Hopp til innhold

Talet på utanlandsadopsjonar har stupt med 90 prosent

Det vart gjennomført 46 utanlandsadopsjonar i Noreg i 2020. Aldri har det vore færre.

Babyteppe og smukkar

FÆRRE: Det vart gjennomført 46 utanlandsadopsjonar i Noreg i 2020. Det er ein halvering frå året før, og hele 749 færre enn toppåret 1998.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Det er synd med nedgangen. Det er ei fantastisk oppleving, seier Eirik Loftheim.

I 2017 reiste han og ektemannen til Colombia for å hente adoptivsonen sin.

Colombia er per i dag det einaste landet Noreg samarbeider med, og godtar homofile par som adoptivforeldre.

– Vi venta ei lita stund på den norske lista, men fant fort ut at det var betre å sette seg opp på lista for barn i Colombia, seier Eirik.

Eirik Loftheim

FANTASTISK OPPLEVING: I 2017 reiste Eirik Loftheim og ektemannen til Colombia for å hente sin adoptivson. Han håper at fleire får moglegheita til å gjere det same.

Foto: Privat

Auke i innlandsadopsjon

I 2005 vart 704 barn adoptert frå utlandet.

15 år seinare har tala stupt. I 2020 var talet på adopsjonar frå utlandet nede i 46.

Det visar tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Flest barn vart adoptert frå Colombia (13), medan Filippinane var land nummer to med seks adopsjonar.

I 2018 vart det til samanlikning gjennomført 365 adopsjonar.

Dagleg leiar Nina Wang i Adopsjonsforum seier det er fleire grunnar til nedgangen.

– Hovudgrunnen er at stadig fleire land har ei auke i innlandsadopsjon, seier ho.

Kina har avskaffa eittbarnspolitikken

Dei siste åra har politiske og juridiske avgjersle i fleire land ført til restriksjonar på internasjonal adopsjon.

– Fleire land vil handtere all adopsjon sjølv, seier Wang.

I tillegg har Kina, som tidlegare toppa lista over land som Noreg adopterer frå, avskaffa eittbarnspolitikken.

Difor er det ikkje lenger så mange jentebarn som blir plassert i barneheim og adoptert til utlandet.

I 2020 kom koronapandemien på toppen av alt dette.

Wang trur at korona-effekten vil henge i lenge.

– Kurs har blitt utsett og alle ledd i samarbeidsland er forseinka på grunn av pandemien, seier ho.

LES OGSÅ: Pandemien hinderet Anna å komme heim til adoptivfamilien sin: Endeleg saman

De ferske søstrene Mia og Anna er endelig sammen. For storesøster Mia føles det ut som de var ment å være søstre.

SØSTRER: De nye søstrene Mia og Anna er endeleg saman. For storesøster Mia følast det som de alltid var meint å vere søstrer.

Foto: Malin Straumsnes / NRK

– Beklageleg at tala har gått ned så kraftig

Young K. Kim er dagleg leiar i adopsjonsforeininga Verdens barn.

– Det er beklageleg at tala har gått så kraftig ned. Unicef antydar at det er millionar av barn i verda som treng ein familie, seier han.

Han viser til at fleire land dei siste åra har kansellert avtalene dei har hatt med Noreg, blant desse India, Kina, Russland og Etiopia – fordi dei helst vil «handtere barna sjølv».

– Dei fortel om auke i velstand og at dei kan finne gode nok heimar til barna. Og jobben vår er ikkje å skape behov, men å dekke det behovet som er. Så vi kan ikkje gjere meir enn å stole på andre land når dei fortel det slik.

– Ein lang og krevjande prosess

– Adopsjonsprosessen er ein lang og krevjande prosess som ikkje er for alle, seier Eirik Loftheim.

Han skjøner at det er gode grunnar til at prosessen er så dryg og omfattande som han er, men at han likevel kunne vore noko enklare.

– Det er dessverre slik at ikkje alle som vil adoptere er eigna for det, men eg føler framleis at visse godkjenningar tek for lang tid.

Dagleg leiar for Adopsjonsforum Nina Wang.

FORMIDLAR: Dagleg leiar for Adopsjonsforum Nina Wang. Adopsjonsforum formidlar adopsjon frå: Colombia, Filippinane, Madagaskar, Peru og Vietnam

Foto: Lise Strandlien