Hopp til innhold

Mistenkt russisk spion gripen i Tromsø

Ein brasiliansk statsborgar blei gripen på veg til jobb i Tromsø måndag føremiddag. PST trur han eigentleg er russisk, og jobbar for russisk etterretning.

Kveldsbilde av Tromsø

Mannen blei gripen på veg til jobb i Tromsø måndag.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB

Tinghuset i Tromsø tysdag morgon. Ute er det lettskya, fint ver og minus 3 grader. Inne er det roleg og folketomt i foajeen. Utanfor rettssal 8 held to politimenn vakt. Inne i rettssalen er det sivilt politi.

Ein mann i 30-åra står i vitneboksen og forklarar seg.

PST meiner mannen er ein såkalla «illegalist», det vil seie ein person som har bygd seg opp ein identitet som vanleg borgar, medan han i det stille jobbar for utanlandsk etterretning.

– Vi har bede om at ein brasiliansk forskar ved Universitetet i Tromsø blir utvist frå Noreg fordi vi meiner han representerer ein trussel mot grunnleggande nasjonale interesser, seier assisterande PST-sjef Hedvig Moe til NRK.

Den russiske ambassaden seier i ein e-post til NRK at dei ikkje er klar over kven eller kva det dreiar seg om.

– Generelt sett, i det siste har spionmani vore aktivt fremma i Noreg. Det nemnast i denne samanheng russiske fiskefartøy, russiske forskingsskip, droneflyvning, fotografering og liknande, skriv ambassaden til NRK, og fortset:

– Det gjeld heilt forskjellige saker, men dei har eit felles emne: alt det russiske – enten det er offentlege etatar, private selskap eller enkeltpersonar – er mistenksamt og luktar spionasje. Det at forskjellige saker kjem på laupande band er utan tvil ikkje tilfeldig. Alt dette er politisk bestilt.

Mistenkt for ulovleg etterretning

PST skriv på sin Twitter-konto at mannen er mistenkt for brot på straffelovens paragraf 121, ulovleg etterretning som kan skade grunnleggjande nasjonale interesser.

Han er også mistenkt for brot på straffelovens paragraf 126b, som handlar om ulovleg etterretning som kan skade andre statar sin sikkerheitsinteresser. PST har starta etterforsking på bakgrunn av siktinga, skriv de vidare.

Justisminister Emilie Enger Mehl seier til NRK at PST har bedt Justisdepartementet om å vurdere tilbakekalling av opphaldsløyve og utvising.

– Det har departementet gjort, og på bakgrunn av opplysningane vi har teke imot er det gitt eit førehandsvarsel om tilbakekalling av opphaldsløyve og om utvising, seier Mehl.

Ho meiner også at det er viktig at tenestene følgjer opp dette på ein god og riktig måte.

– Regjeringa har styrkt politiet og PST nettopp for å avdekke og hindre spionasje og sabotasje, med spesielt fokus på Nord-Norge.

Internert i fire veker

PST meiner mannen eigentleg er ein russisk statsborgar på oppdrag for Russland under brasiliansk dekke, og krev at mannen skal bli utvist.

Ifølge avgjerda til tingretten sende Justis- og beredskapsdepartementet eit varsel om mannen 20. oktober, der dei skreiv at han var ein trussel mot grunnleggande nasjonale interesser.

Saka blei behandla som ei utlendingssak, og retten avgjorde at mannen skal internerast i inntil fire veker medan saka blir behandla.

Assisterende PST-sjef Hedvig Moe

Assisterande PST-sjef Hedvig Moe seier dei har samarbeidd internasjonalt for å avsløre mannen.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

Mannens advokat, Thomas Hansen, seier til NRK at klienten hans stiller seg uforståande til skuldingane.

– I korte trekk kan eg seie at han motset seg interneringa, og ikkje er samd i grunnlaget for ho. Eg har fått svært lite konkret informasjon om saka til no.

Forska på nordområda

Det er første gong PST har arrestert ein dei meiner er illegalist i Noreg. Mannen kom til Noreg på eit forskaroppdrag ved Universitetet i Tromsø hausten 2021. Her har han blant anna forska på nordområda og hybride truslar.

– PST er uroa for at han kan ha tileigna seg eit nettverk og informasjon om Noregs politikk i nordområda. Sjølv om dette nettverket eller informasjonen bit for bit ikkje er ein trussel mot rikets sikkerheit, er vi urolege for at informasjonen kan bli misbrukt av Russland, seier Moe.

Rektor ved Universitetet i Tromsø Norges arktiske universitet Dag Rune Olsen.

Rektor ved Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet Dag Rune Olsen.

Foto: Annika Byrde / NTB

Rektor ved Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet, Dag Rune Olsen, seier til NRK at han er kjent med det som har skjedd, og at dei blei informert om pågripinga måndag.

– Vi er orientert, og tek det til etterretning. Vi legg til grunn at dette blir handtert av politiet på ein trygg måte, seier han.

