Hopp til innhold

KS trur kommunane vil gå 20 milliardar i minus

Norske kommunar og fylke kan få rundt 20 milliardar kroner i smell på grunn av koronakrisa. Det viser ei utrekning frå KS. Kommunane håpar staten dekker alt, men fryktar å stå att med delar av rekninga sjølve.

Besøksforbud på sykehjem

KOSTAR: Ekstra utgifter til helse og omsorg vil koste kommunane milliardar, ifølgje utrekningar frå KS. Dette bildet er teke ved Langerud Sykehjem i Oslo.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Det er ikkje berre næringslivet og enkeltpersonar som får ein økonomisk smell når alt ligg nede på grunn av korona.

Også kommunane førebur seg no på ei stor økonomisk utfordring.

Inntekter ned, utgifter opp

Dei siste dagane har økonomane i store norske kommunar og kommuneorganisasjonen KS rekna på korleis kommuneøkonomien blir i 2020.

Det er eit vanskeleg reknestykke, men det er liten tvil om at det økonomiske bildet ser svart ut:

  • Skatteinntektene går ned
  • Utgifter til sosialhjelp går opp
  • Utgifter til helse- og omsorgstenester går opp
  • Inntekter frå kultur, idrett og andre tenester forsvinn
  • Kommunane taper på investeringane sine
  • Fylka taper på lågare billettinntekter i kollektivtransporten

Nokre plussar er det rett nok:

  • Også kommunane sparer pengar på lågare rente
  • Kommunane sparer på at Stortinget har redusert arbeidsgjevaravgifta

Med plussar og minusar reknar KS med at kommunane vil tape mellom 14,3 og 19,3 milliardar kroner i år.

Fylkeskommunane vil tape i underkant av 3 milliardar. Samla sett om lag 20 milliardar.

KS har då gått ut frå at koronakrisa med dei restriksjonane vi har no varer i om lag to månader.

Skattesmell

Bjørn Arild Gram er politisk valt leiar i KS. Han forklarer kva som skjer.

– Reknestykket viser at det blir både ein kostnadsauke og ein inntektssvikt for kommunane, seier Gram.

Det er skattesvikten som blir det største problemet. Skatteinntektene til kommunane kjem hovudsakleg frå personskatten som kvar enkelt av oss betaler. Når folk mistar jobb og inntekt går også skatten vesentleg ned.

Landstinget KS

Bjørn Arild Gram, som er leiar i KS, seier kommunane treng økonomisk hjelp frå staten.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

KS meiner at skatteinntektene frå innbyggarane til kommunar og fylke vil gå ned med 6,4 milliardar kroner dersom arbeidsløysa (inkludert permitterte) kjem opp i eit årssnitt på 7,7 prosent gjennom 2020. Dersom arbeidsløysa blir endå høgare (11 prosent), vil sektoren tape 8,1 milliardar i berre skatteinntekter.

Tysdag denne veka var 10,4 prosent av arbeidsstyrken arbeidsledige eller permitterte.

Helseutgiftene opp

Samtidig må kommunane rekne med at utgifter til helse og omsorg stig kraftig.

– Smitteverntiltak kostar og sjukehusa vil skrive ut fleire pasientar for å rydde plass til koronapasientar. Desse må kommunane ta seg av. I tillegg vil det koste at kommunane får koronapasientar dei må ta seg av. I sum aukar det presset på helse- og omsorgstenester betydeleg, forklarer Gram.

Dragkamp om rekninga

– Vi meiner at alle reelle kostnadsaukar må bli kompensert av staten viss vi skal halde oppe velferdstenestene, meiner Gram.

Stortinget har allereie vedteke at det skal bli gitt kompensasjon til kommunar og fylkeskommunar for urimelege verknader av skattesvikt, inntektsbortfall og meirutgifter.

Så kvifor er det uro blant kommunane?

Spørsmålet er kva som er «urimeleg». Gram kjenner seg ikkje trygg på kva som vil kome frå regjering og storting.

– Eg er uroa for at vi ikkje skal få dekt alt. Vi treng forsikringar for at kommuneøkonomien blir sikra. Viss ikkje blir bremsene sette på. Og det blir for eksempel vanskelegare å halde på rådet til kommunane om å ikkje permittere kommunalt tilsette dersom ikkje kommunane kjenner seg trygg på kva inntektene blir framover.

– Skal ikkje kommunane vere med på det spleiselaget denne krisa må bli?

– Vi er med og tar denne trøkken, ikkje minst dei tilsette som strekker seg langt. Men det er Stortinget og regjeringa som bestemmer nesten alt av det økonomiske handlingsrommet vårt. Dei må ta ansvaret for å sikre kommuneøkonomien.

For tidleg

Etter det NRK forstår blir det ikkje lagt fram konkrete løyvingar til kommunane når regjeringa i dag legg fram nok ei økonomisk krisepakke.

Kommunalminister Nikolai Astrup møter KS og storbykommunane til møte om utfordringane i føremiddag. I forkant av møtet seier Astrup følgande til NRK:

Pressekonferanse i vandrehallen i Stortinget

KOMPENSASJON: Kommunal- og moderniseringsminister, Nikolai Astrup (H), seier det er for tidleg å seie kor mykje kommunane skal bli kompenserte.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Kommunane leverer nokre av dei viktigaste velferdstenestene i kvardagen til folk. Staten skal sørge for at kommunane kan levere dette også når dette er over.

– Kan kommunane vere trygge på at dei får det viktigaste på denne lista kompensert?

– Vi har vore tydelege på at dei skal bli kompensert for urimelege økonomiske utslag som følgje av økonomien. Men kor stor svikten i inntekter og auken i utgifter blir, er for tidleg å seie.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger