Hopp til innhold

Bruker tvungen lønsnemnd i oljestreiken

Regjeringa grip inn med tvungen lønsnemnd i oljestreiken.

Marte Mjøs Persen

Arbeidsminister Marte Mjøs Persen

Foto: Annika Byrde / NTB

Arbeidsminister Marte Mjøs Persen (Ap) tar i bruk tvungen lønsnemnd for å stoppe oljestreiken, opplyser ho til NRK.

Arbeidstakarorganisasjonen Lederne tok frå midnatt ut 74 medlemmer i streik, noko som medførte at oljefelta Gudrun, Oseberg Sør og Oseberg Øst vart stengde.

Onsdag var det varsla ei opptrapping av streiken med 117 medlemmer til. Ei ytterlegare opptrapping laurdag ville resultert i at totalt 382 medlemmer vart tekne ut i streik.

– Uforsvarleg

Arbeidsministeren meiner konsekvensane av det er uforsvarlege med situasjonen Europa no står i.

Med det varsla streikeuttaket frå 9. juli, vil over halvparten av Noregs daglege gasseksport falle bort, skriv regjeringa i ei pressemelding.

Det vil føre til alvorlege konsekvensar for gassleveransar til Europa og EU, ifølgje arbeidsministeren.

– Det er uforsvarleg å la gassproduksjonen stoppe opp i eit så stort omfang som det er anslått at denne streiken dei neste dagane vil medføre, seier Persen.

Ho kalla derfor inn partane i konflikten inn til møte klokka 20 i kveld.

– Dei sa at her var det ingen moglegheit til å kome til einigheit, seier arbeidsministeren.

Skuffa og overraska

Lederne gjekk ut i streik for meir lønn for å møte den generelle prisveksten i samfunnet.

Leiaren i fagforeininga, Audun Ingvartsen er skuffa og overraska over at regjeringa grip inn mindre enn eit døgn inn i streiken.

– Først og fremst er eg skuffa over at det skjedde så raskt. Skuffelsen er størst over Norsk olje og gass. Vi kan berre spekulere i om dei har lent seg tilbake og håpa at regjeringa grip inn, seier han.

– Eg forstår regjeringa si grunngjeving, men det fritar ikkje arbeidsgivarsida frå å vere på bana.

Audun Ingvartsen, forbundsleder i Lederne

Audun Ingvartsen, forbundsleder i Lederne

Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

Fornøgde med at regjeringa grip inn

Forhandlingsleiar og direktør for arbeidsliv i Norsk Olje og Gass, Elisabeth Brattebø Fenne viser til ei pressemelding når NRK spør om ein kommentar til denne saka.

I den skriv dei at dei er nøgde med at regjeringa no grip inn i konflikten.

– Vi er fornøgd med at regjeringa forstår alvoret i situasjonen og tar grep for å sikre Noregs gode omdømme som ein påliteleg og stabil leverandør av naturgass til Europa, seier Fenne i pressemeldinga.

Bekymring i Europa

Viss opptrappinga vart eit faktum, anslo bransjeorganisasjonen Norsk olje og gass at inntektstapet vil vere på 1,8 milliardar kroner dagleg.

Analytikar Tore Guldbrandsøy i Rystad Energy sa til NRK tidlegare i dag at streiken skapte bekymring i Europa.

– Det er energikrise i Europa, og dei manglar gass. Dette heng sjølvsagt sterkt saman med krigen i Ukraina. Det er og eit stort bortfall av ytterlegare gassproduksjon frå Russland, sa han.

Oljestreiken: Skaper bekymring i Europa

Tore Guldbrandsøy

AKTUELT NÅ