Såg gjerningsmannen forlate velta bil

Augevitne såg mannen som stal ein ambulanse i Oslo, forlate ein bil som var innblanda i ei bilulukke like før ambulansen blei stolen.

Bilvelt

Bilen hamna på taket på ein gangveg like nedanfor Sinsenkrysset i Oslo.

Foto: Tipser

Kort tid før ein ambulanse blei stolen i Oslo, var gjerningsmannen truleg innblanda i ei bilulukke i det same området. Ein bil krasja og hamna på taket i ein park ved ei rundkøyring like nedanfor Sinsenkrysset.

Christopher Dambakk sat på jobb då han såg bilen som låg på taket utanfor.

– Ein mann kraup ut av bilen, tok med seg ein blå Ikea-pose og stakk av. Etter det strøyma det til med bilar, politi og ambulansar, seier han til NRK.

Han seier det vanlegvis er mange som går på gangvegen der bilen hamna.

– Det såg ut som om han hadde køyrt gjennom rundkøyringa nedanfor Sinsen-krysset i ganske stor fart, kome seg over hekken, snurra og hamna på taket på gangstien nedanfor, seier Dambakk.

– Eg fekk virkeleg panikk

Stal ambulanse

Politiet trur mannen som forlét bilen som låg på taket, seinare stal ein ambulanse som var tilkalla til staden. Mannen skal også ha sikta på vitner og politi med eit skytevåpen.

– Det starta med at ein ambulanse blei tilkalla til ei trafikkulukke. Det var ein bil som låg på taket. Kort tid etter blei ambulansen rana frå denne staden, seier operasjonsleiar Tor Grøttum til NRK.

Sinsen

Mannen som kraup ut av bilen som hadde velta, forlét åstaden med ein Ikea-pose.

Foto: NRK / NRK

Fleire personar blei treft av ambulansen. Bilen skal også ha køyrt på ei barnevogn og øydelagt eit skilt på vegen.

Ifølgje augevitne skal politiet ha skote mot bilen.

Ein 32 år gamal mann er arrestert for drapsforsøk. I tillegg er ei kvinne 25 år gamal kvinne også gripen.

Politiet seier dei ikkje har grunn til å tru at hendinga er terrorrelatert.

Var ein time i butikken

Etter det NRK erfarer var den 25 år gamle kvinna inne i Bogerud tekstil i éin time før ho vert pågrepen.

Det skal ha vore ein butikktilsatt som kontakta politiet om kvinna.

Bogerud tekstil vurderar no å stenge butikken for dagen av omsyn til dei tilsette.

Mange blei redde

Jakta på ambulansen gjorde at folk som var ute i gatene sprang for å kome seg unna. Solveig Lind var inne på eit bakeri då ho høyrde at det blei fyrt av skot ute på gata.

– Eg var i ferd med å skulle betale då det kom tre menn springande inn gjennom lokalet, før dei forsvann ut bakvegen. Eg høyrde det blei skote eit par gongar ute på gata, og at det var ganske nær, seier Lind til NRK.

Augevitnet Solveig Lind seier det var mange som var redde.

Ho søkte også tilflukt bak i butikken, og fekk ikkje med seg alt som hende ute på gata. Men ho er forferda over det som har skjedd.

– Det er forferdeleg at slikt skjer midt i Oslo, seier ho.

Ferda med ambulansen stoppa i husveggen på ein av bygardane på Torshov i Oslo. Ein av dei som bur der er Camilla Skorge. Ho underviste då ho fekk høyre kva som hende utanfor bustaden hennar.

– Det har vore ein stressande dag. Eg stod i klasserommet og underviste, då ein av elevane mine sa noko om terror. Og så såg eg bilde frå gata utan for der eg bur, og då blei eg veldig redd, seier ho til NRK.

Søkte tilflukt inne i butikken

Jan Strøm -Larsen var på jobb i kjøttbutikken Strøm-Larsen i Vogtsgate da han høyrde skot.

– Det virka kaotisk i starten. Folk som vart redde kom inn i butikken. Vi heldt oss inne.

Strøm-Larsen seier dei kjapt forstod alvoret.

– Norsk politi har jo ikkje for vane å losne skudd. Det var uverkeleg, sier Strøm-Larsen.

SISTE NYTT

Siste meldinger