På ein pressekonferanse i ettermiddag gjorde Norman nøye greie for dei tilfella der han har brukt meir pengar på representasjon enn det departementet sine satsar tilseier. Norman sa seg lei for dette og for at han hadde lånt eit piano i departementet til husværet sitt i Oslo.
Victor Norman fotografert på pressekonferansen i ettermiddag. (NRK-foto)
Orsaking
Han bad også om orsaking for at han hadde fått ein radio- og CD-spelar til husværet. Både pianoet og CD-spelaren skal no vere levert tilbake. No kjem han til å ta med toradaren sin til Oslo, sa han, og han kom samstundes med eit nabovarsel til naboane sine på Frogner om kva dei har i vente.
Han sa likevel at det truleg var langt billegare for deparmentet at han fekk låne pianoet, enn å betale for frakta av det private pianoet hans frå Bergen til statsrådbustaden i Oslo.
Statsråden gjorde det også klart at han ikkje har tenkt å trekkje seg som statsråd, men at medieoppstyret i det siste likevel hadde vore såpass slitsamt at han hadde lurt på om det var verd det.
Misvisande
Victor Norman sa også på pressekonferansen at framstillinga i media på ein del punkt var misvisande. Samstundes roste han pressa for å ha gjort ein god jobb i denne saka, og at det er rett å vere kritisk, spesielt overfor folk i høge stillingar.
Han uttrykte også forståing for at saka har vekt sterke reaksjonar hos vanlege folk.
Arbeids- og administrasjonsminister Victor Norman bad tidlegare i dag statsminister Kjell Magne Bondevik om orsaking for at han har brote dei interne reglane i regjeringa for representasjon.
På teppet
Han vart kalla inn på teppet hos statsminister Kjell Magne Bondevik i dag. Der fekk han klar melding om at regelverket skal etterlevast.
I ei pressemelding frå statsministeren sitt kontor heiter det at møtet handla om representasjonsutgifter.
Statsminister Kjell Magne Bondevik har understeka overfor statsråden at regelverket skal følgjast, og Norman har bede om orsaking for at dette i enkelte tilfelle ikkje har skjedd, heiter det i pressemeldinga frå Bondeviks informasjonssjef Øyvind Østvang.
Fersking
På ein dag som denne kan det vere verd å merkje seg kva Victor Norman sa då han som politisk fersking kom inn i regjeringa til Kjell Magne Bondevik hausten for to år sidan.
- Eg kan ikkje politisk handverk og kan kome til å gjere ein del feil i byrjinga, sa den ferske arbeids- og administrasjonsministeren då han omgitt av pressefolk og blomar inntok det nye kontoret sitt i Akersgata 59.
Victor Norman vart fødd i Risør i Aust-Agder for 57 år sidan. Før han vart statsråd regjeringa Bondevik var han professor i samfunnsøkonomi ved Handelshøskulen i Bergen, ei stilling han no har permisjon frå.
Han har vore aktiv i den offentlege debatten, blant anna som fast spaltist i Dagens Næringsliv.