– I anstrengde kraftsituasjonar er det viktig med oppdatert informasjon til forbrukarane om eige forbruk. På den måten er dei betre førebudde dersom kraftsituasjonen forverrar seg, opplyser seksjonssjef i NVE, Thor Erik Grammeltvedt på direktoratet sine heimesider.
- LES OGSÅ: Brukte rekordmye strøm i 2010
Uvanleg dyr vinter-straum
Fyllingsgrada i norske vassmagasin er uvanleg låg, og NVE spår at straumprisane vil halda seg på eit historisk høgt nivå gjennom heile vinteren.
- LES OGSÅ: Nå kommer sjokkregningene
På grunn av den kritiske situasjonen i kraftmarknaden, går NVE no ut med eit brev til alle nettselskap og kraftleverandørar i landet.
I brevet vert selskapa og leverandørane varsla om at dei kan bli pålagde å innføra særskilte krav til rutinar for avlesing, fakturering og informasjon om straumforbruk.
– Bevisstgjering
– Straumkundane kan sjølv vera med på å redusera straumrekninga si gjennom å avgrensa straumbruken. Hyppigare målaravlesing og fakturering er med på å bevisstgjera forbrukarane, meiner Grammeltvedt.
Det er forskrifta om måling og avrekning som gjev NVE heimel til å påleggja nettselskap og kraftleverandørar å innføra krav til nye rutinar i kritiske energisituasjonar.
Grammeltvedt understrekjer at det på noverande tidspunkt ikkje er aktuelt å innføra slike krav, men at dei varslar om ei evetuell rutineendring no, slik at dei er budde dersom det kjem eit pålegg.
- LES OGSÅ: Gir 320 millionar i straumstøtte