Hopp til innhold

Regjeringa vil granske utanlandsadopsjonar

Men barne- og familieminister Kjersti Toppe mistenker ikkje at norskadopterte skal ha kome hit ulovleg. Det er fleire organisasjonar ueinig i.

Muntlig spørretime i Stortinget

GRANSKE: Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) vil granske utanlandsadopsjonar.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

I dei siste åra har fleire medium skreve om utanlandsadopterte som har opplevd å ha kome til Noreg på ulovleg vis.

I 2020 skreiv NRK om John Erik Arsheim som for over 30 år sidan vart kidnappa frå sine biologiske familie i Colombia og adoptert til Noreg.

I etterkant har Arsheim vorte kontakta av fleire som tvilar på adopsjonshistoria si.

No vil regjeringa granske adopsjonssystemet.

– Vi ser at det har vorte avdekt lovbrot i gjennomgangen til andre europeiske land og vi vil sikre oss at det ikkje har skjedd her. Difor vil vi ha ein gjennomgang av systemet for utanlandsadopsjon, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) til NRK.

Mistenker ikkje noko ulovleg

Toppe seier også at dei ikkje har haldepunkt for å mistenkje at norskadopterte skal ha kome hit på ulovleg vis.

Då må ho ha levd under ein stein, seier Angelica Bråten styreleiar i Utad – organisasjonen for utanlandsadopterte i Noreg.

Angelica Bråten

Angelica Bråten seier Utad fleire personar har teke kontakt med Utad og mistenker at dei er i Noreg på ulovleg grunnlag.

Foto: NRK

Bråten seier at det har vore såpass mange historier dekt i media om adopterte som har opplevd å ha kome hit ulovleg, at det er dristig å påstå.

Det meiner også Uma Feed. Ho er ein del av gruppa Norwegian koreanar Rights Group (NKRG), som jobbar med å undersøke i kva for grad utanlandsadopterte sine menneskeretta blir tekne vare på før, under og etter adopsjon.

Vi har fleire historier og saker som vi veit er ulovlege adopsjonar, seier Feed.

Les også Priyangika vil stanse alle utanlandsadopsjonar

Priyangika Samanthie protesterer på Sri Lanka

– Vi er skuffa

Det er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som får ansvaret for gjennomgangen. På den måten blir det i første omgang ei intern gransking.

Det reagerer Feed på.

– Vi er utruleg skuffa, seier ho og legg til:

Ei gransking kan ikkje gå føre seg internt. Korleis kan ein sjå internt på sitt eige system med kritiske auge?

NKRG vil ha ei gransking som ser på adoptivsystemet i eit livslaup. Både før, under og etter adopsjonen er fullført.

Vi vil veldig gjerne vere med på denne granskinga og ha innsyn. Det er eit krav vi kjem til å stille.

Uma Feed

Uma Feed seier at NKRG vil ha ei gransking som ser på adoptivsystemet før, under og etter adopsjon.

Foto: Astrid Walle

Toppe seier at denne interne granskinga er den beste måten å gjere det på.

– Når styresmaktene granskar styresmaktene, er det ikkje då ein viss fare for ein bukken og havresekken problematikk?

– Vi har vurdert at dette er den beste måten å gjere det på no. At ein gir direktoratet dette oppdraget og at dei går gjennom det på systemnivå, seier Toppe.

Så får vi sjå kva denne bringar. Det kan vere aktuelt med andre typar gjennomgangar, til dømes eksterne, viss ein ser behovet for det, legg ho til.

Også foreininga Adopsjonsforum er open for ein slik gjennomgang viss BFD meiner det er nødvendig. Dei vil i så fall bidra med det dei kan.
Det er opp til styresmaktene i Noreg å vurdere dette, men vår oppfatning er at foreiningane og landa følger og har følgt gjeldande lover og reglar.

Les også Talet på utanlandsadopsjonar har stupt med 90 prosent

Babyteppe og smukkar

Vil ikkje gå igjennom enkeltsaker

Fleire land, blant anna Sverige og Danmark, har sett i gang granskingar av adopsjonar frå utlandet fordi ein fryktar at barna har blitt stolne frå foreldre eller kjøpt av kriminelle.

Toppe seier at gjennomgangen skal i hovudsak byggje på granskinga til andre land for å sjå om Noreg har brukt dei same aktørane der det har vore avdekt lovbrot.

– I all hovudsak skal vi sjå på systemet og prosessane for å sjå at det ikkje er svakheiter ved dei som kan bety at det er risiko for at det har skjedd lovbrot.

Dei vil i utgangspunktet ikkje gå igjennom enkeltsaker, ifølge ministeren.

Styreleiaren i Utad, Angelica Bråten meiner det er viktig å få med enkelthistorier i granskinga.

Eg tenkjer at utan å ta med enkelhistoriene inn, så kan ein gå glipp av viktig informasjon.

Ho viser til at fleire personar har teke kontakt med Utad og mistenker at dei er i Noreg på ulovleg grunnlag.

Eg tenkjer også at det er mange historier der ein har blitt funnen på trappa eller på gata, og då tenkjer eg at det bør ringe ei bjølle. Det er nokre raude flagg her, avsluttar Bråten.

AKTUELT NÅ