Hopp til innhold

Shane MacGowan er død

Musikaren Shane MacGowan sovna stille inn i natt. Berre dagar før hans aller største hit igjen strøymer ut til publikum over heile verda.

BRITAIN-ENTERTAINMENT-MUSIC-FEIS FESTIVAL

PÅ SCENA: Shane MacGowan var ein omtykt artist trass i sine store personlege utfordringar gjennom livet.

Foto: OLIVIA HARRIS / AFP

For folk flest var MacGowan aller mest kjend for låten «Fairytale of New York» saman med Kirsty MacColl.

Den tidlegare The Pogues-vokalisten har vore sjuk lenge og fans over heile verda har gått til sosiale medium for å ønske han det beste.

MacGowan døydde rundt klokka 03.30 natt til torsdag med kona og søstera ved si side. Han leid av sjukdomen akutt encefalitt.

Han blei fødd i Kent i England 25. desember i 1957 med irske foreldre og blei eit namn for heile verda først då han blei vokalist i bandet The Pogues på 80-talet.

Han var svært stolt av sitt irske opphav.

Shane MacGowan er død

Kona Victoria Mary Clarke formidla dødsbodskapen på Instagram torsdag.

Foto: Victoria Mary Clarke på Instagram

Hylla ektemannen

I 1987 kom han og Jem Finer ut med «Fairytale of New York» saman med Kirsty MacColl, ein song som stig på hitlistene verda over kvar desember.

Det til trass for at songen har eit temmeleg trist innhald og handlar om to lause fuglar og deira trøblete kjærleik i førjulstida.

Låten har blitt eit symbol på førjulstida for mange.

Kona Victoria Mary Clarke fortalde om dødsfallet på Instagram torsdag og skreiv minneord om mannen ho har vore gift med sidan 2018.

– Shane som alltid vil vere lyset eg held framfor meg og målet for draumane mine og kjærleiken ❤️ i livet mitt, skriv Clarke.

Slutta å drikke

Den britiske kulturjournalisten David Sillito skriv i ein kommentar på BBC om MacGowan og låtane som har blitt allemannseige.

– Ta «Fairytale of New York», det er eit meisterverk fordi det fangar den delen av jula andre julelåtar ignorerer. Det er ei feiring av dei dystre desemberdagane med grubling om feil som er gjort.

MacGowan sleit med rusproblem heilt frå han var eit barn. Det har blitt hevda at foreldra gav han Guiness-øl for å roe han. Seinare blei det både alkohol og narkotika.

I 2016 fortalde kona at han hadde slutta å drikke etter eit langt liv i rampelyset med dei utfordringane det fører med seg.

I could have been someone
Well so could anyone
You took my dreams from me
When I first found you
I kept them with me babe
I put them with my own
Can't make it all alone
I've built my dreams around you

Shane MacGowan, «Fairytale of New York»
Shane MacGowan

Shane MacGowan fotografert av NTB i 1994. Då hadde han fått sparken frå bandet sitt etter mangeårig rusmisbruk.

Foto: Peter Thursfield / NTB
FRANCE-MUSIC-FESTIVAL-POGUES

MacGowan fekk etter kvart kontroll på rusproblema og stilte på festivalar saman med dei andre i The Pogus. Her frå Frankrike i 2008.

Foto: FRED TANNEAU / AFP

Les også BBC sensurerer gammel juleklassiker igjen

Shane MacGowan

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger