Hopp til innhold

Oppfordrar folk å vise støtte til Sumaya Jirde Ali på kvinnedagen

Rådgjevar Susanne Kaluza i Trigger i Oslo håper folk vil gå med Sumaya Jirde Ali-masker for å vise støtte etter at Ali trekte seg frå 8. mars-arrangementet i Bergen på grunn av trugsmål og hets.

Susanne Kaluza med Sumaya Jirde Ali-maske

Rådgjevar i Trigger i Oslo, Susanne Kaluza, håper mange, uansett kva saker dei er opptekne av, vil bruke maska ho har fått laga av samfunnsdebattant Sumaya Jirde Ali.

Foto: Privat

Forfattar og samfunnsdebattant Sumaya Jirde Ali trekte seg frå markeringa av kvinnedagen i Bergen på grunn av hets og trugsmål på nett, skreiv Bergens Tidende sist torsdag.

På nettet skal ho blant anna blitt kalla «hettemåse», «trygdepudding» og «Akbarkjerring». Folk skal også på nett ha kome med oppmoding om å slå ring rundt henne, helle på bensin og tenne på.

Susanne Kaluza

Susanne Kaluza blei provosert over dei trugsmåla og hetsen Sumaya Jirde Ali fekk mot seg etter at ho hadde delteke i samfunnsdebatten. Kaluza har sjølv opplevd å få ubehagelege tilbakemeldingar etter at ho deltok i abortdebatten.

Foto: Caroline Tolfsen / NRK

Dette provoserte rådgjevar i PR-byrået Trigger, Susanne Kaluza, og bestemte seg for å vise at Ali ikkje er aleine.

– Eg meiner det er uhøyrt at nokon i Noreg blir truga med vald etter å ha delteke i samfunnsdebatten. Difor ønska eg å lage eit enkelt, men tydeleg symbol.

Ho fekk eit bilete frå forlaget til Ali, og kollegaer i Trigger hjelpte henne til å lage ei maske med ansiktet til Sumaya Jirde Ali som ho gjorde tilgjengeleg på nett.

Håper på mange masker

Sumaya Jirde Ali

Sumaya Jirde Ali trekte seg frå 8. mars-arrangementet i Bergen etter å ha fått trugsmål og hets på nettet.

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

Kaluza seier ho har fått mange tilbakemeldingar frå folk som seier dei støttar initiativet. Og no oppmodar ho folk som har tenkt til å gå i tog, om å bruke maska for å vise støtte.

– Uavhengig av kva saker ein støtter, håper eg folk vil bruke maska for å vise Sumaya Jirde Ali at ho ikkje er aleine. Dette handlar om dei grunnleggande verdiane i samfunnet vårt: humanisme menneskeverd og demokrati.

Kaluza har vore i kontakt med Sumaya Jirde Ali, som seier ho er glad for initiativet, og at det har vore med å hjelpe henne i den situasjonen ho er i.

Parolar for Ali i Bergen

Redaktør Charlotte Myrbråten i tidsskriftet Fett.

Sjølv om Ali måtte trekke seg frå arrangementet i Bergen, blir ho godt synleg, seier Charlotte Myrbråten i 8. mars-komiteen i Bergen.

Foto: Privat

Charlotte Myrbråten i 8. mars-komiteen i Bergen, der Sumaya Jirde Ali skulle ha delteke, seier dei jublar for initiativet som har kome frå Kaluza. Ho lover at sjølv om Ali ikkje skal delta i Bergen, kjem ho til å vere synleg i byen.

– Vi har planlagt parolar og slagord knytt til Ali. I tillegg skal vi lese opp dikta hennar. Og så kjem dette siste tilskotet med maskene, som er veldig kult.

Ho kallar trugsmåla som fekk 20-åringen til å trekke seg frå kvinnedagen i Bergen eit demokratisk problem.

– Difor er det fint at vi kan bruke denne dagen til å vise motstand mot at unge kvinner blir hetsa og truga vekk frå den offentlege debatten. Det er mange som kjem til å vise solidaritet med Sumaya og motstand mot dei som prøver å presse henne ut.

NRK har snakka med Jirde Ali, som ikkje ønskjer å gi nokre kommentarar til denne saka.

AKTUELT NÅ