Hopp til innhold

Raudt vil auke skatten til næringslivet

Partiet Raudt foreslår å heve skatten til næringslivet frå 22 til 28 prosent. Partiet vil også skjerpe skatten til bankar og forsikringsselskapa.

Rødt-leder Bjørnar Moxnes og nestleder Marie Sneve Martinussen fotografert på Stortinget. Foto: Mats Rønning

SKJERPE SKATTETRYKKET: Bjørnar Moxnes og Marie Sneve Martinussen vil at bedrifter som går med overskot skal betale meir skatt

Vi kan ikkje ha det slik at milliardformuar og matkøar veks samtidig i eit og same land, seier Marie Sneve Martinussen, finanspolitisk talsperson og nestleiar i Raudt.

Raudt vil auke skatten til rike bedrifter og gi meir til dei fattigaste. Onsdag lanserer Raudt forslaget til skattereform under tittelen. «Tett skattehola for dei rike – styrk velferda for alle.»

– Vi treng ei rettferdig skattereform som gjer at vi kan finansiere sterke velferdsgode og at vi også kan løfte inntekta til dei som har aller minst i Noreg, seier Martiniussen.

Auke skattane til bedriftene

NRK kan no fortelje om nokon av dei viktigaste grepa i skattereforma. Raudt vil:

  • Auke selskapsskatten frå dagens 22 prosent til 28 prosentdet same skattenivået som var under Stoltenberg.
  • Fjerne skattesubsidiet på finansskatten som vil innebere å auke særskatten for finansnæringa frå dagens 3 prosent til 9 prosent.
    Marie Sneve Martinussen, Rødt

    HAR RÅD: bedrifter med overskot har råd til å betale meir i skatt, seier Marie Sneve Martinussen i Raudt

    Foto: Ihne Pedersen

– Vi har eit historisk lågt nivå på skatten som selskap betaler på overskota sine. Vi foreslår å heve skatten til slik det var under Stoltenberg-regjeringa, i tillegg til å fjerne ein skattesubsidie som finansnæringa har, påpeikar Martiniussen.

Partiet foreslår å auke skattane i ein opptrappingsplan der skattane blir auka med eitt prosentpoeng årlegfram til 2029.

På den måten reknar partiet med at det kan vere mogleg å få inn 30 milliardar kroner ekstra årleg til statskassa.

Les også Nå kommer skatteøkningen for «vanlige folk»

Vedum

Ikkje rett

Næringslivets Hovedorganisasjon er kritiske til skatteforslaget til Raudt.

– Dette er heilt feil veg å gå og dette er noko vi sterkt åtvarar mot, seier sjeføkonom Øystein Dørum.

NHO meiner at skattetrykket til næringslivet totalt sett er for høgt.

– Raudts forslag vil bety at det blir mindre attraktivt for utanlandske selskap å drive verksemd og ha arbeidsplassar i Noreg og det vil bli meir attraktivt for bedrifter som allereie er i Noreg å leggje heile eller deler av verksemda ut av landet, seier Dørum.

NHO fryktar at auka skattetrykk kan få store konsekvensar

– Kapital er mobilt, selskapa lokaliserer seg der dei får høgast avkastning på kapitalen og flyttar produksjonen dit skattenivået er lågast, seier han.

sjef-økonom i NHO, Øystein Dørum
Foto: Berit Roald

Også Arbeiderpartiet er kritisk til Raudt sitt forslag.

– Dette er fullstendig uaktuelt og jeg vil åtvare kraftig mot Raudts forslag. Arbeiderpartiet er 100 prosent einig med Rødt om at vi treng styrke velferden og få eit mer rettferdig skattesystem, seier finanspolitisk talsperson i Ap, Frode Jacobsen.

Han påpeikar at Ap er i gang med store velferdsløft til skule, tannhelse og helse.

– I motsetnad til Raudt meiner Ap at vi må ha eit sterkt og robust næringsliv som bidrar til verdiskaping og arbeidsplassar i Noreg. Høgre selskapsskatt bidrar til høgre skatt på overskot og mindre investeringar i kompetanse, folk og teknologi for båe små og store bedriftar landet rundt, seier Jacobsen.

Aps finanspolitiske talsperson påpeikar at så lenge Ap sit i regjering vil selskapsskatten være 22 prosent.

Gratis tannlege til alle

Av 30 milliardar i ekstra skattepengar vil Raudt bruke 13–14 milliardar kroner på ei tannhelsereform. Partiet vil også auke alle minstesatsane til NAV slik at støtta svarer til fattigdomsgrensa på 270.000 kroner, fortel Martiniussen.

– Slik får ein råd til å innføre gratis tannhelse for alle og også gjere at fleire hundretusen som lever under fattigdomsgrensa får auka inntekt, seier ho.

Les også Slaget om lakseskatten i Høyre er ikke over

Høyres landsmøte 2023

Sjeføkonom Dørum i NHO meiner at ein i staden for å vere oppteken av å krevje inn meir i skatt, heller burde sjå på korleis staten bruker pengane sine, og å få ned delen av det offentlege av BNP.

Ein bør sjå på om offentlege midlar kan brukast smartare enn i dag, seier Dørum.

Skatteskjerpinga til Raudt vil på sikt få uheldige konsekvensar for skatteinngangen, meiner NHO. Selskap vil merke den auka skatterekninga og få mindre overskot, påpeikar Dørum.

– På lengre sikt vil forslaget til Raudt påverke sjølve skattegrunnlaget, slik at dei ikkje får inn dei 30 milliardane dei legg til grunn.

AKTUELT NÅ