om det er enda fleire ting me kan gjera for å auka kapasiteten på tog inn og ut av Oslo, uttalar Ap-politikar Anne Marit Bjørnflaten, første nestleiar i Transportkomiteen på Stortinget.

Regjeringa ser no på om det trengst enda fleire vendespor for å gje større plass til nye reisande, fortel Bjørnflaten.

– Folk vil forhåpentlegvis oppleva at det blir betre etter kvart som me fasar inn den nye ruteplanen. Det blir fleire tog, nye tog og hyppigare avgangar, lovar ho.

Før han stig av det tettpakka morgontoget i Oslo, passar også NSB-sjefen på å forsikra medpassasjerane om at det er lys i tunnelen:

– Me får fleire tog, det kjem no, seier konserndirektør Geir Isaksen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger