Hopp til innhold

Nytt testregime – Kjerkol kryssar fingrane for at det kjem nok testar

Regjeringa med koronanytt: Testing erstattar smittekarantene for nærkontaktar og innreisekarantene blir avvikla.

Korona pressekonferanse

PÅ TIDE: Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) seier at det er på tide å avvikla smittekarantene.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Helse- og omsorgsdepartementet har kome med nye karantenereglar.

Smittekarantene på 10 døgn kan erstattast med dagleg testing for husstandsmedlem og tilsvarande nære, skriv Helse- og omsorgsdepartementet i ei pressemelding.

– No avviklar vi smittekarantene. No kan ein heller testa seg dagleg når husstandsmedlem eller nærkontaktar har blitt smitta. Det vil letta situasjonen for kommune og veldig mange familiar, seier helse- og omsorgsminister, Ingvild Kjerkol til NRK.

Ho legg til at desse endringane var varsla 14. januar, men at regjeringa har måtta sikra seg testar slik at dette skulle bli mogleg i praksis.

– No kjem det etter kvart store leveransar av testar, og då avviklar vi smittekarantene for nærkontaktar og husstandsmedlem, seier ho.

Håpar på nok testar

Endringa trer i kraft frå og med midnatt, natt til 26. januar.

Kjerkol opplyser om at ein bør vera i karantene fram til då om ein har smitte i hus, men at ein frå då av kan testa seg dagleg og sleppa karantene.

– Dette vil gjelda for alle som har smitte i nær familie eller har vore i kontakt med ein smitta. Vi avviklar smittekarantene. Ein kan heller bruka daglege testar og sånn sett sleppa karantene. No har vi veldig mykje fråvær i mange sektorar som følgje av karantenebestemmingane, og då er tida inne for å avvikla det, seier Kjerkol.

Helse- og omsorgsministeren har trua på at det skal vera nok testar til å gjennomføra det nye regimet.

Positiv korona hurtigtest

HÅPAR PÅ NOK: – Framleis kryssar vi fingrane og er ganske sikre på at desse testane kjem, seier Kjerkol.

Foto: Erik Johansen / NTB

– Vi varsla denne endringa 14. januar, så vi har venta på å få store leveransar med testar. Framleis kryssar vi fingrane og er ganske sikre på at desse testane kjem, og at det då skal vera forsvarleg å gjennomføra eit testregime i staden for smittekarantene, seier ho.

I pressemeldinga skriv Helse- og omsorgsdepartementet at kommunar skal tilby gratis sjølvtestar som blir brukte for å erstatta smittekarante.

– Gode nyheiter

Smittetala har aldri vore så høge som no.

Kjerkol seier at det er ei uvisse kring det å fjerna karantenekravet samstundes som ein ser at smittetrenden er stigande.

– Men dei tala vi ser i samband med innleggingar er veldig positive. Vi har sett smitterekordar. På fredag hadde vi nesten 25.000 smitta. Eg snakka med min danske kollega i dag. Dei har 40.000 smitta, men innleggingstala aukar ikkje, seier ho.

Ingvild Kjerkhol intervjuet av NRK 24. januar 2022

FRÅ ONSDAG: Kjerkol seier at dei nye reglane trer i kraft natt til 26. januar.

Foto: NRK

– Det er gode nyheiter. Då er det ikkje lenger ein så farleg sjukdom, men ein sjukdom vi toler å bli smitta av, legg Kjerkol til.

Meir som ein influensa?

– Ja, vi håpar det. At dette er vegen ut, svarar ho.

Innreisekarantene blir avvikla

Helse- og omsorgsdepartementet har også valt å avvikla dagens krav om innreisekarantene, melder dei i ei pressemelding.

Dette gjer dei etter anbefaling av FHI, då det ikkje lenger blir sett på som smittevernfagleg naudsynt.

Kravet opphøyrer frå og med midnatt, natt til 26. januar.

– Eg er einig i FHI i at talet på smitta blant dei innreisande utan koronasertifikat er så liten relatert til den situasjonen vi har i Noreg no, at tida er inne for å endra på kravet om innreisekarantene, seier helse- og omsorgsministeren i pressemeldinga.

– Avvikling av innreisekarantene vil bidra til ein raskare opning av samfunnet, med enklare innreise. Dette kan gi positive samfunnsøkonomiske konsekvensar for næringslivet og reiselivsbransjen spesielt, legg ho til.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger