Filmen er regissert av Halfdan Ullmann Tøndel, som er sonen til Linn Ullmann og barnebarnet til Liv Ullmann og Ingmar Bergman.
Han har også skrive manuset.
Det er første gong ein norsk regissør får ein pris under hovudkonkurransen under Cannes-festivalen.
Filmen blei vist i sideprogrammet til festivalen og tidlegare veka fekk filmen ein pris for beste lydarbeid.
– Det er heilt vilt. Eg var eigentleg heime i Oslo og spelte fotball med sonen min. Så fekk eg ein telefon om at eg måtte kome tilbake til Cannes, seier Halfadan Ullmann Tøndel til NRK.
Han flaug via Zürich, men rakk akkurat ikkje utdelinga.
Produsent Andrea Berentsen Ottmar er særs nøgd då vi fekk tak i ho rett etter at prisen var eit faktum.
– Dette er heilt fantastisk, vi er heilt overvelda, seier Ottmar til NRK.
– Kva trur du er årsaka til at juryen valde ut «Armand»?
– Eg håpar og trur at dei har sett det originale og unike han har gjort. Han har ei veldig unik registemme som har kome tydeleg fram i debuten sin.
Ottmar håpar prisen er inspirerande og motiverande for alle som jobbar med norsk film.
– Eg synest det er utruleg at vi kan vise oss på dette nivået. Vi høyrde jo når vi var i Cannes at det er ei slags «Norsk bølge» no. Den tenker eg vi må ri på alle når vi kan.
Handlinga i filmen går føre seg på ein skule der alle elevane nettopp har tatt sommarferie og filmen blei spelt inn på den 100 år gamle Aspøy skule i Ålesund i fjor sommar.
Rektor Ann Elin Wiig Haadem synest det er stas.
– Veldig gøy med pris! Vi på Aspøy skole føler jo Armand er bittelitt vår. For eitt år sidan snudde filminnspelinga opp ned på skulen vår i fleire veker.
Både tilsette og elevar bidrog med alt frå teikningar, gardinsying og statistar.
– Vi blei kjent med masse flotte folk i produksjonen, og fekk sjå på nært hald kor komplisert ei filminnspeling er. No gler vi oss til Noregspremiere i september, seier ho til NRK.