Hopp til innhold

NSM åtvarar om utanlandske skytenester: Vil sikre nasjonal kontroll

Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) er uroa over at norske verksemder, både offentlege og private, sivile og militære, har gjort seg avhengige av skytenester drifta i utlandet.

NorCERT

Nasjonal tryggingsorgan (NSM) er ekspertorgan for informasjons- og objektsikring. På Nasjonalt cybertryggingssenter (NCSC) følgjer dei med for å avsløre dataangrep i Norge.

Foto: Heiko Junge / NTB

NSM er bekymret for den samlede nasjonale avhengigheten av utenlandske skytjenesteleverandørar.

Sitatet er henta frå ein ny rapport frå NSM. Assisterande direktør i NSM, Helge Rager Furuseth, seier til NRK at mange samfunnskritiske funksjonar brukar skytenester levert frå utlandet.

– Ulempene er at ein ikkje sjølv har fullstendig oversikt over kor data blir lagra, kor data blir prosessert og kor tenester blir levert frå, seier Furuseth.

NSM: Naudsynt med nasjonal kontroll

Skytenester er ei samlenemning på alt frå datalagring til programvare som ligg på servarar som er tilgjengelege via internett.

NSM åtvarar mot at verksemder ser seg «blind på lave kostnader alene», som det står i rapporten.

Rapporten, som har namnet «Helhetlig digitalt risikobilde 2020», blir offentleggjort fredag. NSM er i utgangspunktet positive til at verksemder nyttar seg av skytenester, sidan det har mange fordelar. Men: Berre dersom det blir gode og riktige vurderingar i forkant.

Og det er det ikkje alle som gjer, meiner NSM.

Assisterende direktør i NSM, Helge Rager Furuseth

Assisterande direktør i NSM, Helge Rager Furuseth, meiner det er naudsynt at visse tenester er under nasjonal kontroll.

Foto: Erlend Rønneberg / NRK

Det som uroar mest er at verksemder som er avgjerande for at samfunnet skal fungere, spesielt i krisesituasjonar, har gjort seg avhengige av tenester som er drifta frå utlandet. I rapporten står det:

Ved å tjenesteutsette IKT-systemer som bærer kritiske samfunnsfunksjoner; eksempelvis i form av skytjenester, kan vi komme til å svekke vår nasjonale beredskapsevne.

– Det er naudsynt at visse tenester er under nasjonal kontroll, seier Furuseth.

Han fortel at det er verksemder, som har kritisk samfunnsmessig betydning, blant dei som ikkje har gjort gode nok vurderingar. Det er spesielt knytt til to ting:

  • Om informasjon blir lagra på ein trygg og sikker måte, utan fare for lekkasjar
  • Om alt vil fungere også under krise, krig og konflikt

Føreslår nasjonal skyteneste

Furuseth i NSM meiner det bør vurderast å etablere ei «offentleg sky» på norsk jord, for å sikre nasjonal kontroll.

I Tyskland har dei etablert si eiga skyteneste for lagring av all offentleg informasjon. Den tyske staten meinte det var for risikabelt å kjøpe skytenester i marknaden.

Statssekretær Lars Jacob Hiim i Justis- og beredskapsdepartementet seier til NRK at dei jobbar med å sjå på korleis dette kan løysast i Norge, og at dette er eit arbeid som også NSM er involvert i.

AKTUELT NÅ