Hopp til innhold

Regjeringa hevar Forsvarets beredskapsnivå: – Det russiske regimet tyr til nye middel

Regjeringa skjerpar Forsvarets beredskap i Noreg. – Situasjonen tilseier det, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

PRESSEKONFERANSE: Statsminister Jonas Gahr Støre, forsvarsminister Bjørn Arild Gram og forsvarssjef Eirik Kristoffersen held pressekonferanse.

– Dette betyr at Forsvarets aktivitet blir tilpassa den alvorlege sikkerheitssituasjonen i Europa, skriv regjeringa i ei pressemelding.

Beredskapshevinga skal ha etter det NRK kjenner til vore behandla av tryggingsutvalet til regjeringa fredag.

Endringa er frå 1. november og skjer etter fagleg råd frå forsvarssjefen.

Det er statsminister Jonas Gahr Støre, forsvarsminister Bjørn Arild Gram og forsvarssjef Eirik Kristoffersen som legg dette fram på pressekonferansen om krigen i Ukraina og tryggingssituasjonen i nærområda våre.

– Vi står i den mest alvorlege sikkerheitspolitiske situasjonen på fleire tiår, seier Støre på pressekonferansen.

Uvisse knytt til krigen i Ukraina

Beredskapsnivået i Noreg er i den seinare tida allereie vorte heva på grunn av uvissa knytt til Russlands angrep på Ukraina, sabotasjen mot gassleidningen Nord Stream, og det som blir oppfatta som auka russisk etterretning i Noreg.

No blir nivået altså heva ytterlegare.

Statsminister Jonas Gahr Støre grunngir dette med Russlands krig i Ukraina.

– På bakken opplever Russland no stor motstand. Dette fører til at Russland tyr til andre middel, seier han.

Pressekonferanse om krigen i Ukraina og sikkerheitssituasjonen i Norges nærområde.

Statsminister Jonas Gahr Støre, forsvarsminister Bjørn Arild Gram og forsvarssjef Eirik Kristoffersen.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

Samstundes seier Støre at det ikkje er grunn til å tru at Russland vil involvera Noreg direkte i krigføringa.

– Men vi må vera meir på vakt, seier han.

Statsministeren peikar på at det ikkje er ei einskild hending, men ei heilskapsvurdering som gjer at regjeringa skjerpar beredskapen.

– Allereie før krigen braut ut starta regjeringa arbeidet med å styrka beredskapen i Noreg. Vi har gjort det fleire gongar etter krigens utbrot, seier Støre.

Ein meiner no at trusselbiletet går inn i ein ny fase som krev endra arbeid og rutinar frå Forsvaret og statsapparatet.

– Vi gjer dette fordi situasjonen tilseier det, seier statsministeren.

Over i ny fase

– Det er ei utvikling over tid som gjer at Forsvaret no går over ein ny fase i sitt planverk, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram.

– Det er planlagt ytterlegare tiltak som styrkar beredskapen. Dei oppgåvene som varetar beredskapen her og no, vil prioriterast, legg han til.

Tiltaka som blir styrka, vil vera innan logistikk, kommunikasjon og sikring.

Forsvarsministeren legg til at Forsvarets aktivitet vil justerast framover, både for å spissa aktiviteten mot dei oppgåvene som varetar beredskapen her og no, og for sikra Forsvarets uthald.

Pressekonferanse om krigen i Ukraina og sikkerheitssituasjonen i Norges nærområde.

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

På spørsmål frå NRK seier Gram at beredskapssystemet og planverket er hemmeleg.

– Difor går vi ikkje inn i detaljar omkring dei ulike fasane og dei ulike nivåa, men vi gjer ein faseforflytting, seier forsvarsministeren.

Statsministeren, forsvarsministeren og forsvarssjefen vil heller ikkje svara på om faseforflyttinga er koordinert med Nato, men at dei har «løpande koordinering med Nato».

Bevara fred og sikkerheit

– Forsvarets aller viktigaste oppgåve er å bevara vår fred og sikkerheit, og å hindra konflikt, seier forsvarssjef Eirik Kristoffersen.

Forsvarssjefen seier at Forsvaret difor må tilpassa aktiviteten etter situasjonen dei til kvar tid står i.

– Det gjer vi no gjennom å omprioritera deler av våre planlagde aktivitetar for å styrka vår beredskap, vår operative evne og vårt uthald, seier han.

Pressekonferanse om krigen i Ukraina og sikkerheitssituasjonen i Norges nærområde.

Forsvarssjef Eirik Kristoffersen.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

På spørsmål frå NRK seier Kristoffersen at eit konkret tiltak dei ser på no, er å få Poseidon-flya raskare på vengene i nord.

– Samstundes skal vi behalda dei maritime overvakingsflya som vi har, seier han.

Kristoffersen peiker på at vi står ein uviss situasjon og at Russland aukar bruken av missil mot sivilbefolkninga i Ukraina.

– Det er ein retorikk om bruk av atomvåpen som vi ikkje har høyrt før. Det er gasseksplosjon i Østersjøen og vi har hatt droneflygingar rundt plattform i Nordsjøen. I tillegg ser vi at allierte også har styrka sitt nærvær på grenser mot Russland i Aust-Europa, seier han.

– Alt det her gjer at situasjonen er uklar. Difor blir det også vanskeleg å vera heilt konkret med kva vi gjer. Men vi gjer ting for å auka beredskapen vår, tilgjengelegheita på styrkane våre og for å kunna respondera betre, seier han.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