Hopp til innhold

Norsk Industri-hytta: 129 sjøfly-turar til området

Stein Lier-Hansen sitt namn står på landingsløyva. – Alt har skjedd i samsvar med regelverket, seier han.

Norsk industris hytte på Dargesjå

Denne hytta ved Dargesjåen på Hardangervidda blei brukt som jakthytte, betalt av Norsk Industri.

Foto: BJARNE HEYERDAHL SÆTRANG

All motorferdsel på Hardangervidda skal vere naudsynt og er strengt regulert. Det betyr at det er avgrensa kor mange gonger fly får lov til å lande i området.

Norsk Industri betalte i ei årrekke for at avgått administrerande direktør Stein Lier-Hansen og gjestane hans fekk bruke eksklusivt jaktterreng og ei lita jakthytte.

Arbeidsgjevarorganisasjonen betalte også kring 2,3 millionar kroner for transport med sjøfly, ifølge styret.

Det var E24 som omtalte turane først.

Hytta ved Dargesjåen ligg avsides til på Hardangervidda, kring seks timar å gå frå allfarveg. Eit godt alternativ synte seg å vere sjøfly.

For åra 2015 til 2023 er det loggført 129 landingar på Dargesjåen, viser tal NRK har fått innsyn ifrå Tilsynsutvalet for Hardangervidda – Telemark.

På landingsløyva er det Stein Lier-Hansen sitt namn som er oppført.

NRK har bede Lier-Hansen stadfeste talet på turar.

– Det tar tid å sjekke ut alle detaljane om dette, skriv han i ein SMS.

Det er Tilsynsutvalet for Hardangervidda som rapporterer om motorferdsla, som inkluderer flygingar.

– I samanliknbare jaktområde i nasjonalparken, der det er bygdefolk som jaktar, er tilsvarande tal på landingar svært mykje lågare, seier Bjørn Bjørnsen.

Les også NHO-sjefen: Viktig at vi kommer til bunns i denne saken

Stein Lier-Hansen møter pressen i forbindelse med meklingen i lønnsoppgjøret for 2023.

Han er sekretær for tilsynsutvalet som har ansvar for Telemark-delen av nasjonalparken. I eitt anna kringliggande jaktterreng er flybruken «like intens», ifølgje han.

Hardangervidda

Hardangervidda er Noreg sin største nasjonalpark Nord-Europa sitt største høgfjellsplatå. Eit område på 3.422 kvadratkilometer blei nasjonalpark i 1981.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth

NRK har stilt Lier-Hansen fleire spørsmål om flybruken (sjå faktaboks).

– Alt har skjedd i samsvar med regelverket. Utover det har eg ingen kommentar, skriv Lier-Hansen til NRK.

Flytrafikk fire dagar på rad

Motorferdsle i ein nasjonalpark er strengt regulert, både gjennom lov om motorferdsel i utmark og etter verneforskriftene.

Sameige Maarfjell, som eig jaktområdet Lier-Hansen har disponert og kring 13 andre område, har samla løyve til å lande 65 gonger i året med lufttransport, for å transportere jegerar og utstyr.

Dersom eit jaktlag skal flyge ut kjøt frå Dargesjå, finst det derimot inga avgrensing på talet turar, ifølgje tilsynsutvalet.

Av dei i alt 129 landingane knytt til Lier-Hansen, er 67 av dei registrerte som henting av kjøt.

– Det er overlate til jegerane å utvise skjønn for kva som er naudsynt transport, seier Bjørnsen.

Les også Brukte over 18,2 millionar kroner på representasjon

Stein Lier-Hansen i Norsk Industri

Å jakte rein på Hardangervidda er eksklusivt.

For heile 2021 er det opplyst om 25 landingar på Dargesjå knytt til Lier-Hansen.

Flygelistene viser ein svært travel jaktsesong denne hausten. I løpet av to månader er det registrert 17 kjøtturar, nokre gonger fleire dagar etter kvarandre.

– Det er veldig mange turar i forhold til det som er transportbehovet for kjøt, seier Bjørnsen i tilsynsutvalet.

Det blei mellom anna rapportert om henting av kjøt på Dargesjå 12., 15., 17., 18., 19., 20., 24., 26. og 28. september.

NRK har rekna på kor mykje kjøt ein kan ha fått med seg på så mange turar.

Netto snittvekt for eit reinslakt er cirka 25 kilogram (kg). Ifølgje Bjørnsen løfter eit sjøfly 300–350 kg.

– Felling av 30 villrein på eit terreng av denne typen i løpet av ein jaktsesong vil vere eit godt resultat.

Dersom ein går ut ifrå at kvart fly tok med seg halvparten av den maksimale nyttelasten på dei i alt 17 kjøtturane, svarer det til kring 102 dyr.

NRK har bede Lier-Hansen kommentere det høge talet kjøtturar med fly.

– Det er vanskeleg for meg å kommentere ettersom ei rekkje forhold avgjer behovet for turar, ut frå sikring av kjøtet med tanke på fellingstidspunkt, temperaturar og behovet for raskt å kome til kjølerom, skriv Lier-Hansen.

Utvidar gransking

Etter det kom fram at Lier-Hansen disponerte hytta og området på Norsk Industri si rekning, la arbeidsgjevarorganisasjonen fram ei oversikt over kostnadar.

Totalt har det vore kostnader knytt til jakt og fiske, inkludert sjøfly, på 10,7 millionar kroner over ni år.

Tysdag blei det kjent at Norsk Industri har hyra PwC for å gjennomføre ei utvida gransking av Lier-Hansen sin pengebruk.

Lier-Hansen har torsdag ettermiddag engasjert advokatane Liv Monica Stubholt og Stian Berger Røsland frå advokatfirmaet Selmer til å bistå han, får NRK opplyst.

AKTUELT NÅ