NRK og rettsorganisasjonen Norwaco har i haust forhandla om kva som er rimeleg betaling for at NRK kan la eldre program vere ope tilgjengeleg i strøymetenestene NRK TV og NRK Radio.
Førebels har ikkje forhandlingane ført fram, opplyser Norwaco.
Betalinga gjeld ikkje NRK-tilsette, men mellombels innleidde frilansarar og kunstnarar som har bidrege til produksjonane.
Viss partane ikkje blir samde om ein ny avtale, må alle program sende før 1997 blir fjerna frå arkivet seinast ved midnatt nyttårsaftan. Nyare program kringkasta mellom 1997 og 2015 kan heller ikkje publiserast digitalt.
Avgrensa bruk i 2020
NRK betalte opphavleg berre for lineær bruk.
– Når NRK ønskjer å bruke programma på ein annan måte og i ein heilt anna utstrekking, er det rimeleg at dei som har bidrege får betalt for den nye bruken, seier leiar Elisabeth Sjaastad i Norsk Filmforbund og representant for medlemsorganisasjonane i Norwaco.
Fram til 2019 var det årlege vederlaget til Norwaco på 19 millionar kroner. I 2020 kom partane ikkje til semje om ein ny avtale, men vart samde om ei mellombels løysing der NRK betalte 9 millionar kroner for ein avgrensa bruk av arkivet.
Ingen avtale for Himmelblå
Dei fleste produksjonar frå perioden 1997 til 2015 har det ikkje vore nokon avtale for, til dømes Himmelblå, Berlinerpoplene og Kodenavn Hunter, Kampen for tilværet og Koselig med Peis.
Tono, Norske Dramatikeres Forbund, Norske Filmregissører, Creo, Norsk Filmforbund og Norsk Skuespillerforbund er blant dei 31 organisasjonane som har underteikna oppropet.
(©NTB)