Hopp til innhold

Foxtrotnettverket registrert i seks politidistrikt i Noreg

Også andre svenske organiserte kriminelle gjer tenester for norske kriminelle i Noreg, seier Kripos-sjefen.

Kristin Kvigne, Kripos-sjef

MERKSAM: Kripos-sjef Kristin Kvigne understrekar at det ikkje er svenske tilstandar i Noreg, men at ein skal vere varsam med å tenkje at nettverka i Noreg ikkje er like farlege.

Foto: Daphne Steketee / NRK

– Situasjonen i Noreg er tilsvarande den i Sverige, med at vi har bakmenn som sit i utlandet og styrer den organiserte kriminaliteten derfrå i stor grad. Medan bakmennene i Sverige sit i Tyrkia, sit bakmennene våre i Marokko, seier Kripos-sjef Kristin Kvigne.

Dei har dobbelt statsborgarskap, og er derfor upågripelige for norsk politi, sjølv om dei er etterlyste internasjonalt, seier ho.

Politiet understrekar at det ikkje er svenske tilstandar i Noreg.

– Men ein skal vere varsam med å tenkje at nettverka som opererer i Noreg ikkje er like farlege, sjølv om det ikkje er like mykje valdeleg aktivitet her. Det kan tvert i mot bety at dei har ganske mykje betre kontroll på bakken i Noreg. Eg tenkjer at vi skal vere merksame på at desse miljøa også har eit valdspotensial, seier Kvigne.

Kvigne understrekar at politiet har ganske god kontroll på miljøa dei snakkar om.

– I Noreg har vi over tid vore flinke til å byggje opp etterretningsinformasjon knytt til kriminelle nettverk i landet. Vi har også høve til å setje inn spissa tiltak mot desse miljøa, seier Kvigne.

Foxtrot registrert i seks politidistrikt

Ho seier vidare at Kripos sidan 2018 har hatt fleire større straffesaker og etterforskingar mot desse miljøa.

– Og vi har fleire saker gåande no, og fleire som kjem over vinteren. Denne aktiviteten hjelper på å halde kontrollen, seier Kvigne.

Tidlegare denne veka stadfesta Kripos at Foxtrotnettverket opererer i Noreg.

– Vi har til no registrert aktivitetar frå personar med tilknyting til Foxtrotnettverket i seks politidistrikt, seier Kvigne.

Ho trekker fram kidnappingssaka i Trondheim i mars, og narkotikasaka i Tromsø i desember i fjor, som eksemplar på Foxtrotnettverkets aktivitetar i Noreg.

– Vi har også andre eksemplar der Foxtrot tilbyr sine tenester til norske kriminelle nettverk. Det er også andre svenske organiserte kriminelle som gjer tenester for norske kriminelle i Noreg. Vi må vere merksame på at terskelen for å etablere seg i Noreg blir lågare, seier Kvigne.

Rikssjef Anders Thornberg i det svenske politiet.

Anders Thornberg, rikssjef i det svenske politiet. Rikspolitiet i Sverige heldt i dag pressekonferanse om situasjonen i Sverige.

Foto: TT NEWS AGENCY / Reuters

Tek ingen omsyn

– Valdsbølger skakar landet vårt. Konflikten mellom grovt kriminelle har ført til at uskyldige har blitt drepen, skada, og fått øydelagt heimane sine. Det er ikkje éi grense som har blitt passert, det er fleire.

Det seier Anders Thornberg, rikssjef i det svenske politiet fredag. Valdsbølga i Sverige held fram. September var den dødelegaste månaden i Sverige på fire år.

Voldsbølgen i Sverige

Sverige har den siste tiden vært rammet av en voldsbølge, med flere skytinger og eksplosjoner. Bare i september er 12 personer drept. Flere hendelser knyttes til intern strid i den kriminelle gjengen Foxtrotnettverket, samt konflikten de har med den rivaliserende gjengen Dalennettverket. Tidslinjen har de siste hendelsene først.

Han seier at det framleis blir rekruttert unge personar til kriminelle nettverk, og at dei som blir rekruttert er stadig yngre.

