Hopp til innhold

Russiske politikere med støtte til Snowden

Ein russisk toppolitikar støttar Edward Snowden og ein annan parlamentsmedlem meiner han bør få Nobels fredspris.

Snowden og russisk politiker

Den russiske toppolitikaren Sergej Narysjkin kjem med eit sterkt forsvar for varslaren Edward Snowden (t.v.).

Foto: The Guardian / AP

Leiaren for underhuset i den russiske nasjonalforsamlinga, Sergej Narysjkin var raskt ute med å støtte asylsøknaden til Edward Snowden, etter at han offentleggjorde søknaden under eit møte på flyplassen i Moskva i dag.

– Eg ser på Edward Snowden som ein menneskerettsforsvarar, som kjempar for rettane til millionar av menneske i heile verda, sa Narysjkin til den statlege nyheitskanalen Rossija-24 ifølgje NTB.

Narysjkin viser til at Snowden risikerer streng straff dersom han vert utlevert til USA.

– Me har ikkje rett til å la det skje. Så eg meiner Russland bør gi Snowden politisk asyl eller mellombels asyl, seier han.

Betre kandidat enn Obama

Eit anna parlamentsmedlem gjekk denne veka enda lenger i Snowden-støtta, og meinte han burde vere ein kandidat til Nobels fredspris.

– Eg er blant dei som ikkje meiner han bør bli utvist. Eg meiner Snowden er ein stor pasifist. Denne mannen har gjort meir for å fortene Nobels fredspris enn Barack Obama, seier Duma-politikaren Alexander Sidyakin ifølgje den statlege avisa Russia Beyond the Headlines.

Sidyakin har markert seg som ein av dei største Putin-kritikarane i det russiske parlamentet. Han har kritisert russiske styresmakter for å slå hardt ned på protestar, og har utrykt støtte til det kvinnelege punkbandet Pussy Riot.

– Forsvarar grunnlova

Eit medlem av presidenten sitt råd for menneskerettar, Kirill Kabanov, har liknande synspunkt.

– Motiva hans var ikkje materielle. Han har ikkje handla i konflikt med ideologien til USA. Han forsvarar sin eigen grunnlov og demokratiet i USA, sa Kabanov ifølgje Voice of Russia.

Dei russiske styresmaktene har kravd at Snowden må slutte å lekke informasjon som skadar USA dersom han skal få ein sjanse om å bli verande i Russland.

Sjølv om Snowden har søkt om asyl i ei rekkje latinamerikanske land kjem han seg ikkje dit no. På bakgrunn av dette ønskjer han å bli midlertidig verande i Russland.

AKTUELT NÅ