Hopp til innhold

Qureshi ikkje lenger like sikker

Islam Net-leiaren Fahad Qureshi gjekk i Dagsnytt 18 tidlegare i kveld tilbake på fleire ting han tidlegare har sagt, blant anna om dødsstraff for homofili. – Eg uttrykte meg på ein måte som kan misforståast, seier han.

SVs Audun Lysbakken vil at trossamfunn som utøver sosial kontroll skal kunne miste statsstøtten. På Dagsnytt18 ble Fahad Qureshi i Islam Net grillet i spørsmålet «Skal kvinner være lydige menn?».

VIDEO: Sjå innslaget frå Dagsnytt 18.

Dagsnytt 18-programleiar Fredrik Solvang trekte fram eit fordrag på ein såkalla fredskonferanse i regi av Islam Net i 2013, der Qureshi gjorde eit nummer av at dei som støttar det som står i Koranen, ikkje kan kallast ekstreme.

Då uttrykte han blant anna støtte til dødsstraff for homofili og steining som straff for utruskap, fordi det står i Koranen.

– Ordla meg feil

I kveld sa Qureshi at videoen er misforstått, og at han ordla seg på ein måte som kan misforståast. Han innser i dag at det er usemje blant dei lærde innan islam om desse spørsmåla, og at han personleg ikkje er kompetent til å ta stilling til dei.

Han gjorde det likevel klart at det ikkje er mogleg å seie at ein ting er feil, når det står i Koranen.

SV-leiar Audun Lysbakken.

SV-leiar Audun Lysbakken gjekk kraftig i rette med Islam Net-leiaren Fahad Qureshi.

Foto: NRK

Utgangspunktet for debatten var eit SV-forslag om å ta frå religiøse trussamfunn den offentlege pengestøtta, dersom dei utøver sosial kontroll eller brukar makta si til å undertrykkje menneske.

SV-leiar Audun Lysbakken var i studio for å forsvare lovforslaget, som han meiner er eit viktig signal frå samfunnet til religiøse autoritetar. Han viste til fleire unge jenter frå muslimske miljø som den siste tida har teke til orde mot dei som vil røve frå dei den personlege fridomen, og som har slått alarm om sterk sosial kontroll i ein del muslimske miljø.

– Subsidiering av intoleranse

– Vi treng denne lova., Vi har for få moglegheiter i dag til å hjelpe dei som kjempar mot undertrykking. Eg ser ikkje nokon grunn til å subsidiere intoleranse, sa Lysbakken blant anna.

Qureshi var ikkje uventa motstandar av lova. Han sa at det ikkje spelar noko rolle om moskear og muslimske samfunn misser statsstøtta, fordi dei vil få dei pengane dei treng frå medlemene.

– Det er Gud og ikkje staten som skaffar pengane, sa han blant anna.

Dagens viktigste debatter, intervjuer og kommentarer direkte fra radiostudio.

VIDEO: Sjå heile debatten her.

AKTUELT NÅ