Psykologane behandlar gjennom videochat: – Eit godt og nødvendig alternativ

Psykologar fryktar manglande digital kompetanse kan føre til at sensitive pasientopplysningar kjem på avvege når fleire hastedigitaliserer praksisen sin som følgje av det nye koronaviruset.

Nina Emilie Ørbech

OPPFORDRAR FOLK TIL Å NYTTE SEG AV TILBODET OM DIGITAL BEHANDLING: Nina Emilie Ørbech anbefaler psykisk sjuke til å nytte dei digitale alternativa til behandling om psykologen deira har stengt kontoret.

Foto: Patrick da Silva Saether / Patrick da Silva Saether

Denne artikkelen er over to dager gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

I helga vedtok Helsedirektoratet stenging av ei rekke verksemder for å stoppe spreiing av koronaviruset.

Psykologkontor vart først bedne om å stengje, før dei sia fekk beskjed om at dei kan halde ope, men at det er anbefalt at dei finn alternative formar for behandling, for eksempel gjennom telefon eller videokonsultasjon.

Det har ført til ei hastedigitalisering av helsetenester for mange pasientar og behandlarar.

– Hadde eg ikkje fått hjelpa eg fekk frå min psykolog og resten av hjelpeapparatet hadde eg vore død for mange år sidan. Om det forsterkar oppfordringa om å nytte digitale tilbod i denne perioden må du gjerne sitere meg på det, seier Nina Emilie Ørbech (29).

– Eit godt og nødvendig alternativ

Ørbech hadde sin siste time med psykologen i juni 2017 etter å ha vore i behandlingsapparatet sida ho var 9 år.

Då ho var 19 år fekk ho diagnosen bipolar liding type 2.

– Å snakke med psykologen over videochat eller telefon er eit godt og nødvendig alternativ til det å ikkje kunne møte psykologen i det heile tatt, seier Ørbech.

– Eg trur det er veldig mange ulike meiningar og opplevingar rundt denne typen behandling, men eg håpar mange ser på det som eit godt alternativ slik situasjonen er no, følgjer ho opp.

Samtidig understrekar Ørbech at den alternative behandlinga ikkje bør erstatte den tradisjonelle behandlinga på psykologen sin kontor når kvardagen vert som vanleg igjen.

– Psykologen les deg frå du kjem inn frå venterommet. Alt frå kroppsspråk, ansiktsuttrykk til blikkontakt, ho har eit utgangspunkt for korleis eg har det før vi startar samtalen, og på ei digital løysning mistar vi noko av det, seier Ørbech.

Viktig å gjere pasienten trygg

Ørbech understrekar viktigheita av at psykologar gjer pasientane sine trygge på det å bli behandla over videonettprat eller telefon.

– Ein ting er at det er ganske uvant, men då eg fekk behandling over telefon var eg veldig avhengig av trygging. At eg visste at psykologen sat på kontoret, at ikkje samtalen vart tatt opp, eg tenkjer det er viktig med denne tryggleiken i forkanten av samtalen, seier Ørbech.

Ho understrekar at tiltaka rundt koronaviruset og frykta for å bli smitta er ei stor påkjenning for mange som lev med psykiske sjukdommar.

– Eg trur nok vi har endå meir einsemd no ein vi hadde berre for ei veke sida og det er ganske fælt å tenke på, det å ha ein ekstra bekymring i kvardagen hjelp ikkje akkurat, seier Ørbech.

Ho oppfordrar folk som slit med psykiske problem for tida om å minne seg sjølve på at dette ikkje varer evig.

– Eg er ganske glad i å bli minna på at dette ikkje varer evig, så lenge vi ikkje går over til desse digitale verktøya på fast basis, seier ho.

Nina Emilie Ørbech

– HUSK AT DET IKKJE VARER EVIG: Nina Emilie Ørbech oppfordrar folk som slit med psykiske problem for tida om å minne seg sjølve på at dette ikkje varer evig.

Foto: Privat

Fryktar for personvernet og manglande digital kompetanse

– Den største utfordringa er nok per i dag er at psykologar ikkje har så mykje kunnskap om det tekniske rundt personvern, seier Kaja Betin, leiar i DigPsyk.

Ho meiner det fører med seg ein viss risiko for at enkelte behandlarar og behandlingsstadar vel løysningar som ikkje er sikre nok eller som er så sikre som dei kan vere.

Foreininga er psykologane si foreining for digital helse og er organisert som ei fagleg interesseforeining under Norsk psykologforeining.

Dei ønskjer klarare retningslinjer for kva verktøy som er best med tanke på personvern og kor brukarvenlege tenestene er for psykologen og pasienten.

Kor lang tid tar det å få til god behandling gjennom for eksempel terapi over videonettprat?

– Det tar ikkje nødvendigvis så lang tid å sosialisere pasienten og behandlaren inn i det formatet, for dei fleste går det relativt kjapt å venje seg til denne måten og snakke saman på, seier Betin.

Kaja Betin, leiar i Digipsyk.

SPØR ETTER RETTLEIING: Kaja Betin, leiar i DigPsyk.

Foto: Digipsyk

Lagar oversikt over videoverktøy for psykologar

– Vi lagar ein oversikt saman med Norsk Helsenett over videokonsultasjonsløysningar som nyttast av fastlegar i dag og som derfor burde fungere for psykologane og, seier Juridisk direktør i Direktoratet for e-helse, Birgitte Jensen Egset.

Ho fortel at tjenestane som allereie er i bruk av fastlegar er testa og rsiikovurdert og forsvarleg å bruke.

Direktoratet for e-helse gjev normalt ikkje anbefalingar om kommersielle løysningar. No har dei likevel gjort det som følgje av situasjonen vi er i.

– Vi ser på om det finst videoløysningar som vert brukt elles i samfunnet som vi kanskje kan anbefale i helsesektoren, men då er det vesentleg at dei oppfyller tekniske minimumskrav og at dei er enkle å bruke for folk, seier Egset.

Status Norge

Sist oppdatert: 06.04.2020
5758
Smittet
313
Innlagt
75
Døde

SISTE NYTT

Siste meldinger