Onsdag meldte NRK at vegselskapet Nye Veier registrerer bilistane sine mobiltelefonar når dei gjennomfører reisetidsanalyse. Selskapet har installert trafikk-teljarar på fleire strekningar tilknytta utbyggingsområda. Desse teljarane måler mot blåtann på mobiltelefonar i bilar, og hentar ut mellom anna tal på kjøretøy og gjennomsnittsfart.
Kommunikasjonsdirektør i vegselskapet Nye Veier, Christian Altmann
Foto: Frans Kjetså / NRKKommunikasjonsdirektør Christian Altmann stadfesta at dette skjer på fleire strekningar.
– Vi samlar inn opplysningar om trafikken ved hjelp av systemet CitySense. Det er selskapet COWI som har sett opp systemet langs utvalde strekningar som Nye Veier har ansvaret for, sa han.
Han slo fast at all data som blir henta inn blir kryptert og trunkert.
– Kryptering og trunkering betyr at dei enkelte data eller registreringar ikkje er lesbare.
Møtt med skepsis i Datatilsynet
Men fagdirektør Atle Årnes i Datatilsynet uttrykte skepsis til dette.
– Å kalle slike opplysningar for anonyme, og dermed påstå at det ikkje blir handtert opplysningar som kan koplast til ein person, blir etter vår meining feil, sa Årnes onsdag.
I dag seier Altmann til NRK at Nye Veier har meldt inn eit avvik til Datatilsynet, og at selskapet har sett all trafikkmåling på pause. Selskapet skal henta inn meir informasjon til alle sider omring personvernet er avklart.
Går i dialog med Datatilsynet
På nettsidene til Nye Veier står det
NRK hadde onsdag 26. august en sak om Nye Veiers reisetidsmålinger. Det ble blant annet stilt spørsmål ved om disse målingene innebar behandling av personopplysninger om trafikantene. Nye Veier har lagt til grunn at registreringene er anonyme. I lys av medieoppslagene har vi likevel valgt å se nærmere på om dette er riktig, samt å stanse reisetidsmålingene.
På nåværende tidspunkt behandles det ikke noen personopplysninger i tjenesten. Nye Veier har heller ingen informasjon om hvem som eventuelt har vært registrert der tidligere. Det er derfor ikke mulig å etterkomme forespørsler fra trafikanter om innsyn og sletting.
Nye Veier er i dialog med Datatilsynet, og vil sørge for at saken får en avklaring så raskt som mulig.
Åtte strekningar
Reisetidsanalysane som blei gjort ved hjelp av å fange opp blåtann-sognal frå bilistane sine mobiltelefonar, skjedde på desse fire strekningane:
● E39 Kristiansand – Mandal
● E6 Kvål – Melhus
● E6 Ranheim – Værnes
● E6 Moelv – Øyer
Planen var at reisetida på desse fire strekningane også skulle analyserast ved hjelp av blåtann-signala:
● E6 Øyer – Otta
● E6 Kolomoen – Moelv
● E18 Arendal – Grimstad
● E16 Kløfta – Kongsvinger
Alt dette er no lagt på vent.
Uroa over utviklinga
Atle Årnes i Datatilsynet arbeider med sporing i det offentlege rom, inkludert reisetidsanalysar. Han er generelt uroleg over utviklinga med registering av kor folk bevegar seg.
Fagdirektør i Datatilsynet, Atle Årnes
Foto: Ilja C. Hendel / © Ilja C. Hendel– Det å berre setja igang og plassera ut sensorar i det offentlege rom, då reagerer vi. Vi skal ikkje ha det slik at ein blir overvaka heile tida. Det gjeld både i vegnettet, i gågater eller i kjøpesentra. Å anonymt telje talet på personar på eitt enkelt punkt kan gjerast utan å utfordra personvernet.