NRK Meny
Normal

Pegida: - Ikkje hat-bodskap

OSLO SENTRUM (NRK): Om lag 190 menneske deltok i tyske Pegida sin antiislamske demonstrasjonen i Oslo måndag kveld. Initiativtakaren avviser at dei har med seg eit hatefullt bodskap.

Pegida demonstrerer mot islam i Oslo

Max Hermansen (midten) er initiativtakaren bak den tyske, antiislamske protestrørsla Pegida sin første demonstrasjon i Noreg.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Den tyske antiislamske protestrørsla Pegida demonstrerte i kveld for første gong i Noreg ved Rådhuset i Oslo. Rørsla kjempar mot muslimsk innvandring og påverknad frå islam.

– Me blir møtt med kritikk og ein masse skit uansett kva me prøver å seia om muslimsk innvandring. Det er alvorlege problem med muslimsk innvandring og islam i Noreg. Det må me snakka om og ikkje stikka hovudet i sanden, seier Pegida sin frontfigur i Noreg, Max Hermansen til NRK.

– Humanisme, ikkje hat

Pegida-demonstrantar går i tog mot islam

Mange av deltakarane i Pegida sin demonstrasjon mot islam i Oslo bærer norske flagg.

Foto: Ellen Borge Kristoffersen / NRK

Ifølgje politiet møtte rundt 190 menneske opp til Pegida-markeringa ved Rådhuset.

– Eg håpar ikkje de er kalde. Slik opna Hermansen sin appell til støttespelarane som hadde trossa vinterkulda denne Oslo-kvelden for å visa at dei ikkje vil ha muslimar i Noreg.

– Nei, me er varme om hjarta, ropa ein kvinneleg meddemonstrant til svar.

Det er det mange som er ueinige i.

Markeringa mot islam vekkjer harme hjå mange organisasjonar og privatpersonar i Noreg. Om lag 1000 menneske tok i kveld til motmæle «mot hat og stigmatisering» og danna ein motdemonstrasjon som vart avslutta med appellar utanfor Stortinget i Oslo.

Blant motdemonstrantane var biskop Ole Christian Kvarme, som tala om fred og fellesskap.

Hermansen avviser at rørsla kjem til Noreg med eit hatefullt bodskap.

– Me kjempar for at vestlege verdiar og humanismen skal vera einerådande i Noreg. Muslimsk innvandring og islam er med på å endra samfunnet vårt til det verre.

Initativtakaren til Pegida-demonstrasjonen i Oslo, Max Hermansen, held appell mot muslimsk innvandring i Noreg.

Om lag 190 menneske møtte opp for å støtta antiislamske Pegida sin demonstrasjon i Oslo nmåndag. Her kan du sjå initiativtakar Max Hermansen sin appell til dei oppmøtte.

Merkel åtvarar mot Pegida

Angela Merkel sin nyttårstale 2014

Den tyske forsbundskanslaren åtvara i sin nyttårstale i 2014 mot Pegida sin frammarsj og bodskap i Tyskland, der mange tusen møter opp til den antiislamske rørsla sine demonstrasjonar kvar måndag.

Foto: POOL / Reuters

Hermansen er offiser, lærar og forfattar og hevdar å representera den gjengse norske borgar.

– Me er folket. Me er norske vanlege menneske. Det er på tide at me får lov til å delta i samfunnsdebatten om «elefanten i rommet», seier Hermansen og refererer med det til muslimsk innvandring.

«Me er folket», eller «Wir sind das Volk» har blitt Pegida sitt slagord. Kampropet er teke frå den fredelege revolusjonen som velta kommunist-diktaturet i Aust-Tyskland i 1989.

Den tyske forbundskanslaren Angela Merkel åtvara i sin nyttårstale mot Pegida og kritiserte det ho meiner er misbruk av det austtyske slagordet for å oppfordra til ekskludering av innvandrarar på bakgrunn av religion og hudfarge.

Vil demonstrera i Noreg kvar måndag

Max Hermansen

Max Hermansen er utdanna offiser og historikar. Han jobbar no som lærar.

Foto: Privat

Hermansen er nøgd med kveldens oppmøte, men presiserer at at hovudmålet er å etablera Pegida som ei fast røyst mot islam i Noreg.

– Det er ikkje det vesentlegaste kor mange som kjem i dag, men at me kjem i gang. Me skal ha demonstrasjonar kvar måndag klokka 18.30 framover og håpar at det spreier seg til andre delar av Noreg, sa Hermansen i forkant av kveldens markering.

I Dresden i Tyskland har opptil 15.000 menneske delteke under dei antiislamske demonstrasjonane som har blitt skipa til av Pegida kvar måndag dei siste 12 vekene.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger