Hopp til innhold

Regjeringa snur: Vil betale for krigs­seglarane

No får dei norske krigsseglarane i utlandet dekt sjukeheimsplass av staten. Det gjeld blant anna Oscar Anderson (102).

Krigsseiler Oscar Anderson

Oscar Anderson er ein av seks norske krigsseglarar i utlandet som no får hjelp av den norske staten.

Foto: Håvard Blekastad Almås / NRK

For nokre veker sidan ville ikkje regjeringa betale sjukeheimsplassen til krigsseglar Oscar Anderson i England.

No gjer ho heilomvending, og vil betale for dei totalt seks attlevande krigspensjonistane i utlandet.

Det er NRK si dekning av saka som først førte til at opposisjonen sørga for fleirtal for ei endring. No kjem regjeringa med sitt forslag til lovendring.

Staten tek rekninga

Krigsseglarane skal få dekt sjukeheimsplassen sin, sjølv om dei ikkje bur i Noreg, ifølge arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap).

Den norske stat vil ta rekninga for sjukeheimsplassane til krigspensjonistar som bur i utlandet.

Det skal sikre ein trygg og verdig alderdom til krigspensjonistar og krigsseglarar i utlandet, ifølge Brenna.

Tonje Brenna

VIL BETALE: Krigspensjonistar i utlandet skal få dekt sjukeheimsplass, ifølge arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

Foto: Johan Moen / NRK

– No endrar vi loven slik at krigspensjonistar som bur i utlandet får moglegheita til å få dekt eigendelen knytt til sjukeheim, mot ei lita avkorting i pensjonen, seier Tonje Brenna.

Det var ikkje tilfelle for nokre veker sidan. Då meinte regjeringa at ordninga for krigspensjonistane var god nok.

Kan få hjelp frå sommaren

Det er under 300 norske krigspensjonistar att totalt. Berre seks av dei bur i utlandet. Det er desse den nye ordninga vil gjelde for.

Det betyr at krigsseglar Oscar Anderson skal få hjelp av den norske stat, sjølv om han er britisk statsborgar og bur i Storbritannia.

Då vil 102-åringen få hjelp på same måte som krigspensjonistar busett i Noreg.

Oscar Anderson

Oscar Anderson er den siste norske krigsseglaren i Storbritannia.

Foto: Håvard Blekastad Almås / NRK

Endringa kan tre i kraft allereie første juli, ifølge Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

– Vi er innstilt på å levere veldig raskt til Stortinget, så viss Stortinget vil det kan det bli vedtatt før sommaren, seier Tonje Brenna.

Endringa vil gjelde alle krigspensjonistar, både dei som er i Noreg og dei i utlandet.

Krigspensjonistar i utlandet vil få høve til å søke Nav om å få dekt varig opphald på sjukeheim, dersom landet dei bur i ikkje dekker det.

Krigspensjonen deira blir då redusert på same måte som for krigspensjonistar på sjukeheim i Noreg. Det betyr at dei får behalde 37 prosent av pensjonen sin.

På tide

Stian Grøthe i Sjømannsforbundet er nøgd med at staten no tek rekninga for krigspensjonistane i utlandet. Han meiner det var på tide.

IMG_1554

Stian Grøthe i Sjømannsforbundet saman med Oscar Anderson

Foto: Gry Blekastad Almås / NRK

Sjømannsforbundet har bidrege, i spleiselag med andre, til å betale for sjukeheimsplassen til Oscar Anderson i England.

– Ein må berre rose opposisjonen og Frp som fremja sak i Stortinget og sette fart i saka, seier Grøthe.

Det var Framstegspartiet som fremja forslaget i Stortinget om å sikre attlevande krigsseglarar økonomisk, uansett kor dei bur i verda.

Tek sjølvkritikk

Arbeidarpartiet har teke imot mykje kritikk for måten krigsseglarane blei behandla på etter krigen.

Brenna er einig i at måten krigsseglarane blei tatt i mot på ikkje var god nok.

– Det tok for lang tid før dei fekk anerkjenninga dei eigentleg fortener, og før me i Noreg tok inn over oss som land kor traumatisk dei opplevde krigssåra.

Arbeids- og inkluderingsministeren er glad for endringa, og håpar Stortinget vil vedta ho.

Høgre vil stemme for forslaget, bekreftar Anna Molberg (H). Ho meiner regjeringa har brukt altfor lang tid på dette.

– Her er det berre å ynskje regjeringa velkommen etter. Vi har jo danna fleirtal for dette med dei andre partia i opposisjonen for lenge sida, seier ho.

Molberg trur regjeringa snur no fordi dei ikkje har noko anna val.

– Det kan verka som at regjeringa snur fordi dei ser at dei får fleirtalet mot seg.

AKTUELT NÅ