Hopp til innhold

Abdi Said (SV) om koronasmitte blant norsk-somaliarar: – Eg synest det er trist

Smittevernoverlegen i Oslo er og bekymra for auken i koronasjuke personar i Alna, Stovner og Gamle Oslo.

Abdi

MEINER TILTAKA MÅ TA HØGDE FOR TRENGSEL: SV-politikar og norsk-somaliske Abdi Said meiner politikarane må ta omsyn til kor trongt folk bur i enkelte bydelar når dei kjem med tiltak mot koronaviruset.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

– Eg synest det er trist. Det er ei utsett gruppe som bur tett innpå kvarandre. Så det er grunn til å vere bekymra.

Det seier SV-politikar og Norsk-somaliar Abdi Said.

Han har lenge uroa seg for koronasmitta i Oslo, spesielt blant den somaliske befolkninga i bydelane på austkanten.

I dag kom tala som viser at personar som er fødde i Somalia er hardast ramma av koronasmitte blant innvandrarar i Noreg.

Av dei 4655 personane som har fått påvist koronasmitte i Noreg skal 829 personar vere fødde utanfor Noreg.

201 skal vere fødde i Somalia, skriv FHI.

Dei understrekar at fordeling av melde tilfelle med covid-19 på kjønn, alder, smittestad og fødeland i stor grad er eit uttrykk for kor mange og kven ein testar.

– Vi ser likevel at det er nokre grupper som kan vere meir utsett, mellom anna innbyggarar fødd i Somalia, skriv Folkehelseinstituttet.

På FHI sin pressekonferanse onsdag ettermiddag svarte Avdelingsdirektør Line Vold følgjande på spørsmål om innvandrarar var overrepresentert i den nasjonale smittestatistikken:

– Det er ikkje nokon overrepresentasjon av personar som er født i utlandet i det talmaterialet vi har til no. Men vi følgjer nøye med på situasjonen, og legg stor vekt på å nå ut med informasjon på ulike språk i ulike kanalar.

Smittevernoverlegen er uroa

Smittevernoverlegen i hovudstaden, Tore Steen fortel om ei urovekkande auke i talet på smitta i bydelane Stovner, Gamle Oslo og Alna.

Han meiner ein av årsakene til dette kan vere at desse bydelane har fleire innvandrar.

– Vi ser altså at det er mindre smitte, i alle fall relativt mindre smitte blant etniske nordmenn og meir smitte blant innvandrarar, seier Steen.

Han fortel at det dei første vekene var mest smitte i vestlege bydelar, ein god del av det var folk som hadde vore på skiferie i Italia og Austerrike.

– Dei siste vekene har vi sett ei dreiing mot at det er meir ny smitte i bydelar med mange innvandrarar, seier Steen.

Han fortel vidare at spesielt mange norsksomaliarar har blitt sjuke av koronaviruset.

– Diverre er det sånn at blant innvandrarane så ser det ut til å vere ekstra mykje smitte blant somaliarar, seier Steen.

Smittevernoverlege i Oslo, Tore Steen.

BEKYMRA: Tore Steen, smittevernoverlege i Oslo, er bekymra for koronasmitte blant norsksomaliarar.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Meiner politikarar må ta høgde for butrengsla i områda

Abdi Said meiner det er viktig at politikarar som jobbar med tiltaka mot koronaviruset tar høgde for kor trongt folk bur i enkelte bydelar og ikkje minst språkbarrieren

Said har reagert på at kafear og viktige møteplassar på Grønland ikkje vart stengde tidlegare.

– Sjølv etter koronadødsfall i mange andre europeiske land kunne ein framleis sjå at grupper med somaliarar framleis samla seg i området her. Og kafeen her var open. Det var politiet som til slutt stengde han, seier Said.

Politiet bekreftar ovanfor NRK at dei sist fredag ringde to kafeeigarar på Grønland og råda dei til å stengje kafeane for det var stor smittefare blant somaliarar i Oslo.

Said meiner norsk-somaliarar sin kultur for å vere sosiale gjer dei særleg utsette for koronaviruset.

– Vi somaliarar er sosiale, vi snakkar, og bur tett saman og det er ikkje gunstig no som ein har eit virus som spreier seg så fort som det koronaviruset no gjer, seier han.

Norsk-somaliske Abdi Said har lenge uroet seg for smittetallene i oslo.

SOSIAL KULTUR: Norsk-somaliske Abdi Said har lenge uroa seg for smittetala i Oslo. – Vi somaliarar er sosiale, vi snakkar, og bur tett saman og det er ikkje gunstig no, seier han.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Fleire norsksomaliarar bur trongt

– For det første bur ein del somaliarar i store familiar og ganske trongt, seier Steen.

Dette er ein av årsakene smittevernoverlegen peiker på når NRK ber han forklare kvifor fleire norsksomaliarar har blitt sjuke.

– Er det mange som har vorte sjuke?

– Det er ein del som har blitt sjuke og blitt innlagt. Men så vidt eg kan sjå er det ingen somaliarar som er døde til no, svarar Steen.

Vidare fortel smittevernoverlegen at varierande norskkunnskapar kan vere ein del av forklaringa.

– Det gjer at nokon kanskje ikkje har fått med seg opplysningane myndigheitene har kome med, seier Steen.

Den tredje årsaka Steen peiker på handlar om somalisk kultur:

– I somalisk kultur er folk mykje nær kvarandre og bodskapen med sosial distansering kan derfor ha vore vanskelegare å forstå i den somaliske gruppa, seier smittevernoverlegen i Oslo.

Vil samarbeide med dei somaliske miljøa

Tore Steen, smittevernoverlege i Oslo peiker på to tiltak som han no ønskjer å innføre for å minske spreiinga av koronavirus i dei hardast råka bydelane på austkanten av hovudstaden.

Han meiner det er viktig at bydelane sjølve tilbyr ekstra individuell oppfølging til innvandrarar.

– Eg tenkjer det er ekstra viktig å gje ekstra mykje merksemd til innvandrarar som er i karantene og isolasjon for at dei skal forstå kva dei kan gjere og ikkje gjere, seier Steen.

Han meiner og at kommunen må samarbeide tettare med dei somaliske miljøa i hovudstaden for å få fram informasjon om koronaviruset til fleire.

– Det må vere meir spesifikk informasjon retta mot det somaliske miljøet. Då trur eg at det er viktig at ein brukar folk som er knytte til miljøet, slik som dei såkalla bydelsmødrene, som er ein god måte å nå ut til denne gruppa på, seier Steen.

Fleire svensksomaliarar døde i Sverige

I Sverige vart det i førre veke kjent at fleire av dei som døydde av korona var svensksomaliarar.

Ifølgje den svensksomaliske legeforeininga var det lite informasjon på somali då koronaviruset byrja å spreie seg. Mangelen på informasjon gjorde at fleire somaliarar heldt fram med å leve som før.

– I den somaliske kulturen er det viktig å omgåast, støtte og besøke kvarandre, spesielt når nokon er sjuke, sa styremedlem i den svenske legeforeininga Jihan Mohamed.

Her får du informasjon om koronaviruset på fleire språk

AKTUELT NÅ