Hopp til innhold

Pia (27) må gå dobbel legeturnus fordi ho har studert i Danmark

Pia er snart ferdig med turnusen i Danmark, men må i ny turnus når ho skal heim til Noreg. – Sløseri av ressursar, meiner leiar i Norsk medisinstudentforening.

Pia Paloma Vasquez

Pia Paloma Vasquez er no i turnus i Danmark. Ho ynskjer å flytta heim att til Noreg for å jobba som lege. Då må ho i ny legeturnus.

Foto: Privat

– Den beste ordninga hadde sjølvsagt vore at vi hadde fått godkjent turnusen vår her i Danmark som tilsvarande turnus i Noreg, seier Pia Paloma Vasquez som no er i turnusteneste i Danmark.

Ho må i ny turnusteneste når ho kjem heim att til Noreg.

Amalie Kollstrand

Amalie Kollstrand er legestudent i Danmark, og sit i eit helsepolitisk utval i ANSA. Ho meiner ordninga om å gå dobbel turnus er ineffektiv.

Foto: Privat

– At vi må gå i dobbel turnus, er ineffektivt både for vi som studerer i Danmark og for helsetenesta i Noreg.

Det seier Amalie Kollstrand. Ho er sjølv legestudent på femte året i Danmark. I tillegg sit ho i eit helsepolitisk utval i ANSA, organisasjonen for norske studentar i utlandet.

– Ein flaskehals

I Noreg søkjer ein «Lege i spesialisering»-stilling (LIS 1) etter gjennomført utdanning.

Stillinga omfattar praksis på sjukehus og i kommunal helse- og omsorgsteneste.

Denne ordninga må òg dei norske medisinstudentane i Danmark søkja til. Trass i at dei har hatt praksis i Danmark.

Vasquez kallar ordninga ein flaskehals.

– Det blir fleire og fleire søkjarar, og flaskehalsen blir berre trongare og trongare, seier ho.

Pia Paloma Vasquez

Vasquez meiner at medisinstudentane som har studert i Danmark kunne frigjort nokre av turnusplassane i Noreg om ordninga blir endra på.

Foto: Privat

– Sløseri av ressursar

Maja Elisabeth Mikkelsen, leiar i Norsk medisinstudentforening, fortel at det i 2019 var estimert at Noreg hadde behov for 1300 legar. Dette blei gjort som ei behovsframskriving av Statistisk sentralbyrå, og er dei nyaste tala.

– I dag har vi 716 studieplassar på medisin i Noreg. Grunna misforholdet mellom legebehov og utdanningskapasitet er den norske helsetenesta avhengige av at rundt 500 norske studentar tar medisinutdanning i utlandet kvart år, seier ho.

– Ettersom vi i så stor grad er avhengige av å «importera» legar frå utlandet for å dekkja behovet i helsetenesta snakkar vi om at vi har ein legemangel, legg ho til.

Mikkelsen fortel vidare at kapasiteten på LIS 1-stillingar også er pressa.

Maja Elisabeth Mikkelsen

Maja Elisabeth Mikkelsen, leiar i Norsk medisinstudentforening.

Foto: Privat

– I dag er det ein kapasitet på 1088 stillingar i LIS 1 per år. Vi meiner at vi treng minst 1150 LIS-stillingar seier ho.

Også ho seier det er ineffektivt og «sløseri av ressursar» å stilla krav om at dei nyutdanna legane frå Danmark må gå dobbel turnus.

Mikkelsen fortel at det i 2019–2020 var 3069 norske medisinstudentar i utlandet. Per 1. oktober 2020 studerte 353 av dei i Danmark.

Ho meiner at det bør leggjast til rette for at den danske turnusen blir godskrive som delar av LIS 1.

– Å godkjenna dansk turnus som LIS 1 vil gi ein betydeleg lette køen, seier ho.

Sak i Høgsterett kan gje presedens

Amalie Kollstrand kallar kravet om å gå dobbel turnus for «fullstendig byråkratisk».

Ho håpar at Helsedirektoratet ser alvoret ved legemangel og den pressa turnustenesta.

– Vi håpar dei sjølve tek initiativ til ei endring, sidan dei har ansvaret for godkjenninga, seier ho.

Karin Straume, fagdirektør i Helsedirektoratet, seier at dei held seg til reglar som er fastsett i eiga forskrift.

Ho fortel vidare at forskrifta er samkøyrt med reglar i EØS.

Karin Straume i Helsedirektoratet.

Karin Straume, fagdirektør i Helsedirektoratet.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Det er Helse- og omsorgsdepartementet som er ansvarleg for forskrifta, legg ho til.

Høgsterett har no ei sak om godkjenning av dansk tannlegeutdanning liggjande på bordet.

I samband med saka har EFTA-domstolen kome med råd til Høgsterett.

Råda handlar om korleis reglar for godkjenning av yrkeskvalifikasjonar skal tolkast.

Reglane kjem som følgje av EU sitt yrkeskvalifikasjonsdirektiv og EØS-regelverket. Dagens Medisin omtalte dette først.

– Dei rådgivande fråsegna vil ha tyding for Helsedirektoratet sin godkjenningspraksis, seier Maria Jahrmann Bjerke, statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet til NRK.

Maria Jahrmann Bjerke, statssekretær HOD

Maria Jahrmann Bjerke, statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet.

Foto: Borgos Foto AS

Vurderer praktiske konsekvensar

Bjerke fortel at departementet no samarbeider med Helsedirektoratet og Kunnskapsdepartementet.

Saman vurderer dei kva for nokre praktiske konsekvensar råda vil kunne ha.

Amalie Kollstrand håpar at saka blir behandla så fort som mogleg, men departementet har ikkje sett eit tidspunkt for når saka skal vera ferdigbehandla.

– Vi kan ikkje anslå når det blir klart kva for nokre konsekvensar dei rådgivande fråsegna vil kunna ha for godkjenningspraksisen til Helsedirektoratet overfor ulike grupper, seier Bjerke.

AKTUELT NÅ