Hopp til innhold

Regjeringa vel amerikanske jagarfly

Regjeringa går inn for å erstatte F-16 flya med amerikanske Joint Strike Fighter.

Joint Strike Fighter
Foto: HO / SCANPIX

Dette går fram av ei pressemelding frå Statsministerens kontor i ettermiddag.

Regjeringa hadde eigentleg tidsfrist til 19. desember for å bestemme seg for om Noreg skulle kjøpe svenske JAS Gripen-fly eller Joint Strike Fighter-fly, frå den amerikanske produsenten Lockheed Martin.

No er det bestemt at dei 48 nye jagarflya skal kjøpast frå amerikanarane. Dette er eit av dei største innkjøpa den norske stat har gjort nokonsinne.

Innkjøpsprisen for Joint Strike Fighter-flya vil liggje på rundt 18 milliardar kroner. Driftskostnadene er rekna til 145 milliardar over 30 år.

Det er venta at dei nye flya skal vere ferdige mellom 2016 og 2020.

- Det einaste som tilfredsstiller krava

Ifølgje regjeringa er det amerikanske Joint Strike Fighter F-35 det einaste av dei to alternativa som tilfredsstiller krava regjeringa har sett til dei nye norske kampflya.

- Joint Strike Fighter vert vurdert som betre enn Gripen NG på alle hovudoppgåver, seier forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) i ei pressemelding.

Hovudoppgåvene gjeld informasjonsinnhenting og overvaking og nedkjemping av mål i lufta, på bakken og på havoverflata.

Trur amerikanarane lovar for mykje

Direktør Jon Bingen ved Norsk institutt for strategiske studiar meiner at den amerikanske produsenten Lockheed Martin ikkje er i stand til å produsere det flyet regjeringa har vorte førespegla.

Han meiner Joint Strike Fighter-flya truleg aldri kjem på vengjene, fordi dei vert for dyre å produsere, og fordi den amerikanske staten ikkje sjølv treng dei.

- Eg trur ikkje dette er eit prosjekt som kjem til å gå gjennom i Kongressen. I alle fall ikkje etter dei siste åras uro i amerikansk økonomi, sa Bingen til NRK i går.

Les: - JSF kjem aldri på vengjene

- Vil koste mindre

Ifølgje forsvarsanalytikar John Berg er det amerikanske jagarflyet dobbelt så dyrt for Noreg som jagarflyet JAS Gripen frå det svenske Saab-konsernet.

Les: - JSF dobbelt så dyrt

Ifølgje regjeringa er innkjøpskostnadene for Joint Strike Fighter seks milliardar korner mindre enn for Gripen-flyet. I pressemeldinga frå Statsministerens kontor vert det også understreka at valet av det amerikanske jagarflyet utelukkjande byggjer på faglege konklusjonar.

- Begge kandidatane har vorte vurderte opp mot fire ulike trusselbilete, tre nasjonale og eit internasjonalt. Joint Strike Fighter oppfyller alle krava i dei fire trusselbileta, medan Gripen NG berre oppfyller krava i det internasjonale trusselbilete, melder forsvarsministeren.

Dei tre ulike nasjonale trusselbileta dreier seg blant anna om forsvar av landområde, suverenitetshevding i nordområda og forsvar av befolkningssentra rundt om i landet. Det internasjonale scenariet tilsvarer NATO sine fredsbevarande operasjonar.

Saab-aksjen raser på børsen

Ifølgje e24.se inneber avgjerda frå regjeringa motgang for Saab-konsernet, som har lansert JAS Gripen som alternativ til det amerikanske flyet.

Dei siste dagane har Saab-aksjen rasa på børsen.

Administrerande direktør Ake Svensson i Saab seier han er skuffa og overraska over at Noreg ikkje kjøper det svenske jagarflyet. Han understrekar at flyprodusenten Saab har jobba hardt for å skape eit breitt industrisamarbeid mellom landa som satsar på JAS Gripen.

Den svenske statsministeren Fredrik Reinfeldt er også skuffa over avgjerda til den norske regjeringa og meiner valet av det amerikanske jagarflyet r det tryggings- og forsvarspolitiske samarbeidet mellom Noreg og Sverige.

Skuffa over valet

Totalgruppen på Raufoss taper milliardkontraktar på at regjeringa har valt det amerikanske jagarflyet framfor svenske JAS Gripen og er skuffa over avgjerda frå regjeringa .

Under pressekonferansen regjeringa haldt i kveld sa forsvarsministeren derimot at investeringa regjeringa no har valt gjev gode moglegheiter for norsk industri.

- Regjeringa tok tidleg initiativ for å sikre moglegheitene for norsk industri same kva for kandidat som vart valt og det ser vi resultat av i dag, seier Strøm-Erichsen.

SV er skuffa

SV har diskutert kampflyinvesteringane i fleire rundar og fleire i partiet har teke til ordet for å kjøpe svenske fly, sjølv om partiet ikkje har noko formelt vedtak om dette. Partiet gjorde det i ettermiddag dag klart at dei ønskte å diskutere saka ytterlegare.

- Arbeiderpartiet og Senterpartiet sine statsrådar slutter seg til tilrådingane frå forsvarsministeren, medan SV sine regjeringsmedlemmer ønskjer å diskutere saka med organa i partiet før dei tek endeleg stilling, opplyste SV-leiar Kristin Halvorsen på SV sine nettsider før pressekonferansen i kveld.

Under pressekonferansen vart det derimot gjort kjent at SV godtek kjøp av amerikanske jagarfly. Berre tre av medlemmene i stortingsgruppa til SV gjekk inn for å ta dissens i regjeringa.

- SV-arar er skuffa over at JAS Gripen ikkje nådde opp, men vi har heile tida gått inn for det billegaste alternativet. På bakgrunn av alle utgreiingane i saka og eksterne kvalitetssikringar som er gjort, må vi konstatere at amerikanske Joint Strike Fighter både bert det billegaste og beste flyet for norske forsvarsbehov i nord, sa SV-leiar Kristin Halvorsen.

- Rett avgjerd

Opposisjonen har så langt ikkje kome med sterke reaksjonar verken for eller imot avgjerda.

Jan Petersen (H) meiner avgjerda om å investere i amerikanske jagarfly høyres fornuftig ut, men understrekar at det føreset at regjeringa no har fagmilitære og økonomiske vurderingar som held.

- Eg veit ingenting om reknestykka og vi har ikkje sett vurderingane deira. Difor er dette berre ei førebels vurdering av saka frå mi side, seier Petersen.

Kristeleg Folkeparti ønskjer ikkje å ta standpunkt i jagarflysaka før partiet har sett seg inn i saka.

- Tilrådingane frå regjeringa veg tungt, men vi ønskjer å setje oss inn i alle sider ved saka før vi tek eit endeleg standpunkt, seier forsvarspolitisk talsmann Jan Sahl i KrF.

AKTUELT NÅ