Hopp til innhold

Politiet intensiverer no jakta etter ulovlege elsparkesyklar

Den siste veka har politiet stoppa fleire på elsparkesyklar som køyrer altfor fort. – Etter eit kjapt Google-søk, såg vi at denne kunne køyre 50 kilometer i timen, seier Frank Halse i Oslo-politiet.

Politiet og Vegvesenet står ved sidan av ein beslagladt el sparkesykkel

KONTROLL: I denne garasjen testar Statens vegvesen beslaglagde køyretøy. T.v. Frank Halse frå Oslo-politiet og Erik Dammen frå Statens vegvesen.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

For han var det med ein gong openbert at køyretøyet ikkje tilhøyrde kategorien sykkel. Det betyr at den køyrer raskare enn 20 km/t, som er den lovlege hastigheita for elsparkesyklar.

Politiet beslagla køyretøyet, som no er hos Statens vegvesen for kontroll.

– Køyrer du ein slik i Oslo sine gater må du rekne med å få vår merksemd.

– Det skal ikkje vere eit lovtomt rom for sparkesyklar som bryt reglane i trafikken, konstaterer Halse, som er seksjonsleiar for trafikk/sjø i Oslo-politiet.

Ved Statens vegvesen sin stasjon på Risløkka i Oslo, får dei stadig inn tvilsame elsparkesyklar.

– Ein ser med fyrste augekast at denne truleg går fortare enn 20 km/t. Den har eit sete, noko ein sparkesykkel ikkje skal ha, seier Erik Dammen, som er kontorsjef for tekniske køyretøy ved Statens vegvesen.

På golvet i garasjen står det ei maskin som måler farta, når ein plasserer framhjulet på den.

Beslaglagt, ulovleg el sparkesykkel

TEKNISK KONTROLL: Sete er ikkje lov på ein sparkesykkel. Statens vegvesen har fleire gongar sett at syklane dei får inn har for dårlege bremser i forhold til den høge hastigheita dei kan køyre i. Mange av syklane har også gummihjul som ikkje toler den høge farta.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

48,4 km/t

Fleire av elsparkesyklane har ein knapp, eller ei leidning som kan koplast til for å få større fart. På denne sykkelen, heiter knappen sport. Sykkelen kjem raskt opp i 48,4 km/t.

Det er mest 30 kilometer over den lovlege grensa på 20 km/t. Når knappen er av, kjem sykkelen opp i 28 km/t, noko som framleis er over den lovlege grensa.

– Med eit menneskje med god vekt oppå, får denne ei lang stoppelengde. Og når ein kjem opp i ei hastigheit på over 20 km/t, so vil den byrje å riste og verte svært ustabil, seier Dammen.

Dårlege bremser og hjul som ikkje toler den høge farta, er gjennomgåande problem med desse sparkesyklane.

– Ingenting med desse syklane er laga for å tole ei so høg fart, so den er ikkje trafikksikker å køyre med, forklarer Dammen, før han held fram:

– Det har vore mange uhell og mange mindre skadar, men det er eigentleg berre eit tidsspørsmål før det går ordentleg gale. Dette må vi finne ei løysing på.

Lett tilgjengeleg

På Prisguiden.no, kan ein lett søke opp leverandørar som sel sparkesyklar i Noreg.

Mange av dei ein kan kjøpe på nettbutikkar, køyrer ulovleg fort. Her er det elsparkesyklar som køyrer 32 km/t, 50 km/t og so er det også sparkesyklar som kan kome opp i ei hastigheit på heile 120 km/t til under 10.000 kr.

– Dette er ikkje bra, seier Halse.

Politiet påpeiker at dette i utgangspunktet er motoriserte køyretøy, som skulle vore registrerte. Men at ein ikkje vil få dei registrert fordi dei er ulovlege.

– Det er køyretøy med ytingar ein kan samanlikne med ein moped, som gjer at ein eigentleg burde hatt førarkort for å køyre dei.

Screengrab av el-sparkesykkel som Power sel i Noreg.

FOR RASK: Denne elsparkesykkelen som Power sel, kan køyre 25 km/t, det er over den lovlege hastigheita i dag.

Fleire av syklane kan sjå ut som ordinære sparkesyklar, men det betyr ikkje at det er greitt å køyre dei.

– Vi ønskjer at folk skal vere meir bevisste på kva dei kjøper, seier Halse.

Han meiner også at butikkane har eit moralsk ansvar som seljarar.

Informasjon til kundar

Power er ein av leverandørane som sel elsparkesyklar som går for fort. Modellen på bilete over er ein av dei. Denne kan køyre i 25 km/t.

Power opplyser i nettbutikken at «modellen har ei topphastigheit som er for høg for at den vert klassifisert av Statens vegvesen som «sykkel» (maks 20 km/t)».

Men dei skriv ingenting om at den faktisk er ulovleg å køyre.

I ein e-post til NRK skriv Power at det ikkje er ulovleg å selje elsparkesyklar som køyrer over 20 km/t. Dei påpeiker også at dei har lagt ved ei lenke til Statens vegvesen si side med regelverket, under bilete av sparkesykkelen.

Dei har no lagt ved denne informasjonen i kvitteringa, når kundar kjøper elsparkesykkelen som er avbilda over:

«Kunde informert om at modellen ikkje tilfredsstiller regelen om hastighetsbegrensning satt av Statens vegvesen».

Born og rusa sjåførar

Det har vore fleire ulukker med sparkesyklar den seinaste tida. Det er ein av grunnane til at politiet no har auka fokus på problemstillingane rundt sparkesyklar.

I Oslo ser ein fleire born som suser av garde på elsparkesyklar

– Dette er køyretøy som går 50, 60 og opp til 120 km i timen. Foreldre tenkjer kanskje at her er det eit køyretøy som barnet mitt kan køyre utan aldersavgrensing, seier Halse, og held fram:

– Eg tenker at det ansvaret ein har som foreldre er å følgje med på kva barna gjer og at det er det som vert kjøpt, er i samsvar med det regelverket som er.

Undersøkingar frå Oslo Legevakt viser at ved dei fleste av sparkesykkel-ulukkene som har skjedd på natt og kveld, so har det vore alkohol inne i bilete

– Ein veit at alkohol svekker impulsar og ting, so det er svært uheldig å nyte alkohol for so å køyre sparkesykkel, seier Dammen.

Politiet vil i tida framover samarbeide med samferdselsmyndigheitene for å sjå på rammer og restriksjonar som skal leggast til grunn for bruk av elsparkesyklar.

– Om ein følgjer reglane, tek omsyn og parkerer der ein skal, so tenker eg at dette køyretøyet er kome for å bli, avsluttar Halse.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger