Hopp til innhold

Etterlyser kommunepakke: – Inntektene fell med milliardar no

Signala frå regjeringa om kommuneøkonomien etter koronakrisa er for uklare, meiner Noregs største kommune. Finansbyråden i Oslo seier han startar prosessen med å kutte i budsjettet.

Presentasjon av de nye byrådene i Oslo

KUTTVARSEL: Einar Wilhelmsen (MDG) er finansbyråd i Oslo kommune.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Fredag la regjeringa fram nok ei krisepakke. Kommuneøkonomien var ikkje ein del av den, sjølv om norske kommunar meiner dei får ein smell på rundt 20 milliardar kroner.

Situasjonen gir stor uvisse, og gjer at Oslo kommune no startar eit arbeid for å redusere budsjettet sitt, seier finansbyråd Einar Wilhelmsen (MDG) til NRK.

– Uklare garantiar

– Vi får kraftig auka utgifter og stor reduksjon i inntektene våre, og når staten ikkje kan gje oss skikkelege garantiar for kommuneøkonomien må vi gå i gang med å planlegge kvar vi skal kutte i tenester, innkjøp eller investeringar. Inntektene fell med milliardar no, seier Wilhelmsen.

– Kva konkret vil Oslo kommune kutte i?

– Vi må levere samfunnskritiske og lovpålagte oppgåver. Vi har ikkje laga ein plan enno, men det er openbart at det å utsette eller skyve på ulike investeringar, for eksempel byggeprosjekt, er mogleg.

I dokumentet regjeringa la fram for Stortinget i dag står følgande:

«Regjeringen vil i forbindelse med Revidert nasjonalbudsjett 2020 komme tilbake til Stortinget med en samlet vurdering av de økonomiske konsekvensene for kommunesektoren av virusutbruddet, og vil da fremme forslag til ytterligere tiltak for kommunene. Det er ikke et akutt likviditetsbehov i kommunesektoren nå.»

Wilhelmsen meiner det er for seint å få reelle avklaringar rundt dette i revidert budsjett i mai.

– Men signala frå kommunalministeren om at staten skal stille opp for kommunane er jo ganske tydelege. Kvifor er ikkje det nok?

– Fordi vi må ha sikkerheit for kva slags økonomi vi skal ha framover. Det arbeidet må vi starte med no dersom budsjettet vårt skal kunne gå i balanse.

Stortinget etterlyser kommunepakke

Det har hagla med økonomiske krisepakkar dei to siste vekene. Den til kommunane let førebels vente på seg.

SV stortingsgruppe

VIL HA MILLIARDVEDTAK: Leiar i kommunalkomiteen på Stortinget, Karin Andersen (SV).

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Krisepakke 3 kom fredag utan pengar til kommunane sjølv om alle veit at det trengst over 20 milliardar, seier Karin Andersen (SV), som er leiar i kommunalkomiteen på Stortinget.

Ho tek til orde for at Stortinget løyver minst 10 milliardar no og garanterer for at all inntektssvikt blir dekka. Førebels har Stortinget vedteke ei overordna formulering som seier at «urimelege» meirkostnader blir dekka. Kommunane har vore usikre på kva denne formuleringa betyr i praksis.

– Det er totalt uansvarleg av regjeringa at den verken legg pengar på bordet no, eller garanterer 100 prosent kompensasjon av desse enorme tapa, meiner Andersen.

– Norske kommunar må bli trygga no på at dei får dekka alle dei tapa dei faktisk har som er knytt til koronaepidemien, seier Sigbjørn Gjelsvik (Sp) som sit i finanskomiteen på Stortinget.

Ingen grunn til uro

Kommunalminister Nikolai Astrup (H) meiner kommunane ikkje treng å engste seg for økonomien sjølv om både verda og landet gjennomlever ekstreme tider.

Pressekonferanse i vandrehallen i Stortinget
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Vi kjem til å kompensere kommunane for skattesvikt. Vi kjem til å kompensere dei for anna inntektsbortfall slik vi allereie har signalisert når det gjeld mangalande brukarbetaling for SFO og barnehage. Og vi kjem til å kompensere dei for meirutgifter for eksempel innanfor helse- og omsorgsektoren.

– Kommunane kan vere heilt trygge på at staten kjem til å stille opp for dei, slår statsråden fast.

– Er det ei ugrunna uro frå finansbyråden i Oslo kommune?

– Ja, eg meiner dette er ugrunna. Kommunane skal få økonomiske rammevilkår både til å kome seg gjennom den ekstraordinære situasjoen vi står i og levere gode tenester når krisa er over.

– Så kommunane treng ikkje planlegge for å kutte i sine eigne budsjett?

– Eg meiner tvert imot at det som er viktig no er at kommunane opprettheld mest mogleg vanleg aktivitet. Det er ikkje minst viktig at dei opprettheld dei oppdraga dei hadde tenkt å sette ut til privat næringsliv slik at ikkje kommunane forsterkar konjunkturnedgangen.

Munnlege lovnader ikkje nok

Områdedirektør Helge Eide i KS meiner det er positivt at kommunalministeren er tydeleg på at han vil kompensere kommunane. Men munnlege lovnader er ikkje alltid tilstrekkeleg. Eide peikar på at kommunane må forholde seg til dei føringane som kjem i formelle vedtak frå regjering og storting. I det som er lagt fram til no, er det ikkje krystallklart kva kommunane kjem til å få.

I eit brev til Stortinget fredag ettermiddag ber difor KS om eit vedtak som slår fast at kommunane skal få dekt:

  • reduserte skatteinntekter
  • inntektsbortfall frå brukarbetaling på kommunale og fylkeskommunale tenester
  • auka sosialhjelp
  • meirutgifter til smittevern, helse- og omsorgstenester
  • bortfall av billettinntekter

Bergen og Trondheim ventar med å kutte

I Trondheim kommune er ordførar Rita Ottervik (Ap) nøgd med lovnadane frå Astrup om kompensasjon. Men også ho er oppteken av at Stortinget i neste veke må kome med ei tydelegare avklaring om kva som faktisk blir dekt. Ho meiner det blir for lenge å vente til revidert nasjonalbudsjett med klare svar på dette.

I Bergen ventar også byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) med å planlegge kutt:

– Vi vel å ta statsrådens ord på alvor og legg til grunn at vi får dekka utgiftsauke, inntektssvikt og redusert skatteinngang som skuldast korona.

Han trur koronakrisa vil gje store konsekvensar for arbeidet med kommunebudsjettet i 2021.

– Vi utelukkar ikkje grep i 2020 men er ikkje på det sporet no.

AKTUELT NÅ