Hopp til innhold

Skyhøge hotellprisar over heile landet: – Forstår at folk blir snurt

Prisane på norske hotellrom har auka kraftig i sommar, trass i at færre har bestilt overnatting. I éin by har prisane auka med meir enn 30 prosent på eitt år.

Clarion Hotel Ernst i Kristiansand

Kristiansand er blant dei dyraste byane å bu på hotell i denne sommaren, ifølge hotellrådgjevar Peter Wiederstrøm.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

I år som i fjor oppfordrar myndigheitene til å legge ferieplanane til Noreg, noko mange har gjort.

Men skal du overnatte på hotell på dei populære feriestadane, må du kjapt ut med meir enn du kanskje hadde trudd.

Tal frå dei ti første dagane i juli viser ein prisauke på over 20 prosent for hotellrom fleire stadar i Noreg. På same tid har talet utleigde rom gått ned, fortel hotellrådgjevar Peter Wiederstrøm til NRK.

Bransjen har tapt mykje pengar gjennom pandemien. Eg kan forstå at folk blir snurt når dei må betale høge prisar, men det er viktig å tenke på at hotella skal overleve heile året, seier Wiederstrøm.

– Kan ikkje leve av nordmenn på ferie

Peter Wiederstrøm

Hotellrådgjevar Peter Wiederstrøm i Wiederstrøm Hotel Consulting. Selskapet jobbar med hotelleigedom og hotelldrift.

Foto: Privat

Han har analysert tal frå Benchmarking Alliance, der norske hotell med til saman 60.000 rom rapporterer inn sin statistikk. Blant byane der prisane har auka over 20 prosent, er Stavanger, Trondheim, Lillehammer, Kristiansand og Bodø.

For Bodø sin del er det litt spesielt, meiner Wiederstrøm, då byen har meir kapasitet på grunn av to nyopna hotell. Belegget, altså talet rom som er utleigde, har sokke frå 88 til 70 prosent.

I praksis er det fleire rom å få tak i, men dei kostar meir.

– At dei no tar seg godt betalt når mange vil reise til ein stad er viktig å ha forståing for, seier Wiederstrøm og poengterer:

– Men det er også viktig at hotella leverer kvalitet i tråd med pris.

Bystranda

Medan hotellbelegget i Kristiansand var på nær 94 prosent på same periode i juli i fjor, er det i år på 71 prosent.

Foto: Nina Kristiin Vraa / NRK

Normalt er det slik at jo høgare belegg, altså jo fleire rom som er utleigde, jo høgare blir prisane. Så om prisen er høg, er gjestetilstrøyminga stor, seier Wiederstrøm.

– Hotellbransjen har hatt vanvettig tøffe tilstandar gjennom pandemien. Bransjen er ikkje redda og krisa er ikkje over sjølv om hotella no får ein del gjestar. I den store samanhengen er dette berre eit lite blaff, hotella kan ikkje leve av nordmenn på ferie.

Hotellbransjen er avhengig av at kurs-, konferanse- og forretningsaktiviteten tar seg opp, seier han.

– Bergen og Oslo for eksempel fyller berre opp halvparten av romma no, så hausten blir verkeleg avgjerande, fortel Wiederstrøm.

Synest prisen er høg

Kristiansand er blant byane der prisen på hotellromma har auka mest. Prisane no i juli er over 30 prosent dyrare enn på same tid i fjor.

Dan Hjortseth og familien frå Tønsberg blant dei som er sommarferie i sørlandsbyen. Allereie i april booka dei rom på Clarion Hotell Ernst i Kristiansand sentrum. Dei betalte 2700 kroner natta.

– Eg synest prisen for hotellrommet er høg, og det går jo i tillegg meir pengar per døgn når ein er på sørlandsferie. Ein skal jo gjere litt anna enn å sove, seier Dan Hjortseth.

Dan Hjorteseth, saman med barna Vilma og Edvart, er på sommarferie i Kristiansand.

Dan Hjorteseth, saman med barna Vilma og Edvart, har reist til Kristiansand på sommarferie.

Foto: Eirik Rognaldsen / NRK

Sjølv om det er dyrt er det verdt pengane, innrømmer han. Skulle familien booka familierom denne veka måtte dei ha betalt 3281 kroner via hotellets eigen nettside.

Billigare i New York

Viss ein familie på fire vil bu fire netter på hotell i Kristiansand i slutten av juli, vil det koste mellom 10.000 og 16.000 kroner. Til samanlikning får ein hotell rett ved Times Square i New York til 7.189 kroner, eller midt i Venezia til 6.081 kroner.

Kristofer Eastwood er hotelldirektør på Clarion Hotell Ernst. Han forklarar dei høge prisane med at Kristiansand er ein populær destinasjon.

– Etterspurnaden driv prisane opp. Vi har så å seie hatt 100 prosent belegg på hotellet frå førre fredag, og vi har det også dei to neste vekene, seier Eastwood.

Hotellet er stort sett er fullt i heile fellesferien, opplyser hotelldirektøren.

Clarion Hotel Ernst i Kristiansand

Det er høgsesong for hotella i Kristiansand, mellom anna for Clarion Hotell Ernst.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

– Det er ei stor glede å drive i hotellbransjen på Sørlandet no. Eg håpar noregsferie er komen for å bli, og vi trur det vil vere ein attraktiv ferieform også i åra som kjem.

Nordmenn vil reise

Tal frå Avinors lufthamner viser at det kitlar i reiselysta til nordmenn for tida. I juni auka passasjertrafikken med 44 prosent for innanlandsreiser, og heile 72 prosent for utanlandsreiser, samanlikna med 2020.

Men mykje tyder på at innanlandsfavorittane Sørlandet og Nord-Noreg blir reisevinnarane også i år.

Bettina Flatland, kommunikasjonsdirektør i Nordic Choice Hotels.

Bettina Flatland i Nordic Choice Hotels seier dei opplever at folk bookar hotell rett før framkomst denne sommaren. Ho råder folk til å bestille i god tid.

Foto: Nordic Choice Hotels

– Generelt merkar vi høg etterspurnad på dei fleste av våre destinasjonar i Noreg, og spesielt langs kysten. Sørlandet er som vanleg ein feriefavoritt, og frå Drammen til Kristiansand ser vi eit høgt trykk gjennom heile sommaren, seier kommunikasjonsdirektør i Nordic Choice Hotels, Bettina Flatland.

Ho seier det er for tidleg å seie om etterspurnaden vil overgå fjoråret, men at alt tyder på at dette blir ein god sommar for norsk reiseliv.

Same feriefavorittar

Også hotellkjeda Scandic melder om same trend.

– Det er ingen tvil om at Lofoten og Sørlandet er populære reisemål også i år, med økt etterspurnad no i sommarmånadane, seier kommunikasjonsdirektør Tine Birkeland Westby, som legg til at prisane dei har er konkurransedyktige og speglar av etterspurnaden i marknaden.

Flyselskapet SAS melder om at innanlandsreisene i sommar er tilbake på 80 prosent av normalt nivå.

– Det er veldig populært å reise til dei nordlege delane av landet. Det er Bodø, Tromsø og Evenes som er populære for nordmenn no, seier pressesjef for SAS i Sverige, Freja Annamatz og legg til eit råd for dei som tenker seg ut av landet:

– Ein må framleis tenke på at det er spesielt å reise utanlands. Berekn god tid, sjekk alle lokale restriksjonar og at du har med all nødvendig dokumentasjon.

AKTUELT NÅ