Hopp til innhold

Studie: E-sigarettar meir effektive enn nikotinplaster og tyggegummi

Ein ny britisk studie viser at e-sigarettar er dobbelt så effektive som nikotinplaster og tyggegummi om du skal slutte å røyke. Norsk forskar meiner det bekreftar det norske brukarar har hevda lenge.

e-sigarett

E-sigarettar har vist seg å vere svært effektive for å få folk til å slutte å røyke. Ei ny britisk studie viser at dei er dobbelt så effektive som nikotinplaster, spray og tyggegummi.

Foto: EVA HAMBACH / AFP

Nesten 900 personar deltok i undersøkinga, som er publisert i New England Journal of Medicine.

Resultata viser at 18 prosent av dei som valde e-sigarettar som avvenningsmåte heldt seg borte frå tobakk i eitt år, medan 9,9 prosent av dei som valde nikotinplaster, spray og tyggegummi klarte å slutte.

– Det er første gong vi har klart å vise kor effektive moderne e-sigarettar er i røykeavvenning. Dei er nesten dobbelt så effektive som det vi reknar som den beste kombinasjonen av andre nikotinerstatningar, seier professor Peter Hajek ved Queen Mary University i London, som har leia studien til AFP.

Studien viser også at mange av dei som bytta til e-sigarettar heldt fram med å dampe etter at eitt år var gått.

Ny metode

Tidlegare undersøkingar har ikkje kome fram til same resultat. Men der ein tidlegare har delt ut produkt testpersonane skal bruke i røykeavvenning, har dei denne gongen sjølve fått setje saman ein kombinasjon av anten nikotinerstatningar eller e-sigarettar.

Karl Erik Lund

Seniorforskar Karl Erik Lund ved Folkehelseinstituttet meiner det er positivt at e-sigarettar ser ut til å ha god effekt på røykekutt.

Foto: Folkehelseinstituttet

Det er ein styrke ved denne undersøkinga, seier seniorforskar Karl Erik Lund ved Folkehelseinstituttet til NRK.

– Dei som bruker e-sigarettar treng ofte tre månader på å finne det nikotinnivået, smaken og batteristyrken som funkar best. Måten denne undersøkinga er lagt opp på ligg nærare på korleis ting er i den verkelege verda, og det kan vere ein grunn til at dei har fått det resultatet dei har fått.

Lund har forska blant anna på bruken av e-sigarettar i Noreg. Han seier undersøkinga viser noko norske brukarar har peika på lenge, og er ikkje uroa over at så mange held fram med å dampe e-sigarettar etter å ha kutta tobakken.

– E-sigaretten har ein skadegrad på om lag fem prosent av sigarettrøyking. Mange av dei som byter ut dei tradisjonelle sigarettane med e-sigarettar, er ute etter både risikoreduksjonen og det å framleis kunne nyte nikotin. Dei har ikkje eit mål om å bli nikotinfrie. Røykarane døyr ikkje av nikotinen, men av tjære, kullos og andre gifter.

Vil ha smaksregulering

Men e-sigaretten slår også godt an blant unge.

I USA auka bruken blant elevar på vidaregåande med 78 prosent frå 2017 til 2018, skriv AFP. Det uroar styresmaktene som no vurderer å redusere talet på smakar for å gjere e-sigaretten mindre attraktiv for ikkje-røykarar.

Men Lund meiner det er ein dårleg idé, og meiner vi må sjå den helsegevinsten det gir at røykarar går frå sigarettar til e-sigarettar opp mot faren for at unge ikkje-røykarar startar å røyke.

– Det å gå frå sigarettrøyking til e-sigarett har ein formidabel helsegevinst for røykarane. Det å begynne med e-sigarettar for unge ikkje-røykarar vil berre føre til ein liten risikoauke. Difor må svært mange ikkje-røykarar begynne med e-sigarettar for å utlikne helsegevinsten frå kvar røykar som bytter ut sigarettane med e-sigarettar.

Ifølgje Lund viser statistikken til Folkehelseinstituttet at 97 prosent av dei som begynner med e-sigarettar er røykarar, medan tre prosent ikkje røykte frå før.

Han meiner difor det er viktigare med tiltak som kan få røykarar til å bytte til e-sigarettar enn tiltak som hindrar ikkje-røykarar å begynne med e-sigarettar.

AKTUELT NÅ