Hopp til innhold

PCOS er eit av dei vanlegaste kvinnesyndroma, men nesten ingen kjenner til det

15 prosent av alle kvinner har syndromet PCOS, som gir alvorlege helseproblem. Likevel har nesten ingen legar eller gynekologar god kompetanse på syndromet, meiner ekspert.

Kvinner med PCOS

UØNSKT HÅRVEKST- OG TAP: Bileta viser ei kvinne med syndromet PCOS. Både tap av hår og auka hårvekst er mogleg å behandle.

Foto: Institutt for klinisk medisin, UIO

– Dette er ei betydeleg stor gruppe med pasientar som ikkje blir sett og som heller ikkje viser seg fram, seier Jan Roar Mellembakken, overlege ved Rikshospitalet i Oslo.

Han er ein av få i Noreg som forskar på og behandlar kvinner med Polycystisk ovariesyndrom (PCOS). Syndromet rammar 15 prosent av alle kvinner mellom pubertet og overgangsalder.

Syndromet gir alvorlege helseproblem. Både hormonelle lidingar, diabetes, overvekt, uønskt hårvekst og vanskar med å bli gravid. Samtidig er det mykje ein ikkje veit om syndromet.

Anette Hansen

STÅR FRAM: Anette Hansen ønsker at fleire skal snakke om syndromet PCOS mange kvinner har, men som ein ikkje kjenner årsaka til.

Foto: Helle Fjelldalen / NRK

– Min fastlege i dag veit ingenting om PCOS. Det er forkasteleg når det er så mange symptom som følgjer og så mange psykiske plager, seier Anette Hansen.

Ho er blant mange kvinner med PCOS, men av dei få som står fram. Då ho fekk menstruasjon i 14-årsalderen oppdaga ho at noko ikkje var som det skulle.

– Det var heilt forferdeleg å gå på skulen, fordi eg så ofte blødde gjennom, seier Hansen.

Etter kvart fekk ho stadig sjeldnare menstruasjon, av og til med fleire månaders mellomrom. Til slutt enda det med at mora tok ho med til gynekologen sin.

Der fann dei store cyster på eggstokkane. Hansen fekk p-pillar for å stabilisere menstruasjonen og beskjed om at det var stor sjanse for at ho aldri ville få barn. Meir enn det fekk ho ikkje vite.

Etter nokre år på p-pilla fekk ho blodpropp i lungene, og måtte slutte med den einaste medisinen ho kjente. Dette sette ho i kontakt med Mellembakken på Rikshospitalet, som opererte ho for cystane.

Vanskar med å bli gravid

Kvinner med PCOS har mange fleire egg enn vanlege kvinner. Desse egga ligg i små eggposar som lagar ekstra mykje hormon. Østrogen, men også testosteron.

– Dei lagar for mykje testosteron, som gjer at menstruasjonssyklusen går i ball. Enten kjem den sjeldan, eller ikkje i det heile. Då har du ikkje eggløysing, og kan ikkje bli gravid heime, seier Mellembakken.

– Vi blir ofte kalla ufriviljug barnlause, men vi med PCOS har stor moglegheit for å få barn, men ein må kanskje ha medisinsk hjelp, seier Hansen.

Hansen har sjølv hatt to seine spontanabortar, noko som er vanleg for kvinner med PCOS. Likevel føler ho seg heldig.

– Eg fekk eit barn, og no har eg ei jente på snart to år, fortel Hansen.

Hårvekst og hårtap

– Kvinner ved vår avdeling mistar hår der dei vil ha hår, og får hår der dei ikkje vil ha hår, seier Mellembakken. Dette er ein annan konsekvens av høge testosteronnivå.

Framfor seg har han eit sett med bilete. Ved første augekast kan det sjå ut som ein mann, men det er ei kvinne.

– Dette kan hemme dei både psykisk og sosialt. Kvinner med PCOS har arveanlegg for depresjon og angst. Hårveksten- og tapet fører til at dei får meir av det, seier Mellembekken.

Det er vist at kvinner med dette syndromet har fem gongar så mykje depresjon, og fire gongar så mykje angst som andre kvinner.

Jan Roar Mellembakken

FORSKAR: Jan Roar Mellembakken er ein av få forskarar på PCOS. Han ønsker fleire med på laget, og meir ressursar for å bli betre kjent med syndromet.

Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

For lågt kunnskapsnivå og forsking

Ifølgje Mellembakken veit dei fleste legar og gynekologar kva PCOS er, men samtidig trur han at dei fleste pasientane ikkje opplever å møte god nok kompetanse.

– Ein satsar alt for lite på forskning. Professorane våre ønsker det, men dei har ikkje midlar. Ei så lita avdeling som vi har ikkje sjanse mot dei store når vi skal konkurrere om forskingsmidlane, seier Mellembakken.

Hansen føler seg heldig som enda opp med å bli sendt til Mellembakken på Rikshospitalet. Men ho etterlyser meir kunnskap om PCOS og årsakene til det.

– Tida er verdifull for oss kvinner. Samtidig er det menn som sitt på den forskinga som ikkje har den same tikkande klokka, med tida som renn ut. Så fleire kvinner på forskingsfronten, seier Hansen.

Endring 11.03.2020: Noen opplysninger er midlertidig fjernet i påvente av publiseringen av en forskningsartikkel.

AKTUELT NÅ