Hopp til innhold

– Moglegheitene for viruset blir trongare og trongare

Vi lever alle i ei tøff tid for verda. Men det finst gode nyheiter om korona, minst sju.

Virus Outbreak New York

HÅP I EIN HUND: Sjukepleiar Brandon Biolsi er ein av mange som har jobba mange, mange timar med koronapasientar i New York. Så kom kjærasten på besøk med hunden hans i lunsjpausen.

Foto: Kathy Willens / AP

Immunologien: – Det blir trongare for viruset

Immunolog og professor ved UiO, Anne Spurkland, seier til NRK at immunforsvaret vårt stadig gjer det betre i kampen mot virusvariantane.

– Dess meir vi blir kjende med viruset, så vil immunforsvaret vårt tilpasse seg og lage betre og breiare antistoff, seier Spurkland.

Ho peikar likevel på at vi framleis veit for lite om korleis omikronviruset vil spreie seg og kva konsekvensar det vil få.

– Men frå eit immunologisk synspunkt så blir moglegheitene for viruset trongare og trongare.

Professor og immunolog Anne Spurkland ved Universitetet i Oslo.

Immunolog Anne Spurkland.

Foto: HEIDI KLOKK / NRK

Her er 100 prosent vaksinert med to dosar

I den indiske fjellregionen Himachal Pradesh er 100 prosent av innbyggjarane over 18 år no vaksinert med to dosar.

Dei var også den første indiske staten som nådde målet om full oppslutning om den første dosen.

Vaksinearbeidarane i Himachal Pradesh har blitt hylla for den store innsatsen dei har lagt ned.

The Wider Image: Doctors scale rockslides, invoke gods to vaccinate Himalayan villages

To legar på veg til ein landsby i indiske Himalaya med vaksinar.

Foto: ADNAN ABIDI / Reuters

Professor: – Omikron gir mindre alvorleg sjukdom

Sir John Bell er professor emeritus ved Oxford-universitetet og den britiske regjeringa sin rådgjevar innan biovitskap.

Han meiner at tal no syner at statistikken syner at sjølv om sjukehusinnleggingar aukar, ser sjukdomen ut til å vere mindre alvorleg.

– Færre menneske treng oksygen og liggetida er nede i tre dagar, skriv Bell på Twitter.

Paramedics unload a patient from the back of an ambulance parked outside the Royal London hospital in London on December 20, 2021. - UK Prime Minister Boris Johnson on Monday faced pressure to tighten coronavirus restrictions to prevent the spread of the Omicron variant, despite opposition to do so before Christmas. The UK reported 82,886 Covid-19 cases on Sunday as the new variant rages, with the highest number of infections in London. (Photo by Tolga Akmen / AFP)

Ambulansar fraktar mange pasientar til britiske sjukehus med covid-19.

Foto: TOLGA AKMEN / AFP

Forsking: – T-cellene dine kjenner igjen omikron

Forskarar frå Sør-Afrika, USA og Tyskland meiner at dei viktige T-cellene i blodet ditt kjenner igjen omikronvarianten.

T-celler er kvite blodlegeme som er viktige for immunforsvaret ditt.

Dei har forska både på vaksinerte og dei som har vore sjuke før. Funna er gledelege og syner at responsen frå T-cellene var svært god.

– Dette trass i at at omikron har betydeleg fleire mutasjonar, skriv forskarane.

Heile rapporten kan du lese her, den er førebels ikkje fagfellevurdert.

Lab technicians work on a process machine to produce CAR-T cells and RNA in the laboratory of French biopharmaceutical company Cellectis in Paris on September 23, 2021. - The human immune system has T lymphocytes to protect itself, which identify and destroy foreign cells. Cellectis develops CAR-T cells, or "chimeric antigen receptor T cells", a genetically engineered T cell for use in immunotherapy. The principle of the new and innovative class of therapy is to retrain the immune system to target a specific disease, such as cancer cells. Cellectis manufactures the RNA molecules in the Paris laboratory, which are then sent to a production site in the USA. After many more operations the RNA is turned into molecular scissors capable of cutting a fragment of DNA in T cells. (Photo by THOMAS COEX / AFP)

Forskarar jobbar intenst med å finne ut meir om omikronvarianten. Her frå eit forskingsinstitutt i Paris.

Foto: Thomas Coex / AFP

Betre forståing for forsking

Immunolog og professor Anne Spurkland meiner at det at forskarane har kommunisert så ope under pandemien, har gjort at folk flest forstår og aksepterer forskinga på korona betre.

– Folk sin aksept eller forståing for forsking har auka, folk har verkeleg sett verdien av forskarar. Etter kvart har folk starta å beherske dette teamet som gjer at dei har vore i stand til å diskutere og forstå kva som skjer, seier Spurkland til nettavisa Khrono.

Dr Monika C Brunner-Weinzierl

Dr. Monika C. Brunner-Weinzier jobbar med koronaforsking på universitetssjukehus i Magdeburg i Tyskland.

Foto: RONNY HARTMANN / AFP

WHO: Trur på framskritt

Verdas helseorganisasjon (WHO) meiner at det kan gå mot lysare tider når det gjeld koronaepidemien, så lenge mange blir vaksinert over heile verda.

– Vi kan få slutt på fasen med sjukehusinnleggingar og død, seier WHO-ekspert Mike Ryan.

WHO håpar 70 prosent av alle menneske er vaksinert innan midten 2022. Dei trur også på framskritt når det gjeld medisinsk behandling for dei som blir smitta og utviklar alvorleg sjukdom.

FILE PHOTO: Ryan, Executive Director of the WHO attends a news conference on the Ebola outbreak at the United Nations in Geneva

WHO-ekspert Mike Ryan er optimist.

Foto: Denis Balibouse / Reuters

Apoteka får fortgang på vaksineringa

Apotektilsette over heile Noreg er no klare til hjelpe med å få sett vaksinedosar. Apotekerforeningen meiner at apoteka skal klare å setje 100.000 vaksinedosar i veka.

– Vi ser også at det kjem personar som ikkje har tatt første dose til apoteka, og det er vi spesielt glade for, seier Hanne Andresen i Apotekerforeningen.

Apoteket i Gran på Hadeland sette åleine 152 dosar berre den første dagen med ordninga.

Vegard Røen får satt vaksine på apoteket av apoteker Annfrid Solbu.

Vegard Røen får sette oppfriskingsdosen på Apotek 1 Fannrem.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

AKTUELT NÅ