I haldningskampanjen til Statens vegvesen er ulike trafikantgrupper i parterapi. Mellom anna skal bilist og syklist arbeide med forholdet og kommunisere betre.
Syklisten seier i ein av videoane «orsak» og tek på seg skylda for moglege trafikkuhell.
Utklipp frå haldningskampanjen til Statens vegvesen, der trafikantar blir oppmuntra til å tenke over rolla si i trafikken.
Byråd for miljø og samferdsel i Oslo kommune, Sirin Hellvin Stav (MDG) reagerer på at det er syklisten som får skylda i kampanjen.
– Alle trafikantgrupper skal vise omsyn til kvarandre, men eg reagerer på at ein ber syklistar og gåande skjerpe seg. Statens vegvesen har svikta i å legge til rette for gåande og syklande, spesielt i byane.
Byråd for miljø og samferdsel i Oslo kommune, Sirin Hellvin Stav (MDG) reagerer på haldningskampanjen til Statens vegvesen.
Ho meiner at Statens vegvesen skriv frå seg ansvaret med å be syklistar og bilistar om å snakke saman.
– Det blir brukt store pengar på motorvegar som vi ikkje ynskjer oss, og samstundes bruker Statens vegvesen store summar på denne kampanjen i staden for å gjere det trygt å sykle, seier Stav.
Statens vegvesen skal bruke totalt 11 millionar på kampanjen som skal bli rulla ut sporadisk gjennom året.
– Alle har eit ansvar, men særleg dei som utgjer størst trussel. Difor burde fokuset like mykje vere at bilistane må ver meir varsame, meiner ho.
Kva har du som byråd gjort for å betre dette?
– VI har satsa massivt sidan vi kom til makta i 2015, og vi har bygd 150 km med sykkelveg. Talet på syklistar har difor auka med 50 %.
Alle må ta ansvar
Elin Fykerud Johannessen, prosjektleiar for Samspill-kampanjen i Statens vegvesen, seier dei er nøgd med kampanjen og at dei når ut med bodskapen sin.
– Vi bygger infrastruktur, og legg til rette for gåande og syklistar. Uavhengig av det må alle trafikantar ta ansvar, som er intensjonen vår med kampanjen.
Johannessen er ikkje eining med Mdg-byråden og meiner at ein ikkje treng å skilje sykkelveg frå bilveg.
– Dei mjuke trafikantane er meir utsett for skade, men vi meiner at alle har eit felles ansvar. Med ein god trafikkultur speler vi kvarandre gode. Vi skal ikkje skiljast, meiner ho.
Skilsmisse?
Waseem Raja er drosjesjåfør og seier at på grunn av syklistar har han auga opne 24 timar i døgnet.
Som drosjesjåfør må Waseem Raja vere årvaken heile døgnet.
– Sjølv om vi tutar på dei og seier «kva er det du gjer?» så høyrer dei ikkje etter, og berre køyrer på.
Korleis vil du skildre forholdet ditt til syklistar?
– Dei må følge betre med, og ikkje køyre midt i vegen.
Andreas er syklist har ikkje trua på parterapi mellom syklistar og bilistar.
Andreas har ikkje trua på samliv mellom syklistar og trafikantar.
– Forholdet mellom oss er heilt elendig, det er ein grunn til at eg syklar i knallgul t-skjorte og har tre horn og kamera på styret.
Carl Tufte syklar 7000 km i året. Han meiner både syklistar og bilistar har potensial for betring, men at syklistane er verst.
Carl Tufte har lang erfaring som syklist.
– Syklistar vinglar, står hardt på rettane sine, og er veldig egoistiske. Og ofte verre i trafikken enn bilistar.
Alle er forbanna
Eline Oftedal, generalsekretær i Syklistenes landsforening syns kampanjen er god, men at parterapi ikkje er ei løysing på lang sikt.
Eline Oftedal, i Syklistenes landsforening meiner både parterapi og skilsmisse er løysinga.
– Det trengst parterapi, men det trengst òg ei skilsmisse. Vi vil ikkje at bilistar og syklistar skal dele vegbane. Vi veit kven som bli skada dersom dette blir eit «valdeleg forhold».
Det er ein sport i denne bransjen på fordele skyld, seier Oftedal.
– Alle er forbanna på kvarandre. Syklisten klagar på bilisten, og bilisten klagar på syklisten, seier Oftedal.