Vegselskapet Nye Veier registrerer bilistane sine mobiltelefonar når dei gjennomfører reisetidsanalyse. Selskapet har installert trafikk-teljarar på fleire strekningar tilknytta utbyggingsområda. Desse teljarane måler mot blåtann på mobiltelefonar i bilar, og hentar ut mellom anna tal på kjøretøy og gjennomsnittsfart.
Fleire strekningar
Kommunikasjonsdirektør Christian Altmann seier dette skjer på fleire strekningar.
– Vi samlar inn opplysningar om trafikken ved hjelp av systemet CitySense. Det er selskapet COWI som har sett opp systemet langs utvalde strekningar som Nye Veier har ansvaret for, seier han.
● E39 Kristiansand – Mandal
● E6 Kvål – Melhus
● E6 Ranheim – Værnes
● E6 Moelv – Øyer
Analysane skjer ved at systemet registrerer blåtann-einingar som passerer dei ulike målepunkta. Når same eining har passert to målepunkt blir det rekna ut reisetid. Opplysningane blir analysert for å dokumentera korleis den gjennomsnittlege reisetida varierer frå time til time og dag til dag.
Altmann seier at all data som blir henta inn blir kryptert og trunkert.
– Kryptering og trunkering betyr at dei enkelte data eller registreringar ikkje er lesbare.
Analysane gir eit innblikk i når dei største forseinkingane oppstår. Frå neste kvartal er det planen at dette skal innførast også på strekningane
● E6 Øyer – Otta
● E6 Kolomoen – Moelv
● E18 Arendal – Grimstad
● E16 Kløfta – Kongsvinger
Skepsis i Datatilsynet
Atle Årnes er fagdirektør for teknologi i Datatilsynet, og arbeider med sporing i det offentlege rom, inkludert reisetidsanalysar. Når NRK legg fram desse opplysningane, rynkar han på nasa.
– Å samla opp informasjon som kan koplast til eitt individ på ein stad og så sjå om den same informasjonen kopla til same individ kjem til ein annan stad, er behandling av personopplysningar. At desse blir handtert ved å kryptera og trunkera opplysningane, vil likevel kunna kopla eit passerande individ til ein tidlegare plassering i stad og tid, seier han.
Dette betyr at dei som er ansvarlege for å handtera slike opplysningar skal sjå til at regelverket for behandling av personopplysninger er varetatt.
– Å kalle slike opplysningar som dette for anonyme, og dermed påstå at det ikkje blir handtert opplysningar som kan koplast til ein person, blir etter vår meining feil, seier Årnes.
Urovekkjande utvikling
Han er uroa over over utviklinga, og at det blir vanlig for kven som helst å setje opp sporingsutstyr i det offentlige rom.
– Det å berre setja igang og plassera ut sensorar i det offentlege rom, då reagerer vi. Vi skal ikkje ha det slik at ein blir overvaka heile tida. Det gjeld både i vegnettet, i gågater eller i kjøpesentra. Å anonymt telje talet på personar på eitt enkelt punkt kan gjerast utan å utfordra personvernet.
Årnes meiner slike registeringar kan gjerast ved å spørja folk om samtykke via ein app, og at det kunne vore ei løysing her også.
Du kan lesa meir om sporing i det offentlege rom her
Har vurdert personvernet
Nye Veier opplyser til NRK at det er gjort uavhengige vurderingar av om personvernforordninga (GDPR) gjeld for tiltaket, og skreiv dette til NRK i juni:
«Konklusjonen er at det ikkje blir behandla identifiserbare personopplysningar, og at regelverk derfor ikkje gjeld. Vurderinga er basert på at MAC-adressa, som potensielt kan identifisera enkeltpersonar, umiddelbart og automatisk blir anonymisert før opplysningane blir registrert i systemet. MAC-adresser bli altså ikkje lagra. Det inneber mellom anna at det ikkje er informasjonsplikt overfor publikum, i tråd med GDPR art. 13 flg.»
Men komunikasjonsdirektør Christian Altmann i Nye Veier seier no til NRK at dei tar Datatilsynet sin reaksjon på sporing av bilistar via mobiltelefonane på største alvor.
– Vi skal sjølvsagt gå i dialog med Datatilsynet dersom dei meiner at det er ytterlegare tiltak som bør gjerast for å sikra personvernet. Det er ingen tvil om at vi skal gjera det, seier han.