Administrasjonsdirektør ved UiT, Jørgen Fossland, seier til NRK at det er politiet som må svare på spørsmål om det var kollegaer av mannen som slo alarm. På spørsmål om mannen hadde tilgang til sensitiv informasjon i stillinga han hadde, svarer han også at det er politiet som må svare.

PST har samarbeidd med andre lands sikkerheitstenester i denne saka, seier Moe.

– Det internasjonale samarbeidet er viktig i arbeidet med illegalistar fordi dei er veldig forsiktige, og er ofte gode til å skjule seg og operere over lang tid i landet dei opererer i.

«The Americans» på ekte

Ifølge PST har Russland over lang tid brukt illegalistar i etterretningsarbeidet sitt. Likevel er det svært sjeldan at slike etterretningsarbeidarar blir avslørte.

– Ein illegalist jobbar veldig langsiktig, og har ei livshistorie som er bygd opp over lang tid. Dei har som regel ikkje eit direkte spionoppdrag. I mange tilfelle er oppdraget heller å legge til rette for den meir konkrete spionasjen, som å skaffe agentar, nettverk og tilgang til sensitiv informasjon, seier Moe.

Bilde fra TV-serien "The Americans"

TV-serien «The Americans» med Matthew Rhys og Keri Russell i hovudrollene, var ei fiktiv historie om sovjetiske illegalistar i USA under den kalde krigen.

Foto: FX, Netflix

Bruken av illegalistar stod sentralt i den amerikanske serien «The Americans», som mange nordmenn har fått med seg. I serien blir følger vi to KGB-agentar som bur i USA og driv eit reisebyrå og samstundes som dei løyser oppdrag for russisk etterretning.

Anna Chapman

Men dei siste åra har det vore saker som har vist at dette ikkje er noko som berre skjer i fiksjonen eller høyrer den kalde krigen til.

I 2010 rulla FBI opp eit russisk nettverk av illegalistar og sovande agentar. Den mest omtalte av desse var Anna Chapman, som blei arrestert i New York skulda for spionasje på vegner av Russland.

den russiske spionen Anna Chapman

Anna Chapman fekk kjendisstatus både i Russland og USA etter at ho blei avslørt som russisk spion i 2010.

Foto: Dmitry Lovetsky / Ap

I USA dreiv ho ei nettside for internasjonalt sal av eigedommar. På same tid fekk ho innpass i sosiale krinsar der ho kunne samle informasjon som ho sende vidare til Moskva.

Då ho blei teken, vedgjekk ho at ho hadde operert som agent, og blei send tilbake til Russland som ein del av ei stor utveksling mellom USA og Russland i 2010. I Russland fekk ho kjendisstatus, og har blant anna arbeidd som modell og programleiar i TV.

Latin-amerikanske identitetar

I sommar skreiv gravenettverket Bellingcat om ei russisk kvinne som hadde tett sosial kontakt med sentrale Nato-offiserar i Italia. Etter ti år blei ho avslørt.

I tida då ho budde i Italia sa kvinna at ho var frå Peru, og jobba som smykkedesignar. Ho snakka flytande engelsk og italiensk, men var eigentleg dotter av ein oberst i det russiske militære.

Førre helg skreiv The Economist ei sak om ein ung mann frå Brasil, som hadde studert i USA og fått praksis i Den internasjonale straffedomstolen i Haag. I april blei han avslørt som russisk etterretningsoffiser, og blei arrestert i Amsterdam.

Les også: Seks russere pågrepet på en uke: – På jakt etter infrastruktur og personer

p4N8eW42hi4
p4N8eW42hi4

PST seier land frå Sør-Amerika ofte blir brukt når ein treng falske identitetar og identitetspapir fordi mange av landa manglar sentrale folkeregister.

– Illegalistar opererer med ein annan identitet enn det ein er fødd med. Då treng ein falske identitetspapir, og det blir gjerne gjort ved å bruke identiteten til ein død person. Vi veit at Russland tidlegare har brukt søramerikanske identitetar, og i denne saka meiner vi dei har brukt ein brasiliansk identitet, seier Moe.

Eit dilemma

PST seier dei valde å gripe inn no fordi dei meinte dei hadde nok informasjon til å aksjonere no, og avbryte det dei meiner var ein etterretningsoperasjon.

Men Moe seier det alltid er eit dilemma når det er rett å gjere dette.

– På den eine sida er vi avhengige av å skaffe oss nok informasjon til at vi kan vere sikre på at dette er ein etterretningsoffiser, og ikkje ein utanlandsk forskar, som vi ønsker i norsk akademia. På den andre sida må vi passe på at det ikkje går for langt, den jobben som blir gjort for russisk etterretning.

Les også: PST-teori om droneaktivitet: Spionasje eller skape frykt og usikkerhet

Hedvig Moe, assisterende Politiets sikkerhetstjeneste (PST)-sjef under pressekonferanse om etterretningstrusselen mot Norge.
Hedvig Moe, assisterende Politiets sikkerhetstjeneste (PST)-sjef under pressekonferanse om etterretningstrusselen mot Norge.

Retting: I ein tidlegare versjon av denne saka stod det at mannen var fengsla. Det korrekte skal vere at mannen er internert.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