Hopp til innhold

Slik skal dei ta bom-snyltarane

Snart skal Statens vegvesen og tollarane kunne nekta lastebilsjåførar som får gebyr for manglande bombrikke å køyra vidare før dei har gjort opp for seg. – Fysisk skal ein kunne bruka hjullås, seier samferdselsministeren.

vogntog Osestadbakken

Norske styresmakter går kvart år glipp av millioninntekter fordi utanlandske lastebilsjåførar ikkje betalar bompengar eller gebyr. Snart blir vegtrafikklova endra slik at Vegvesenet kan nekta førarar å køyra vidare før dei har betalt.

Foto: Geir Ingar Egeland / NRK

Ketil Solvik-Olsen

Ifølgje samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) skal det snart bli slutt på at utanlandske vogntog kan lura seg unna betaling av bompengar eller gebyr.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Den 1. januar i år blei det obligatorisk for tunge køyretøy, uansett nasjonalitet, å ha bompengebrikke i frontruta. Utan gyldig brikke, risikerer lastebilsjåførane eit gebyr på 8000 kroner.

NRK kunne i går fortelja at det likevel er «frivillig» for utanlandske lastebileigarar å betala for seg etter bompasseringar i Noreg.

Overfor utanlandske sjåførar som køyrer utan brikke, får gebyr og ikkje betalar, har styresmaktene nemleg få tvangsmiddel slik lovverket er i dag.

– Me har heile tida kjent til problemstillingane som NRK kastar lys over, difor har me jobba med lovendringar både om bombrikke og sanksjonar, skriv samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) i ein epost til NRK.

Skal stoppast med hjullås

Av dei 1400 lastebileigarane som har fått gebyr for ikkje å ha bombrikka i orden etter nyttår, er to av tre utanlandske.

Ei endring i vegtrafikklova som gir større sanksjonsmoglegheiter er no rett rundt hjørnet, ifølgje Solvik-Olsen.

I tillegg til politiet skal Statens vegvesen og Tollvesenet sine kontrollørar få makt til å kunne halda tilbake køyretøy til gebyr eller bot er betalt eller til føraren har stilt tilfredsstillande sikkerheit for betaling.

– Fysisk skal ein kunne bruka hjullås. Men det er også viktig at lovverket no vil tillata å halda tilbake i slike saker, meiner statsråden.

Per i dag er det berre politiet som har fullmakt til å halda tilbake eit køyretøy dersom sjåføren har fått bot – ikkje gebyr. Gjeldande lov omfattar dessutan ikkje lastebilførarar frå Danmark, Finland, Island og Sverige. Sanksjonsmetoden vil etter lovendringa kunne brukast mot alle lastebilførarar – uansett nasjonalitet.

– Kjem seint, men godt

Anette Trettebergstuen

Anette Trettebergstuen sit på Stortinget og er arbeids- og sosialpolitisk talskvinne i Arbeidarpartiet.

Foto: Arbeiderpartiet
Geir A. Moe

Geir A. Mo er administrerande direktør i Norges Lastebileier-Forbund (NLF).

– Me kjem sjølvsagt til på støtta det igjen. Det er på tide at ministeren leverer, seier Anette Trettebergstuen i Arbeidarpartiet, som føreslo ei liknande lovendring i Stortinget for eitt år sidan.

Også Norges Lastebileier-Forbund (NLF) helsar lovendringa velkomen, men synest det burde ha vore på plass for lenge sidan.

– Men dersom det blir følgt opp med kontrollar trur me det blir eit effektivt tiltak, sjølv om det truleg ikkje kjem på plass før neste vinter, seier administrerande direktør Geir A. Mo.

Lovforslaget skal opp til handsaming i Stortinget den 5. mars.

– Det blir vedteke i Stortinget i løpet av kort tid. Då har me dei verkemidla som fleire har etterlyst, seier samferdselsministeren.

AKTUELT NÅ