Hopp til innhold

Vil etterforske hatytringar mot prideparaden

Oslo-politiet vil etterforske hatefulle ytringar som kom under ei direktesending på TikTok frå pride-toget i hovudstaden.

Hatkommentarer på Pride-sendingen

HATMELDINGAR: Under ei direktesending frå prideparaden i Oslo, blei det lagt ut fleire hatefulle meldingar mot skeive.

Foto: TIKTOK

Laurdag møtte over 90.000 personar opp for å delta i feiringa av pride i Oslo. Mange ønskte å delta og ta byen tilbake, eitt år etter at to menn blei drepne og 23 skadde i ei skyting mot utestadar i Oslo i 2022.

Men etter paraden fekk politiet inn tips om at det var posta fleire trugande og hatefulle kommentarar i samband med ei direktesending frå toget på TikTok.

Politiet valde difor å opne etterforsking, seier politiadvokat Anders Briskodden ved Nasjonalt kompetansemiljø innan hatkriminalitet i Oslo politidistrikt.

– Det var ein del ytringar som retta seg direkte mot deltakarar i paraden. Blant anna med truslar om bruk av vald og andre nedsettande kommentarar om dei som gjekk der.

Kraftig auke

Politiet er avhengige av tips frå publikum for å kunne oppdage hatefulle ytringar på nett.

Det får dei kvar dag.

– Vi oppmodar folk til å melde frå til politiet. Anten ved å møte opp på ein politistasjon, eller ta eit skjermbilete av kommentaren og relevant kontekst, og sende det elektronisk til politiet, seier Briskodden.

Les også Mange gruer seg til pride: – Jeg frykter for livet mitt og for livet til vennene mine

Bilde av Mathea Monclair og Kari Hegstad som sitter ved siden av hverandre hjemme.

Og det er mange som har følgd oppmodinga.

I Oslo blei det i juni i fjor meldt inn 20 saker om hatkriminalitet mot skeive. I juni i år er talet 70 saker. I første halvår i år var det i overkant av 200 saker om hatkriminalitet i Oslo.

– Det vil seie at rundt ein tredel av alle hatkrimsaker i Oslo i år har kome inn i juni, og er retta mot skeive.

Mange unge gjerningsmenn

Briskodden er usikker på kva som er grunnen til auken i melde saker. Det kan hende auka merksemd rundt hatefulle ytringar mot skeive har gjort det lettare å melde frå.

Hatkommentarer på Pride-sending
Foto: TIKTOK

I tillegg meiner han politiet har fått betre kunnskap, både i korleis dei behandlar slike saker og korleis dei registrerer sakene slik at dei blir meir synlege i statistikken.

Anders Briskodden, politiadvokat, Oslo politidistrikt

Anders Briskodden, politiadvokat i Oslo-politiet.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

– Så kan det også hende at det faktisk skjer meir hatkriminalitet der ute. Men dette er faktorar som spelar saman, seier han.

Les også Flere prideflagg skal ha blitt stjålet i løpet av helgen: – Er jeg trygg her?

Patricio Villanueva Donoso står ved siden av flaggstangen på Ål Folkehøgskole og holder en avklippet snor.

Nyleg kom politiet med ein rapport om meldt hatkriminalitet i Noreg i fjor. Der viser statistikken at det er særleg ei gruppe som går etter det skeive miljøet.

– Vi ser at ved hatkriminalitet mot skeive er gjerningspersonane gjennomgåande yngre enn ved annan type hatkriminalitet.

Statistikken for i år er enno ikkje klar, men førebelse tal viser noko av den same tendensen, seier Briskodden.

Les også Historisk pride i Oslo: Se antrekkene

1 Oslo pride

AKTUELT NÅ