Hopp til innhold

Politi vist bort frå fly under transport av asylsøkjar

Då asylsøkjaren skreik ut at han kom til å bli drepen i Iran, drog politiet ein plastpose over hovudet hans, hevdar flypassasjer som reagerte.

Bakerste rad Turkish Airlines

Feri Gaulin var vitne til at to polititenestemenn skulle eskortera ein uroleg asylsøkjar ut av landet med Turkish Airlines frå Gardermoen til Istanbul. Ho og fleire andre reagerte på politiet sin oppførsel, og kapteinen kasta både politi og asylsøkjaren ut av flyet.

Foto: Feri Gaulin

Tysdag denne veka skulle to polititenestemenn følgja ein asylsøkjar som har fått avslag ut av landet. Lenge før passasjerane fekk gå om bord i Turkish Airlines-flyet, rute TK1752 Oslo – Istanbul, hadde dei tre tatt plass på bakarste seterad.

Asylsøkjaren i midten, ein politimann på kvar side.

« ... for dei skal drepa meg!»

Feri Gaulin, opphavleg frå Iran, men gift norsk, fekk seteplass to rader lenger framme, og såg først ikkje mannen mellom dei to polititenestemennene for han hadde bøygd hovudet ned mellom beina.

– Men brått høyrde eg han ropa «Nei, eg vil ikkje til Iran! Eg vil ikkje dit for dei skal drepa meg!», fortel Feri Gaulin til NRK.

Ho prøvde å sjå kven som skreik.

– Men eg såg berre dei to andre mennene før han så ropte meir; «No får eg ikkje pusta – eg får ikkje pusta!». Og så blei det heilt stille.

– Han fekk ikkje pusta

Ho seier til NRK at det såg ut som politifolka hadde tredd ein kvit plast søppelpose over hovudet hans.

– Han hadde tårer, var sveitt og sikla. Den kliss våte posen klistra seg til ansiktet hans, og det var tydeleg at han ikkje fekk pusta, fortel ho.

Bakerste rad på Turkish Airlines

Asylsøkjaren som skulle ut av landet sat her, mellom to polititenestemenn på bakarste rad i Turkish Airline TK 1752 frå Oslo til Istanbul.

Foto: Feri Gaulin

Avdelingsleiar for felles eining for retur i PU, Svein Arne Hansen, seier følgande om det som skjedde på Gardermoen tysdag denne veka:

– Vi stadfestar at eit forsøk på ei tvangsmessig uttransportering av ein utlending med avslag på asyl vart avbrote, seier Hansen til NRK.

Det er skrive ein rutinemessig rapport etter hendinga.

– Personen hadde på førehand gitt uttrykk for at han ikkje ynskte å reise. Det vart av tryggleiksmessige årsaker vurdert naudsynt å bruke maktmiddel i form av BodyCuff og spyttemaske. Bruk av maktmiddel er i nokre tilfelle naudsynt for å sørge for at personen verken er til skade for seg sjølv eller andre.

Feri Gaulin meinte politiet var alt for brutale i situasjonen, og ho sa kva ho meinte då guten ropte at han ikkje fekk pusta.

– Den eine politimannen spurte meg om eg er norsk. «Nei, eg er ikkje norsk, men eg er norsk statsborgar», sa eg. Då svarte politimannen «Kanskje du også skal pelle deg heim!»

Kapteinen: – Ut!

Feri Gaulin seier ho ikkje var åleine om å reagera, og at kabinpersonalet bad kapteinen koma bak og ordne opp.

– Då kapteinen etter ei stund kom, bad han politiet reise seg, ta med seg asylsøkjaren og forlate flyet, og alle tre gjekk ut bakarste utgangen på flyet som var klar til avgang frå Gardermoen.

Politimannen som ifølgje Gaulin bad henne «pelle seg heim», fekk sjølv beskjed av flykapteinen i Turkish Airlines om nærast «å pelle seg ut av flyet». Sjølv trur Gaulin at politimennene angra på det dei hadde gjort.

– Etter ei stund, kom den eine politimannen tilbake i flyet, og sa: «Eg beklagar kollegaen min sin oppførsel. Han skulle ikkje vore slik mot deg», seier Feri Gaulin.

Kan verke skremmande

Svein Arne Hansen skriv i ein e–post til NRK at maktbruken til politiet er regulert i politilova og politiinstruksen, der det står at politiet kan bruke makt under tenesteutføringa i den utstrekning det er naudsynt og forsvarleg.

Politiet erkjenner også at det ifølgje instruksen kjem fram at det er flykapteinen som har det øvste ansvaret på flyet. Det var kapteinen som bestemte at uttransporteringa måtte avbrytast og at transportførar, transportfølgjesveinane og utlendingen måtte forlate flyet.

Hansen seier at når det gjeld kommentarar som er påstått framsett av politiet sine tilsette mot ein passasjer på flyet, kjenner dei seg ikkje igjen i passasjeren sine beskrivingar av situasjonen eller språkbruken.

– Vi har like fullt forståing for at ein slik situasjon kan verke skremmande, men slik vi vurderer det har politiet i dette tilfellet gjort det dei kunne for å gjennomføre sitt samfunnsoppdrag på ein verdig og trygg måte, seier Hansen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger