Hopp til innhold

Petter (14) er blind: – Læremidla er ikkje gode nok

Blinde elevar slit med dei digitale verktøya i skulen. Likevel vil ikkje Kunnskapsdepartementet innføre ordninga som kan løyse problemet.

Petter og mor siri bruker datamaskina

INNFRIR IKKJE: Ei undersøking av ti digitale læremiddel underkjente alle for dårleg universell utforming. For Petter (14) er slike læremiddel ei utfordring.

Foto: Siri Saugstad / NRK

– Det er jo ikkje kjekt når eg må bruke andre program enn klassekameratane mine. Det er kjipt, seier 9.-klassingen Petter Smedsrud.

Han har ein medfødd augesjukdom som har gjeve han svært dårleg syn.

Fungerer ikkje godt nok

Den digitale utviklinga i skulen burde vere godt nytt for alle elevar. Men mange læremiddel har ikkje universell utforming og tilrettelegging for born med funksjonsnedsettingar.

Petter skrur på datamaskina si. Ved å bruke skjermlesar og leselist for punktskrift navigerer han seg til ei ordbok på nett. Han får rettleiing av mora Siri Smedsrud.

Koden på ei nettside er avgjerande for om ho fungerer med hjelpemidla Petter og andre med synsnedsetting brukar.

Han får lese opp definisjonen av ordet «hytte». Men skjermlesaren hoppar over bøyingstabellen, for denne er ikkje koda til å bli opplesen.

– Det er jo heile poenget med ei ordbok, seier ei oppgjeve mor bak han.

Lang handsamingstid

Saman med Mette Bævre har ho skipa organisasjonen Foreldre til blinde barn (FTBB). Bævre sin son Julian går i andre klasse, og har sterk synshemming.

Til saman har dei klaga inn eit tjuetals digitale læremiddel til Diskrimineringsnemnda.

Mette og Julian bruker iPad

MATEMATIKK: Mette Bævre hjelper sonen Julian (7) med ein rekneapp som ikkje fungerer som han skal med skjermlesar.

Foto: Siri Saugstad / NRK

– Den fyrste klagen vart sendt i mai i fjor, og han skal opp i nemnda i april, seier Smedsrud.

For at nemnda skal kunne handsame slike saker treng dei ei vurdering frå Tilsynet for universell utforming, som ligg under Digitaliseringsdirektoratet.

Diskrimineringsnemnda vedgår at eit år er for lang tid.

– Likevel må sakene opplysast godt nok, og i IKT-saker må det utførast testar, seier pressekontakt Ashan Nishantha.

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Foto: Ilja C. Hendel

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen kallar situasjonen uhaldbar.

– Dette betyr at ungar får utdanning og læring sett på vent. Det er ikkje akseptabelt, seier Trettebergstuen.

Tydelege retningsliner

Frå Utdanningsdirektoratet vert det stilt ei rekke krav til leverandørane av læremiddel. For at kommunane skal få innkjøpstilskot må læremidla ha universell utforming.

Kontrollen av dette står leverandørane for sjølve. Dei kryssar av i eit eigenmeldingsskjema.

– Når læremidla tilsynelatande oppfyller krava er det liksom eleven som ikkje har god nok digital kompetanse. Det er ei dårleg kjensle i det korte løp, og øydeleggande i det lange, seier Smedsrud.

Julian viser matte-app på iPaden sin

HØGT TAL: I dag er totalt 434 digitale læremiddel tilgjengelege for kommunane.

Foto: Siri Saugstad / NRK

I fjor utførte Oslo Economics ei undersøking av 10 digitale læremiddel i skulen. Alle hadde manglar knytt til den universelle utforminga.

Rapporten konkluderte med at nasjonal kontroll truleg ville vere det mest verknadsfulle tiltaket.

– Vi vart ikkje overraska. Det stadfesta vår bekymring, seier Smedsrud.

Vil ikkje innføre tilrådd ordning

– Kommunane har ikkje tid, ressursar eller kompetanse til å undersøke dette sjølve. For å sikre at digitale læremiddel har universell utforming må det kome ei godkjenningsordning, seier Mette Bævre.

Likestillings- og diskrimineringsombodet er samd med dei. I desember 2021 tilrådde dei at Kunnskapsdepartementet innfører ei slik ordning.

Det utelukkar departementet at dei vil gjere.

Kristina Torbergsen, statssekretær for kunnskapsdepartementet

– Det er beklageleg at læremidla vert opplevde som ikkje gode nok, seier Kristina Torbergsen (Ap), statssekretær i Kunnskapsdepartementet.

Foto: Ilja C. Hendel / Kunnskapsdepartementet

– Vidare dialog med utviklarane og Statped er det viktigaste verkemiddelet vårt, seier statssekretær Kristina Torbergsen.

Likestillingsministeren ynskjer endring.

– Eg vil ta kontakt med kommunal- og distriktsministeren samt kunnskapsministeren for å saman finne ei varig løysing for elevar med desse behova, seier Trettebergstuen.

AKTUELT NÅ