Hopp til innhold

Aukar beredskapen i Oslo sentrum

YOUNGSTORGET (NRK): – Me tek høgde for at ting kan skje, seier innsatsleiaren i Oslopolitiet i forkant av to parallelle demonstrasjonar med vidt forskjellige bodskap i hovudstaden måndag kveld.

– Me tek høgde for at ting kan skje, seier Innsatsleiar i Oslo politidistrikt Brian Skotnes i forkant av demonstrasjonane i Oslo måndag kveld. Pegida demonstrerer mot muslimsk innvandring, medan ein motdemonstrasjon arrangerer fakkeltog mot hat og stigmatisering.

Politiet stiller mannsterke under dei to demonstrasjonane mot høvesvis muslimsk innvandring og mot hat og stigmatisering i Oslo måndag kveld. Borgarane skal ha ein trygg kveld, seier innsatsleiaren i Oslo politidistrikt Brian Skotnes.

Klokka 18.30 måndag kveld demonstrerer protestrørsla Pegida (Patriotiske europearar mot islamisering av Vesten) for første gong i Noreg ved Rådhuset i Oslo.

Rørsla er motstandar mot innvandring frå muslimske land og skriv på Facebook at den demonstrerer «på humanistisk grunnlag», .

Parallelt blir det skipa til ein motdemonstrasjon, eit« solidaritetstog mot hat og stigmatisering» som skal marsjera frå Youngstorget til Stortinget. Ifølgje politiet er begge demonstrasjonane lovlege og skal etter planen ikkje møta kvarandre undervegs.

Politiet er likevel førebudde på at det kan bli uro og var måndag ettermiddag i møte for å vurdera situasjonen.

– Me tek høgde for at ting kan skje og har mannskap til stades for å følgja begge demonstrasjonane. Me har også moglegheiter for å justera opp beredskapen ved behov, seier innsatsleiar i Oslo politidistrikt Brian Skotnes.

Norske islam-motstandarar stiller

Ronny Alte

Tidlegare leiar i den islamkritiske protestgruppa Norwegian Defence League, Ronny Alte, deltek i demonstrasjonen til Pegida som startar kl. 18.30 måndag kveld.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK
Max Hermansen

Max Hermansen er initiativtakaren til Pegida-demonstrasjonen i Noreg mot det han meiner er 'den totalitære ideologien islam'.

Foto: Privat

Pegida har meldt frå til politiet om at dei ventar mellom 20 og 200 deltakarar i sin første demonstrasjon i Noreg. Motdemonstrasjonen blir skipa til av muslimen og samfunnsdebattanten Thee Yezen al-Obaide, som har varsla om meir enn 1000 påmelde.

Blant dei som har varsla at dei stiller i Pegida-demonstrasjonen, er den tidlegare leiaren av den islamkritiske protestgruppa NDL (Norwegian Defence League) Ronny Alte og Stig Andersen, leiaren i SIAN (Stopp islamiseringen av Norge).

– Politiet har både synlege og usynlege ressursar i Oslo by for å sikra at demonstrasjonane går fredeleg føre seg og at dei får ytra sine appellar, fortel Skotnes i politiet.

– Borgarane skal ha ein trygg kveld, legg innsatsleiaren til.

Markerer avsky mot Paris-terroren

Markeringa til #Solidaritetstog skulle i utgangspunktet vera ein rein motdemonstrasjon mot Pegida, men parolegrunnlaget er utvida etter massakren i Paris førre onsdag.

«Me samlar oss for å markera avstand frå den terroren som råka Charlie Hebdo med etterfølgjande gisselaksjonar», står det på Facebook-sida til #Solidaritetstog.

På Eidsvolls plass utanfor stortinget blir det appellar, blant anna frå biskop Ole Christian Kvarme, talsmannen for Minhajmoskeen Mohammad Al-Siddiq og frå initiativtakaren til demonstrasjonen Thee Yezen al-Obaide.

Den islamkritiske protestrørsla Pegida oppstod i Tyskland i oktober i fjor. Før jul deltok opptil 15.000 menneske i Pegida sine markeringar i austtyske Dresden. No seier den norske arrangøren Max Hermansen at dei planlegg å ha ein demonstrasjon her i landet kvar veke.

Direkte NRK Nyheter

NRK.no sender direkte frå Oslo sentrum frå klokka 18 i samband med demonstrasjonane.

AKTUELT NÅ