Hopp til innhold

Publiserte artikkel om biverknadane av AstraZeneca – har tatt imot honorar frå konkurrentane

No innrømmer Pål André Holme at det kan oppfattast som uheldig at han ikkje opplyste om utbetalingane frå dei vaksinerelaterte legemiddelfirmaa.

Pål Andre Holme OUS

Overlege og professor Pål André Holme opplyste at han ikkje hadde samband som kunne skapa tvil om habilitet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Pål André Holme opplyste ikkje om nokre interessekonfliktar då han var med på å publisera artikkel om biverknadane av AstraZeneca-vaksinen. Samstundes har han mottatt over 1 million kroner frå konkurrentane Pfizer og Bayer dei siste fem åra.

Det skriv avisa Klassekampen.

Det var i førre veke fagartikkelen om biverknadane av AstraZeneca-vaksinen blei publisert i det prestisjetunge medisintidsskriftet New England Journal of Medicine. Professor og overlege Pål André Holme, ved avdeling for blodsjukdommar ved Universitetet i Oslo, var medforfattar og leia det kliniske arbeidet.

Kryssa «nei»

Holme måtte på førehand fylla ut eit dokument der han måtte oppgi eventuelle samarbeidspartnarar som er relevante for den aktuelle forskinga. Han måtte også oppgi om han hadde mottatt pengar som kan gi inntrykk av inhabilitet.

Klassekampen skriv at Holme opplyste at han ikkje hadde slike samband. Han kryssa «nei» på spørsmålet om han hadde mottatt pengeoverføringar frå relevante aktørar dei siste 36 månadane. Han kryssa også «nei» på spørsmålet om han hadde samband som kunne skapa tvil om habilitet hjå lesarane.

Til Klassekampen opplyste Holme at pengane frå Pfizer og Bayer er knytte til føredrag han har halde ved internasjonale og nasjonale fagmøte. Til avisa fortalde han at han likevel meinte det var rett å kryssa «nei» på spørsmåla, då han såg arbeidet som irrelevant i samband med den aktuelle publikasjonen.

– Uheldig

– Holme er sisteforfattar på denne artikkelen. Det betyr at han står som seniorforfattar og garantist for artikkelen. Han har ikkje opplyst om interessekonfliktar. Etter mi meining er det uheldig, seier Ole Frithjof Norheim, professor i medisinsk etikk ved Universitetet i Bergen.

Han seier at bindingar til industrien er ei stor utfordring i medisinsk forsking. Ein måte ein har prøvd å løysa dette på, er at ein skal opplysa om moglege interessekonfliktar, opplyser Norheim.

– Men så er det ofte opp til den einskilde forskaren sjølv å utøva eit skjønn. Holme og fleire av medforfattarane har uttalt at dei berre har rapportert om pasientar som blei innlagde på sjukehuset, og har ikkje tenkt at dette hadde samanheng med legemiddelindustrien.

Ole Frithjof Norheim

Ole Frithjof Norheim, professor i medisinsk etikk ved Universitetet i Bergen.

Foto: Thor Brødreskift

Norheim meiner at det er heilt opplagt at Holme, når han har tatt imot støtte frå konkurrentar i industrien, burde ha oppgitt interessekonflikt i skjemaet slik at vi som lesarar kunne vurdert habiliteten.

– Han har nok ikkje tenkt at det var nokon konflikt. Etter mi meining er det så openbert at andre kunne tenkt det, slik at han burde meldt frå om det, seier Norheim.

– Heile systemet vil bryta saman dersom ikkje forskarar oppgir moglege interessekonfliktar. Eg meiner det er uheldig at han ikkje har skjønt det, legg han til.

Professoren meiner Holme no bør opplysa til tidsskriftet, og be om å få skjemaet korrigert.

– Ein glipp

Fridtjof Lund-Johansen, forskar på avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin på Oslo Universitetssykehus, var også med på å publisera artikkelen om biverknadane på AstraZeneca-vaksinen.

– For meg er det heilt openbert at dette var ein glipp, seier han om dei unnlatne opplysingane frå Holme.

Han fortel at det var kaotisk og vanskeleg for dei alle då dei skulle fylla ut desse skjemaa. Han seier at han sjølv godt kunne gjort ei feilvurdering i denne situasjonen.

– Her gjekk det fort. Det var eit høgt tempo og høgt stressnivå, og så blei det gjort ei feilvurdering. Så enkelt er det, seier han.

– Hadde ein hatt tid til å spørja nokon om dette, og rådføra seg, så ville ein vell fått det rådet at ein skulle føra opp alt uansett, legg han til.

Overlege og forsker Fridtjof Lund-Johansen har vært med på å utvikle egen antistest-metode for Norge.

Fridtjof Lund-Johansen, forskar på avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin på Oslo Universitetssykehus, meiner Holme gjorde ei feilvurdering.

Foto: Ali Iqbal Tahir / Ali Iqbal Tahir

Lund-Johansen meiner likevel at det som til sist er poenget med slike skjema, er at dei som les artikkelen skal få vita dersom det er økonomiske bindingar som kan påverka forskarane til å tolka resultata i ei eller anna retning.

– Når det gjeld dette konkrete tilfellet her, så kan ein seia at dette nærast er ein akuttmedisinsk situasjon. Det hasta så veldig med å få det ut. Det hadde vore lurt å kryssa av alt ein måtte tenkja på, då ein artikkel som denne får så mykje å seia, seier han.

– I ettertid vil ein nok seia at ein skulle vurdert dette annleis. Slik er det av og til. Ein gjer ein feil i farta. Og så er det viktig å hugsa på at ingen av forfattarane hadde noko å vinna på å halda slik informasjon skjult, legg han til.

Innrømmer at det kan oppfattast som uheldig

I ein e-post til NRK skriv Pål André Holme at dei unnlatne opplysningane kan verka uheldig for habiliteten:

«Vi ser at det kan oppfattes som uheldig for vår habilitet at vi ikke har oppgitt opplysninger om utbetaling fra alle vaksinerelaterte legemiddelfirmaer i forbindelse med artikkelen i New England Journal of Medicine (NEJM). Det burde vi ha gjort, selv om vi fortsatt er av den oppfatning at dette ikke har direkte relevans for det medisinske innhold vi har publisert i artikkelen. Derfor har nå hele forfattergruppen valgt å supplere «Disclosure Forms» (Conflict of interest) tilknyttet artikkelen i NEJM fra 9. april, slik at all tvil rundt habilitet ryddes til side. Per torsdag ettermiddag har fortsatt ikke www.nejm.org republisert den koblede PDF i ny versjon».

– Som Holme sjølv seier i dag, ville det klokaste vore om opplysningane om utbetaling frå alle dei vaksinerelaterte legemiddelfirmaa i samband med artikkelen i New England Journal of Medicine (NEJM) hadde kome fram frå første stund, seier Peder Utne, leiar for administrativ forskingsstøtte ved Oslo universitetssykehus.

– Ikkje eit forskingsetisk brot

Han meiner likevel at det er vanskeleg å hevda at dette er eit forskingsetisk brot. Han legg til at sjukehuset ynskjer å fremja og stimulera til samarbeid mellom fagmiljøa og industrien.

– Slikt samarbeid førekjem difor i stor utstrekning ved sjukehuset. Av denne grunn er det også utarbeida retningslinjer som skal ta vare på at eit slikt samarbeid skjer etter ein etisk forsvarleg måte, knytt til gjeldande lov og avtaleverk. Etter mitt skjønn er dette godt ivaretatt av Holme og medforfattarane han i denne konkrete saka, seier Utne.

Pressevakt Anders Beyer seier at Pål André Holme og medarbeidarane berre har publisert kliniske funn som ein del av eit behandlingsforløp, ikkje forsking.

– Det er vidare ingen samanheng mellom ytingar frå industri og det kliniske arbeidet og dei observasjonane som ligg til grunn for publikasjonen. Biverknadane ville naturlegvis blitt rapporterte uavhengig av vaksineprodusent, seier han.

AKTUELT NÅ