– Det finst til og med born som sjølv kontaktar nettverka for å få drepe. Born og unge skal ikkje ville bli drapsmenn, seier Thornberg.

Thornberg seier at dei kriminelle tek ingen omsyn. Dei hyrer inn unge personar som får våpen og instruksjonar.

Eksplosjon Upsala

Bilete er frå ein eksplosjon i Uppsala der ei kvinne mista livet.

Foto: Anders Wiklund / TT/TT / NTB

– Det er ei omfattande og terror-liknande vald som vi aldri har sett før. Det er ein alvorleg trussel mot tryggleiken i landet:

– Diverre er det lite som tyder på at denne grove valda kjem til å gå raskt over. Vi trur det vil komme nye valdshendingar innan utviklinga tek ei anna retning.

Fleire oppklarte saker

Thornberg seier at dei arbeider intensivt for å arrestere dei kriminelle og følge dei rettsleg. Talet på saker som blir oppklart aukar markant, seier rikspolitisjefen.

– Så langt i år har vi tatt 300 personar, så mange har vi aldri tatt tidlegare. Kvar veke forhindrar vi mord, sprengingar, og beslaglegg narkotika, våpen og pengar.

Politiet i Stockholm har ei liste med om lag 150 adresser der dei fryktar det kan skje valdshendingar i framtida, ifølge SVT. Adressene er knytt til personar i kriminelle miljø.

Det har vært 12 drap i og rundt Stockholm den siste måneden. Selv om mye er usikkert, knytter politiet flere av dem til den pågående gjengkrigen i Sverige.

I Uppsala nord for Stockholm blir en kvinne i 60-årene drept 6. september. Hun var mor til et gjengmedlem.

Seks dager senere blir en 23 år gammel mann skutt og drept i samme område.

28. september dør en kvinne midt i 20-årene etter en kraftig eksplosjon i et villastrøk i Fullerö.

21. september blir en mann i 20-årene og en mann i 70-årene skutt og drept på en bar i Sandviken. To andre blir skadet.

I Stockholm skjer det fire drap på fem dager i midten av september: En tenåringsgutt, to menn i 20-årene og en mann på 39 dør.

27. september blir også en kjent, mannlig rapper i slutten av tenårene drept på Mälarhøgden sør i byen.

I Haninge sør for Stockholm blir en 13 år gammel gutt funnet skutt og drept 11. september.

27. september blir to personer skutt i nabobygda Jordbro. En av dem dør av skadene.

Riksadvokat Katarina Johansson Welin var også på pressekonferansen fredag.

– Vi er i ein veldig alvorleg situasjon, og det stiller store krav til påtalemakta som arbeider med gjengkriminalitet, seier Johansson.

Det svenske politiet har laga ein rapport saman med fleire, som dei skal levere til regjeringa måndag. Det er eit forslag til nasjonalt, regional og kommunalt samarbeid retta mot organisert kriminalitet blant unge.

Ikkje aktuelt å låne norsk politi

For tre veker sidan møttest dei nordiske polititoppane for å styrke samarbeidet mot organisert kriminalitet. Dei nordiske landa har eit felles regelverk, der dei kan låne politi seg i mellom.

Norsk og svensk politi forsterker samarbeidet mot organisert kriminalitet

Politidirektør Benedicte Bjørnland og den svenske rikspolitisjefen Anders Thornberg uttala seg om det forsterka samarbeidet mot organisert kriminalitet tidlegare i september.

Foto: Martin Solhaug Standal / NTB

– Når det gjeld store folkemengder og vald, har vi hatt medarbeidarar frå norsk og dansk politi som har samarbeida med svensk politi tidlegare. Vi kan gjere slike forsterkingar, men vi er ikkje der enno, seier Thornberg.

Politidirektør Benedicte Bjørnland sa til NRK i går at det ikkje er noko etterretning som tyder på at konflikten i Foxtrot-nettverket i nabolandet skal forplante seg til Noreg.

– Men vi har intensivert etterretningssamarbeidet med svensk politi.

AKTUELT NÅ