Hopp til innhold

Reiarlag nekta å betala millionbot. No må dei møta i historisk rettssak

Norsk selskap skal ha teke i mot fangst med verdi på over 800 millionar kroner utanfor kysten av Vest-Afrika. Utan at det vart rapportert. No må dei møta i retten.

Den tidlegare Austevoll-eigde båten Ocean Fresh skal ha teke i mot store mengder fisk utanfor kysten av Vest-Afrika. Måndag må eigarane møta i retten.

TOK I MOT FANGST: Det store skipet Ocean Fresh skal ha teke i mot store mengder fisk over ein periode på fire år, utan at det vart rapportert, meiner politiet. No må selskapet bak møta i retten.

Foto: Pierre Gleizes / Greenpeace

Måndag må det tidlegare Austevoll-reiarlaget Ocean Fresh Food møta i Hordaland tingrett. Dei eig produksjonsskipet «Ocean Fresh», som kan ta i mot og tilverka fisk som andre båtar har fiska.

Selskapet er tiltalt for å ha droppa rapporteringsplikta for fisk dei tok i mot utanfor kysten av Mauritania i Vest-Afrika. Dette skal ha gått føre seg over ein fireårsperiode, frå juni 2015 til februar 2018.

Politiet har gjeve dei eit førelegg på 10 millionar kroner, og bede om inndraging av fangst for heile 63 millionar kroner.

Men reiarlaget har nekta å betala førelegget, og saka skal difor opp i retten.

Både Bergens Tidende og Fiskeribladet har tidlegare omtalt saka.

Første gong i Noreg

Politiet legg vekt på at rapporteringsplikta er sentral for at Noreg skal kunne driva kontroll av fartøy som fører norsk flagg.

– Dette er så langt oss kjent første gong Noreg som flaggstad har sanksjonert mot eit norskregistrert fartøy for manglande oppfylling av rapporteringsplikter i norsk lov, medan det driv si verksemd i andre land sitt farvatn, sa politiadvokat Kathrine Kannelønning i Vest politidistrikt til Bergens Tidende før jul i fjor.

Ho er medaktor når saka startar. Aktor er statsadvokat Trond Høvik.

I alt er reiarlaget skulda for å ha teke i mot mellom 28 og 30.000 tonn fisk per år i åra dei ikkje skal ha rapportert. Fisken skal i all hovudsak vera sardinar, som vart prossesert ombord, og deretter selt vidare.

Samla skal dei ha omsett for over 800 millionar kroner gjennom dette salet, ifølgje politiet.

Dei meiner det er skjerpande at selskapet er ein profesjonell internasjonal aktør innan fiskeri og fiskeforedling. Vidare understrekar dei alvoret og lengda på det dei meiner er lovbrot.

Sardiner

I alt skal selskapet ha teke om bord over 100.000 tonn med fisk utanfor Mauritania i Vest-Afrika.

Foto: Wikimedia Commons

Ingen kommentar

Karl Gerard Mchugh møter for selskapet i retten. Han har site i styret sidan 2010 og overtok som styreleiar i 2021. Det irskregistrerte selskapet Atlantic Dawn har kjøpt opp majoriteten av aksjane.

Det er det irske morselskapet som er ansvarleg for rapporteringa av fangst, opplyste førre styreleiar Odd Karsten Østervold til lokalavisa Marsteinen i april. Han omtala då seg sjølv som vitne i saka.

– Eg ynskjer ikkje å kommentera saka før ho startar i retten, seier selskapet sin advokat, Kristoffer Larsen Rognvik.

NRK har ikkje lukkast med å få ein kommentar frå Mchugh.

Ved oppkjøpet i 2021 melde Ocean Fresh Food flytting frå Bekkjarvik i Austevoll i Vestland til Smøla i Møre og Romsdal.

Der eig Atlantic Dawn i tillegg det norskregistrert selskapet Atlantic Dawn Seafoods AS, med Mchugh som både styreleiar og dagleg leiar.

Den tidlegare Austevoll-eigde båten Ocean Fresh skal ha teke i mot store mengder fisk utanfor kysten av Vest-Afrika. Måndag må eigarane møta i retten.

Det skal vera fiska for over 200 millionar kroner i denne perioden.

Foto: Pierre Gleizes / Greenpeace

Utsett rettssak grunna sjukdom

Ocean Fresh Food fekk varsel om manglande rapportering i november 2017, og blei også meld til politiet av Fiskeridirektoratet same år. Rapporteringa kom på plass i februar 2018. Inndraginga av omsetninga på 63 millionar kroner gjeld perioden frå dei fekk varsel til dei fekk ordninga på plass.

Rettssaka skal vare i fire dagar. Ho skulle eigentleg gå i april i vår, men vart utsett då tidlegare styreleiar Odd Karsten Kakken Østervold og ein annan gründer i selskapet melde forfall grunna sjukdom, ifølge Fiskeribladet.

AKTUELT NÅ