Hopp til innhold

Slik kan streiken råke deg

Akademikerne og Unio er tatt ut i streik. Det kan folk merke med lengre passkøar, forseinka etterforsking, eksamenstrøbbel, og manglande snøskredvarsel.

Streikende utenfor Landbruksdepartementet

STREIK: Unio og Akademikerne blei ikkje einige med staten i årets lønnsoppgjer. No går fleire tusen ut i streik.

Foto: Johanna Hauge / NRK

STREIK: Unio og Akademikerne blei ikkje einige med staten i årets lønnsoppgjer. No går fleire tusen ut i streik.

Foto: Johanna Hauge / NRK

I denne saka kan ein lese om ulike konsekvensar av streiken:

Riksmeklaren Mats Wilhelm Ruland kalla forhandlingane for noko av dei vanskelegaste han har vore med på.

Over 1200 tilsette er tatt ut i streik fredag morgon. Måndag blir det enda fleire.

Dei to fagforeiningane har medlemmar i mange ulike delar av den norske starten. Difor kan denne streiken påverke deg på ulikt vis.

Les også Unio og Akameikerne tatt ut i streik

Streik Akademikerne Unio

– Snøskredvarsla kan mangle heilt

Unio og Akademikerne er tatt ut i streik. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fredag tatt ut 295 tilsette i streik. Fleire blir tatt ut måndag.

Direktør i NVE Christine Kiste seier til NRK at dei sett overvaking- og varslingssystema på eit minimumsnivå for å førebygge skade på liv, helse og verdiar.

Streik NVE

Streikevakter utanfor NVE fredag.

Foto: Kristine Kjendalen / NRK

NVE er dei som mellom anna overvaker flaum og skred i Noreg.

– Snøskred- og isvarslinga er råka og innhaldet i varsla vil vere avgrensa eller mangle heilt. Flaum- og jordskredvarslinga vil gå føre seg tilnærma normalt, seier Kiste.

Men sidan det ikkje er så mykje snøskredvarsel for tida, er det hovudsakleg ymse saksbehandling, og støtte til kommunar i arealplanar som er råka av streiken.

Til TV 2 seier Kiste at dette vil kunne føre til forseinking i utbetaling av straumstøtte.

Passkøane og etterforsking kan ta lenger tid

Passkøane før sommarferien kan truleg bli lengre, etter at fleire saksbehandlarar i politiet er tatt ut i streik.

Det seier Frode Aarum, seksjonssjef i Politidirektoratet, til NRK.

– Då blir saksbehandlingstida lengre.

Han seier at også at mange påtalejuristar ved Oslo Politidistrikt er tatt ut i streik.

Akademikerne og Unio går i streik

Statsråd Karianne Tung saman med Riksmeklaren.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Det kan påverke etterforsking, hovudforhandlingar og varetektsfengslingar. Men vi veit ikkje nok om korleis dette blir enda.

Han seier det er viktig for dei å understreke at dei er opptekne av å vareta liv og helse, og dei derfor vil dei søke om unntak og dispensasjonar om det er nødvendig.

– Eit streikeuttak vil alltid forseinke behandling av sakene vi arbeider med. Derfor vil ta lenger tid med etterforsking av ein del saker.

I Oslo Politidistrikt blir det tatt ut totalt 371 streikande fredag og måndag frå Akademikerne og Unio.

– Varetektsfengslingar må sannsynlegvis bli utsett, og i verste konsekvens må også varetektsinnsette blir sloppe laus, seier Bjørn Rudningen Thune, som er streikande politiadvokat.

Streikeleder og politiadvokat Bjørn Rudningen Thune

Streikande politiadvokat Bjørn Rudningen Thune.

Foto: Johanna Hauge / NRK

Streikande politiadvokat Bjørn Rudningen Thune.

Foto: Johanna Hauge / NRK

Kan råke eksamen

– Dette vil kunne få konsekvensar for eksamen. Dei er jo avhengig av ein sensor. Kanskje spesielt munnleg eksamen. Det er ikkje mange som skal ut med det same, med det blir jo trappa opp etter kvart.

Det seier Sindre Heyerdal som er økonomikommentator i E24.

Les også Hundrevis tas ut i streik – kan påvirke eksamen

NTNU-streik-eksamen-studenter, Erik Aleksander Grieg, Louise Ramsli

På universitetet og høgskulane rundt om i landet er mange tilsette tatt ut i streik.

Rektor ved Universitet i Bergen Margareth Hagen, seier at dette vil påverke eksamen.

– Det er særleg sensur, eksamensavvikling og tilsettingsprosessar som vil bli råka.

Personvern og kriminaltekniske miljø

Også i Kripos er det tatt ut 158 tilsette i streik frå fredag av.

Kripos er dei som arbeida med organisert og alvorleg kriminalitet i Noreg.

– Dette uttaket er så stort at det vil få operative konsekvensar frå dag ein, seier Monika Skauli som er HR-sjef i Kripos.

Ho seier at streiken vil råke fleire deler av Kripos: påtale, personvern, kriminaltekniske miljø og Nasjonal cyberkrimsenter.

– Dersom det råker liv og helse vil vi vurdere å søke om dispensasjon.

STREIK: Økonomikommentator i E24 Sindre Heyerdahl forklarer hva streiken betyr

STREIK: Økonomikommentator i E24 Sindre Heyerdahl forklarer kva streiken betyr

Attest til hest og varer frå tredjeland

I Mattilsynet er 220 tilsette tatt ut i streik. Dei seier dei har fått fleire unntak innvilga for å kunne halde fram med kritiske oppgåver.

Men det vil påverke ein del av drifta likevel:

  • Redusert kapasitet for å gi ut eksportattestar til sjømat og anna mat.
  • Også attestar til eksport av landbruksmaskiner blir forseinka.
  • Det same gjeld attestar som trengst for å reise med hest.
  • Redusert kapasitet for behandling av grensekontrollpliktige varer frå tredjeland.

RETTING: I ein tidlegare versjon av saka sto det at 3500 tilsette blei tatt ut i streik fredag. Dette er feil. Det som er riktig er at det totalt blir tatt ut 3500 tilsette i streik på måndag.

AKTUELT NÅ