Det er mykje uvêr, nedbør i form av snø og vind i store deler av Noreg.
Fleire fjellovergongar er stengde. I Sør-Noreg er det berre vegane E16 over Filefjell og E134 over Haukelifjell som er opne for fri ferdsel.
Det er kolonnekøyring på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet og frå tysdag morgon er og det også kolonnekøyring på fv. 50 Hol-Aurland.
Desse fjellovergangane er stengde (oppdatert tysdag 8.25):
- Rv 7 Hardangervidda
- Rv 13 Vikafjell
- Rv 15 Strynefjell
- Fv. 53 Årdal-Tyin
- Fv. 705 Stugudal-Brekken
Desse fjellovergangane er opne
- E16 Filefjell
- E134 Haukelifjell
- Rv 52 Hemsedalsfjellet (kolonnekøyring)
- Fv. 50 Hol-Aurland (kolonnekøyring) frå tysdag klokka 8.
HEFTIG VÊR: Slik såg det ut for dei som var med på kolonnekøyring over Filefjell måndag kveld.
Ber folk utsette heimreisa
Statens vegvesen råder folk som skal heim frå påskeferie til å utsette heimreisa. Dersom du likevel må køyre bør du vere forsiktig.
– Når du køyrer i kolonne er i alle fall tryggleiken teken vare på. Du blir losa trygt over fjellet. Køyrer du andre stadar, må du hugse å køyre etter forholda, seier Jeanette Andresen, trafikkoperatør i Statens vegvesen Øst.
Om du ikkje kan vente med å køyre bil til i morgon, minner ho på at du må avpasse farta, køyre etter forholda og ha vinterdekka på.
– Når vinteren brått kjem tilbake, er det ikkje lenger sommarføre, seier ho.
STENGD: Slik ser det ut ved Leiro bom på rv. 7 Hardangervidda.
Foto: Statens vegvesenNi utforkøyringar i Trøndelag
Det er dårleg føre òg i låglandet.
På Svorkmo i Orkland sør for Trondheim hamna ein bil på taket måndag ettermiddag. Bakruta vart knust, men bilisten kom frå det utan skade.
BIL PÅ TAKET: NRKs reporter på staden melde om sørpe på vegen og sterk vind.
Foto: John J. Storholt / John J. StorholtNesten samstundes, i Namsskogan eit godt stykke lenger nord i fylket, hamna nok ein bil på taket. Heller ikkje bilisten her vart skada.
No åtvarar politiet og Statens vegvesen om svært vanskelege køyreforhold, med nysnø og sørpete vegbane fleire stader, kombinert med sterk vind.
Frå måndag formiddag til ut på kvelden rykket naudetatane i Trøndelag ut til ni utforkøyringar fleire stadar i fylket.
– Det er ikkje normalt, konstaterer operasjonsleiar Rune Brandmo i Trøndelag politidistrikt.
Bilistar fekk problem både i Orkland, Snåsa, Verdal, Støren og Steinkjer.
– I tillegg kom ein kollega nyleg inn frå Røros. Også der var det speilglatt. Så det er utfordrande overalt, sjølv om fylket er veldig langstrekt.
Brandmo ber folk om å vurdere fart – og nødvendigheita av å køyre. Det kan vere lurare å bli heime og nyte siste rest av påskeegget.
– Viss ein ikkje må ut og køyre, bør ein sjå det an. Det er meldt vêr og vind i heile kveld, seier han.